Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

lørdag 26. juli 2025

Kollektivt

Det heiter å reisa kollektivt. Det høyrest edelt og nesten litt etisk ut – som ein slags moderne pilegrimstur, berre med bussapp i staden for Bibel. Ein deler både transportmiddel og samvit. På Vestlandet har det lenge vore slik at du får ei privat rundreise arrangert av Skyss og stort sett finansiert av Vestland fylke. Men ikkje i dag. I dag var det folk. Menneske. Ein god flokk, faktisk. Ungdommar med musikk på øyra, vaksne med sekkar og kvardagsblikk, pensjonistar med tryggheit i steget og ein småbarnsfamilie som fylte både to seter og halve luftrommet. Det kjendest nesten som rushtid – utan hastverk. Turen min byrja på Husnes Terminal. Eit namn som lovar meir enn det leverer. Det høyrest ut som eit knutepunkt for verdsreisande, men ser ut som ein betongbunker som Skyss arva etter tyskerkrigen. Det luktar noko udefinerbart – kanskje det er håplaus venting. Men i dag var det summing. Små samtalar. Noko levande. Bussen kom rullande inn som eit stille håp. Eg steig om bord saman med dei andre – folk med kvar sine grunnar til å reisa. Nokre skulle nok langt, andre berre til Dimmelsvik. Me bar alle på noko. Nokre bar det i ryggsekken, andre i auga. Ruta gjekk til Årsnes, ein slentrande veg langs fjorden, forbi småbruk med sauer, støtteordningar, campingvogner og traktorar med møkkavogn. Bak rattet sat ein sjåfør med stemme som ein lokal radiomann – trygg, roleg og full av den typen autoritet som får deg til å tru at ferja alltid vil venta på oss. Og frå høgtalaren tala ho – bergensdama som kunne ha vore Erna Solberg på sommarjobb: «Neste stopp: Dimmelsvik.» Ferje 1: Årsnes–Gjermundshamn. Me køyrde rett på ferja og fekk frontplass – som ein slags representasjon frå Distrikts-Noreg på delegasjonsreise. Ombord sat eg med ein kopp kaffi så mørk og tjukk at den kunne vore brukt som terrassebeis. Eg prøvde å lesa i ei bok om ein einsam mann som ligg med naboen, men måtte leggja ho vekk. Fjorden var vakrare, og Troikaen saftigare med sine lag av marsipan, trøffel og bringebægelé.
Gjermundshamn viste seg fram som det den er, korkje betre eller verre. Ein gløymd utpost. Bussen, som hadde venta trufast på ferjedekket, rulla vidare gjennom små tunellar, langs svingar og forbi fjøs med meir sjel enn mange nybygg på Laksevåg. Det var oss, vegen, Radio Norge – og så klart Erna: «Neste stopp er Gravdal.» Og eg som trudde ho gjekk av på Varaldsøy. Neste etappe tok oss til Venjaneset, og no byrja det verkeleg å likna ei reise i ein stillferdig vestlandsdokumentar. Bussen var framleis godt fylt. Folk kom og gjekk, men me var sjeldan færre enn ti. Ingen bilar i mot, berre sauer langs grøftekanten som såg ut som dei eigde både tida og landskapet. Me kom fram i god tid. Så god at eg byrja å lura på om eg var på feil dag. Ferje 2: Venjaneset–Hatvik. Endå ein overfart. Fjorden låg der – blank, taus og med evna til å få meg til å gløyma kvar eg skulle. Eg sat inne og åt ein bolle som hadde vore med på fleire ferjereiser enn meg. På nabobordet spelte ein mann sjakk mot mobilen sin. Han tapte – men tok det pent. Så kom Hatvik. Så Os. Så Nesttun. Så Bergen. Etter to ferjer, same buss og mykje ettertanke rulla vi endeleg inn i Bygarasjen i Bergen. Ingen steig på i Os. Det er ikkje lov. «Berre avstiging her,» sa sjåføren med radiorøysta. Det kjendest eksotisk. Prisen? 65 kroner med honnør og app. Ein særs rimeleg billett til tre timar og førti minutt med eksistensiell ro, vestlandsutsikt og lun refleksjon over det kollektivt kollektive. Kvifor reiser ikkje fleire slik? Kanskje dei ikkje veit at bussen faktisk går – både langt og ofte presist. Kanskje dei aldri har opplevd luksusen ved å reisa utan stress, i godt selskap, gjennom landskap som er betre enn Netflix. Eller kanskje dei berre ikkje finn Husnes Terminal – Noregs kanskje mest minimalistiske krigsmuseum.

tirsdag 15. juli 2025

Om å leva - og lika det

Eg har lært at livet ikkje kjem i store jafs, men i små bitar – og det gjeld å smaka på dei medan dei er ferske. Så sommaren hittil? Ja, han kom som ein engel når han kom. Som ein gammal kjenning som veit at han ikkje treng gjera seg til. Eg sit på altanen, drikk kaffi, og let dagane gli forbi – ikkje forbi meg, men gjennom meg. Og medan eg sit slik og smakar på sommaren, kjem minna frå ein annan stad og ei anna tid. Frå garden på Myklebust, sør for Haugesund. Der gjekk eg barføtt i graset, med mjølkebøtter og brennmanetar i tankane (dei sat i sjela, sjølv om dei heldt seg til sjøen). Kyrne stod og brumma på beitet, og eg – ein gutunge med visne nevar – sat på krakk og mjølka, rett i spannet. Ingen maskin, berre hand og jur, mjølkestraum og flogesurr. Det var hardt arbeid, men òg ei rytme. Ei ro. Eit slags urtrommeslag som eg enno kan kjenna i fingrane. Sidan den gongen har eg gått mange stiar – frå beitemark til bygate, frå møkkalukt til parfyme av fransk sennep. Denne sommaren tok eg turen tilbake til København. Igjen. Det har blitt ein tradisjon no, nesten rituelt. Jazzfestivalen i juli. Eg har vore der så mange gongar at eg snart får fast plass ved bordet på Bartofskafé
Der sit me – eg og ho eg held i handa – og lyttar til gitarar som riffar og bass som svingar som ein halvvåt badekåpe i sommarbris. Me har drukke kald kvit, nikka til rytmar me ikkje heilt forstår, og hatt det uforstyrra godt. For kva meir kan ein krevja enn å få vera til stades i sitt eige liv, med musikk i øyret, kvitvin i glaset og gode vener rundt bordet. Heime har det òg vore hygge. Grill i hagen, latter frå seniorar med livserfaring og sans for både saus og song. Det dansast kanskje ikkje så mykje, men smila sit laust – og smil kan òg ha rytme. Eg har kjent meg takksam for både dei som var der, og dei eg tenkte på medan eg vende kjøttet og heldt auge med potetsalaten.
Og det er dette eg har kome fram til, medan sommaren har rusla forbi: Dei beste stundene er ikkje nødvendigvis dei største. Dei er ofte dei mest enkle. Eit spann med lun mjølk frå ei tolmodig ku. Eit jazzriff på ei dansk ølstove. Eit smil over grillen. Dei små mosaikkbitane som til saman utgjer eit liv. For livet, det er kanskje ikkje eit kunstverk du heng på veggen. Det er meir som eit langbord i hagen: nokre bitar er skeive, andre perfekte – men saman blir det eit festmåltid. Og det beste? Sommaren er berre så vidt i gang. Det finst fleire bitar å samle, fleire songar å høyre, fleire kaffikoppar å løfta mot blå himmel. God Sommar!

tirsdag 1. april 2025

Kaffipausen som gjekk litt skeis

Eg var ute på ein heilt vanleg sykkeltur. Slike som byrjar med god motivasjon og endar med ei historie som gjer seg betre rundt kaffibordet enn på eit treningsforum.

Eg kom syklande – rett fram, logisk og lovlydig – då ein bil bakfrå bestemte seg for å ta til høgre. Det var berre det at han tok meg med seg i svingen. Eg flaug ikkje, kveltra.

Ut frå bilen steig kona hans, full av glød og rasjonell panikk. "Faen i helvete," sa ho, "dette har vi ikkje tid til. Vi skal jo heim og drikke kaffi!" Eg låg der og vurderte om eg burde be om ein kopp medan ho fyrst var i gang.

Eg rusla heim med skrapa stoltheit og ein skeiv sykkel. Dagen etter gjekk eg til politiet. Dei såg alvorlege ut, nikka som politifolk gjer, og sa det som det var: brot på vikeplikt. Takk og pris for paragrafar!

Tryg forsikring tok ansvar, ekspanderte (nei, eg meiner utbetalte) forsikringspengar, og sykkelen blei fiksa – betre enn før, trur eg nesten. Kroppen min? Gammal og seig. Ein slags pensjonert superhelt. Står han, så går han.

Neste tur tar eg kanskje med meg ei handskrive melding: «Eg skal rett fram – ver så snill, ikkje sving meg ned!»

mandag 12. juni 2023

Clinica di Pronto Soccorso i Italia

Blogglistenhits Kragebeinet. Dette beinet som overfører krafta frå armen til brystkassen, kan ryke. Spesielt er sjansen for det stor, når ein trynar på sykkel i Italia. Ein treng ikkje delta i Giro d'Italia, for å havne der. Er ein norsk, 80 år og kastar seg på ein off-roader der fanden sitter gøymd i frambremsa, er oddsene høge for litt av kvart. Og ein ting veit eg nå: Asfalten er ikkje snillare i Terracina enn på Husnes. "Du må på sjukehuset" sa min venn, sjukepleiaren.Ho visste kva ho snakka om. Ho hadde sett skrale kroppar før. 10 min i taxi, og vi var der. Det var og 25 italienerar som satt med blodige kroppsdeler og bivrande hjerter på venterommet. Blir ein lang dag/kveld med venting, tenkte eg. Eg tok feil. Straks min nordiske, kvitbleike lekam blei observert av signorina bak glasluka, blei alle mine bekymringar gjort til skamme.Ho opna døra og inviterte meg inn. Då eg tok fram mitt europeiske helsekort og norske legitimasjon, strålte ho. Så gjekk alt slag i slag i eit tempo som eg ikkje visste søritalienere hadde kapasitet til. Røntgenbilder og diagnose openbarte seg prompte: Frattura dell'estremita` acromiale della clavicola destra. Altså brekt kragebein.
Ute på venterommet igjen. Ferdig. Italienerne med blødende kroppsdeler satt der framleis og venta i køen.Det må vera min sjarme, tenkte eg. Nei det var nok pengene, sa mi hjelpsomme venninne. Ho har vel rett. Men kjekt var det ikkje

tirsdag 16. mai 2023

To flagg på balkongen

Blogglistenhits
I 1966 budde eg  på Hatleberg Studenthybelhus i Bergen. Der flytta  kona og eg inn i 1964 etter mitt første studieår på UiB. Då var Hatleberg nytt, og me syntes det var ein flott stad å bu. To rom kvart på 10 kvadratmeter, og med bad. Kjøken delte me med to andre ektepar pluss ein hybelbuar.
Den 16. mai fekk kona, av ikkje ukjende grunnar, fødselsveer. Prosedyrane for å koma seg i tide til Kvinneklinikken på Haukeland, var noko me hadde øvd på dei første maivekene det året. Ho hadde simulert veer, eg hadde teke tida mellom dei. Når ho simulerte veer med 5 minuttars mellomrom, var det for meg å prøva å gå kontrollert ned til telefonkiosken i kjellaren på A-blokka, putta kronestykke på automaten, og ringa drosjesentralen i Bergen som eg forlengst hadde funne nummert på. Det hadde eg skrive både inni handa og på ein papirlapp. Når dei tok telefonen på sentralen, var det å henga gaffelen på apparatet igjen. Dette var jo berre ei øving. Eg gjekk så 4 etasjar opp att, og låste meg inn i felleskorridoren til vår avdeling. Kan det nå, sa eg etter tredje forsøk.
Klokka var 20 den 16. mai 1966. Noko skjedde. Simulerer du, spør eg. Nei ikkje nå. Eg spring, seier eg. Nei roa deg. Eg tok av meg armbandsuret, og sette meg på kne på golvet ved sida av henne. Blir liksom meit fokus på tida når eg held uret i handa, framfor å ha det på armen. Klokka 22 var eg stiv i knea. No går eg og ringjer, seier eg. Men ennå ein halvtime skulle det gå. Då la eg på sprang ned i kjellaren. Telefonen ringde på drosjesentralen, den ringde og ringde til nokon sa hallo, men så kom eit samanhengande pipesignal i hornet. Kva var nå dette? Må eg improvisera, tenkte eg. Roleg, roleg, tenkte eg og. Men eg skalv slik på handa at det var eit strev å få nytt kronestykke inn i automaten. Det same skjedde. Siste kronestykke låg kleba inni venstrehanda mi. Ved tredje oppringing, fekk eg kontakt. Vi kommer om en stund, sa tøsen i telefonen. Kom straks, sa eg.
Eg tok 4 trappetrinn i steget på veg opp igjen. Hadde gløymt nøkkelen til felleskorridoren, og måtte ringa på. To ektepar og ein hybelbuar kom ut med store auge. Dermed var alle engasjert.
Drosjen kom, Svanhild blei avlevert på Kvinneklinikken, og eg vart forvist derifrå. Dette var ikkje far sin arena i 1966. Eg gjekk bortom Studenthuset Alrek som låg like ved klinikken. Kjende fleire medstudentar som budde der, og som alt hadde tjuvstarta på 17. maifeiringa.
Ut på dagen (13.30) 17. mai fekk eg og grunn til å ta ein skål. Ikkje for dagen, men for sonen. Kjetil var fødd. 
Sidan den gongen har eg ofte teke ein skål på det klokkeslettet den 17. mai.
Nå er begge desse to menneska som betydde så mykje for meg, gått ut av tida. Men framleis skal eg dobbelflagge på nasjonaldagen. Det har eg gjort i mange år. Det eine flagget er for grunnloven, det andre og for meg langt viktigaste er for sonen min Kjetil, som ville blitt 57 år i morgon.

mandag 10. april 2023

Dyneskifte

Å komme frå hytteseng i påskefjellet til heimeseng i Heiamyro, krev sin mann. Hadde eg vore kvinne, ville eg tru eg var kommen i overgangsalderen. Såvidt eg veit om klimateriet får det svetten til å pipla både dag og natt. Men eg har jo ikkje endra på kjønnet mitt, så eg konkluderer med at tida er inne for å skifte dyne. Eg leitar fra gardintrappa i boden og klatrar til øvste hylle i garderobeskapet. Eg er heldig. Der finn eg det eg leitar etter. Å finne det ein leitar etter når heile livet mitt er flytta til leilighet, er ikkje kardagskost. Ofte gir eg opp. Går og kjøper nytt for så å oppdage att det sakna dukker opp att. Sånn heilt av seg sjølv. Og så har eg to av det slaget.
Men sommardyna fann eg. Øvst i garderobeskapet, dit auga mitt ikkje rekk til kvardags. Eg vart glad, for å misse sommardyna ville vore eit uerstatteleg tap. Eg kjøpte ho i Beijing. Eg og kona deltok begge på silkefabrikken i produksjonen. Vi var med og trekte silketrådane som silkelarvane nett hadde spunne. Trekte dei ut i mange lag til ei 1,40 x 2m stor silkedyne.
Før ho blei vakumpakka i kofferten min, var ho ein tur innom den kinesiske munken i pagoden vegg i vegg. Eg har brukt ho i 10 somrar, og drøymer sjeldan frodigare enn under den velsigna dyna. Så denne munken var nok ein trollmann. Buddhist var han i alle fall. Han visste kva som skulle til for at tilværet mitt i Heiamyro skulle nærme seg nirvana. Eller iallfall transpirasjonsfattige netter. Blogglistenhits

søndag 9. april 2023

Påsken 2023

"Å er det deg?" sa min trufaste scooterkøyrar gjennom 30 år. "Eg trudde du var i syden", sa han og. Jo eg er der stundom. Men eg må variere, meiner eg. Meininga var eigentleg å gå dei 2 km frå riksveg 9 inn til Samlebu, som eg kalte hytta mi i 1993. Men slik blei det ikkje. Gunleik tilbaud meg heidersplassen på scooteren, og det kunne eg jo ikkje motstå. Mens Lars sat og rista på toppen av bag- og ryggsekkhaugen i tilhengaren, sat eg komfortabelt og kosa meg i høgsete bakerst på scooteren. Fjæringa var framifrå og fjellet var som ein draum. Sjeldan har eg sett meir snø, korkje i terrenget eller på hyttetaket. Målestauren min utanfor hytta, viste ei djupne på vel 2 meter. Det er nok til at eg kan rekne med snø der til langt ut i juni. Det har hendt før at bomvegen inn som ikkje vert brøyta om vinteren, måtte fresast opp slik at vi fekk brenne bål der på St. Hans kvelden. Men dette har berre hendt ein gong dei siste 30 åra.
Vi var mange på hytta. 3 studentar frå Bergen kom med ekspressen og 5 frå Husnes i 2 bilar. Ja og ein 5 mnd gammal Jack Russel terrier som kanskje var den som tok mest plass og fekk mest merksemd. Balto må pisse, Balto vil ut.Balto skjelv i knærne. Vi var mange observatørar. Dotter og svigerson har overteke hytta nå.Eg er med som gjest. Stressklumpen i bringa er nesten borte, samanlikna med slik han ofte vrei på seg i hine hårde dagar då me kom fram til Samlebu. Nå er det min tur å la dei andre ta riggejobben. Eg skjerpar meg for å utføre kunstykke det er å gi slepp på ansvar. Det er noko som må gå seg til. Eg er på god veg. Magnhildshellene har i alle år vore eit turmål for meg. Det er ein stad inne på fjellet der etter segnet eit brudefølgje omkom i snøstorm og uvær.
I år stod eg over turen dit. Kanskje det har noko med alderen å gjera. Det såg brattare ut i år enn før. Mine turar denne påsken gjekk ikkje så mange km vekk frå hytta. Og eg heldt meg stort sett under kote 1000 moh.Så livet endrar seg. Men grilling over bålpanna og raudvinen i glaset var like lett å nyte som før. .