Vitjingar sidan 25.06.2010
Søk i denne bloggen
mandag 12. juni 2023
Clinica di Pronto Soccorso i Italia
Kragebeinet. Dette beinet som overfører krafta frå armen til brystkassen, kan ryke. Spesielt er sjansen for det stor, når ein trynar på sykkel i Italia. Ein treng ikkje delta i Giro d'Italia, for å havne der. Er ein norsk, 80 år og kastar seg på ein off-roader der fanden sitter gøymd i frambremsa, er oddsene høge for litt av kvart. Og ein ting veit eg nå: Asfalten er ikkje snillare i Terracina enn på Husnes.
"Du må på sjukehuset" sa min venn, sjukepleiaren.Ho visste kva ho snakka om. Ho hadde sett skrale kroppar før.
10 min i taxi, og vi var der. Det var og 25 italienerar som satt med blodige kroppsdeler og bivrande hjerter på venterommet. Blir ein lang dag/kveld med venting, tenkte eg. Eg tok feil. Straks min nordiske, kvitbleike lekam blei observert av signorina bak glasluka, blei alle mine bekymringar gjort til skamme.Ho opna døra og inviterte meg inn. Då eg tok fram mitt europeiske helsekort og norske legitimasjon, strålte ho.
Så gjekk alt slag i slag i eit tempo som eg ikkje visste søritalienere hadde kapasitet til.
Røntgenbilder og diagnose openbarte seg prompte: Frattura dell'estremita` acromiale della clavicola destra. Altså brekt kragebein.
Ute på venterommet igjen. Ferdig. Italienerne med blødende kroppsdeler satt der framleis og venta i køen.Det må vera min sjarme, tenkte eg. Nei det var nok pengene, sa mi hjelpsomme venninne. Ho har vel rett. Men kjekt var det ikkje
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Hvem kan vel motstå en nordisk, kjekk, lyslugget mann med med en skulder ute av balanse. Jeg hadde gjort det samme🤫
SvarSlettDet var vakre ord 😀
SlettIkkje kjekt å detta på sykkel! 😮 Men så bra at du fekk så god og rask hjelp! 🌹🌺🚴♂️
SvarSlettJa veldig bra
SlettBra du fikk hjelp. God bedring Gunnar. Elin
SvarSlettTakk Elin
SvarSlettGod bedring Gunnar. Godt du er i god form og står for ein støyt sjølv i møte med asfalten🍀😎
SvarSlett