Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

lørdag 2. mai 2026

Tankar om sirkus ved min altan

hitsDet var torsdag siste dagen i april då sirkuset slo opp teltet på grusplassen nedanfor altanen min. Eg sat med ein kaffikopp og såg dei rigga opp, planke for planke, line for line, og tenkte på kor mange hender som må til for å bygga ein draum.

Eg reiste vekk nokre dagar. Då eg kom heim att, stod framleis teltet der. Eg skylde den brukte koppen og trekte meg ein ny. Sette meg på altanen og tenkte vidare.


Eg vasa meg inn i å tenkja på alle dei andre draumane som desse omstreifarane der på grusplassen nedanfor altanen min kanskje gjekk og bar på.

Mannen bak teltet 

Inne i teltet flyg kvinner. Dei flyg som om tyngdekrafta er noko som gjeld andre folk, som gjeld dei som sit og ser opp med opne munnar og popkorn i fanget. Musikken dundrar. Direktøren ler med heile kroppen sin, ein latter han har øvd på, slipt på heilt til han sit.

Bak teltet er det ein mann.

Han heiter noko som folk her ikkje greier å uttala, så dei kallar han noko anna, noko kortare. Han har lært seg å snu seg når dei seier det. Det er nok.

Han kom hit for to år sidan, eller tre — det er vanskeleg å hugsa når dagane liknar så mykje på kvarandre. Kvar by er ein ny plass som likevel er den same plassen. Eit jorde. Eit telt. Ein direktør med store armar. Dyr som luktar dyr. Og han, med kosten sin, med bøtta si, med ryggen som har begynt å seia ifrå om morgonen. Han hadde tenkt seg noko anna. Det er ikkje slik han seier det til seg sjølv, for det gjer vondt å setja ord på — men det ligg der, stille og tungt, som noko han bar med seg over grensa og ikkje fekk levert frå seg sidan.

Han har ein mobiltelefon med ein sprekk i skjermen. Kvar kveld når førestillinga er godt igang, finn han seg ein plass bak teltet der det er litt mindre vind, og ringjer heim. Det tek nokre sekund før stemma kjem. Han spør korleis det går med dei. Seier at det går fint her. Seier ikkje at han stod på ein grusplass i dag og såg ein fugl han ikkje kjende att, og at det slo han, akkurat der, kor langt heimanfrå han er. Han seier at han sender pengar snart. Det er alltid sant.

Inne i teltet er det applaus. Nokon har floge, og nokon har fanga. Dei vil sjå at nokon kan sleppa taket og bli tatt imot — at fallet ikkje kjem. Han veit ein del om fall. Han veit også at hender ikkje alltid grip.

Han ringjer likevel, kvar kveld, bak teltet, der ingen ser han.


Klovnen 

Han kjem ut bakvegen med sminka ennå på.

Direktøren la handa på skuldra hans etterpå, sa det han alltid seier når det har gått bra. Og det gjekk bra. Publikum lo på dei rette stadane. Men han veit — på same måten som ein musikar veit når fingrane fann alle tonane, men noko anna var borte. Han jobba for hardt for det i kveld. Latteren kom fordi han pressa på, ikkje fordi noko opna seg.

Han set seg på ein kasse med hatten i fanget og ser på sminka på fingrane sine. Den kvite, den raude. Klovn er eit yrke der du ikkje får lov til å vera trist. Det er heile poenget. Du tek tristheita og vrengjer ho og gjer ho til noko folk kan le av utan å vita at dei ler av noko verkeleg. Når det verkar, er det det vakraste han veit. I kveld verka det ikkje. Ikkje for han.

Han sit der til det er tid for finalen. Då går han inn og bukkar saman med alle dei andre, med den store måla munnen sin, og tenkjer at neste gong skal han få det til.

Det er det som held han gåande. Ikkje klappinga. Berre det eine løftet han gir seg sjølv, kvar kveld:

Neste gong.


Trapeskvinna 

Ho har si eiga campingvogn.

Det veit alle. Det er eit teikn — på status, på posisjon, på at ho er noko dei andre ikkje er. Og det er sant, ho er det. Når ho er i lufta, er det som om resten av verda held pusten, som om tre hundre menneske samlar seg om eitt einaste punkt, og det punktet er ho.

Etterpå går ho inn i vogna si og låser døra.

Ikkje av arroganse. Folk trur det, ho veit dei trur det — at ho held seg for god, at stjerna ikkje vil bry seg med resten. Men det er ikkje det. Det er berre at ingen kjem bort til henne på same måten som dei kjem bort til kvarandre. Dei seier hei, dei smiler, dei er høflege som mot nokon dei beundrar og ikkje heilt trur er verkeleg. Ingen spør om ho vil vera med å eta. Dei reknar med at ho har noko betre å gjera.

Ho har ingenting betre å gjera.

Ho sit i vogna med te som blir kald, og høyrer latteren frå dei andre utanfor, og tenkjer at det er ein merkeleg pris å betala for å vera den dei alle ser på. At di meir synleg du er, di meir åleine kan du bli. At lyset som treffer deg i manesjen kastar skugge over alt det andre.

Ho flyg best av alle. Det veit ho. Det er ikkje skryt, det er berre sant, det er det ho har ofra alt anna for.

Av og til lurer ho på om det var eit godt bytte.


Rivinga 

Siste framsyning er over. Det er laurdagskveld.

Riggarane er alt i gang før publikum er ute av parkeringsplassen. Slik er det alltid. Det er ingen tid til å kjenna på noko — berre arbeid, og hendene som veit kva dei skal gjera utan at hovudet treng å spørja.


Veggane i teltet forsvinn først. Det er alltid litt brutalt, det augeblikket — når sidene fell og himmelen kjem inn og det som var ei lukka verd plutseleg berre er eit jorde att. Så innreiinga. Setene, trappene, manesjen. Til slutt linene, dei som bar alt, dei som ingenting hadde hengt utan.

Mannen med sprekken i mobiltelefonen har blanda seg med alle dei andre. No er det ikkje hierarki, ikkje rangorden — no er det berre hender som må til, og alle må delta, og det må gå fort. Han ber det han kan bera. Alle ber det dei kan bera. Det er kanskje den einaste tida dei verkeleg er like.

Dei skal nå ferja over Hardangerfjorden.

Eg ser det heile frå min altan.

Teltet som forsvinn bit for bit, lastebilane som fyller seg, menneska som rører seg idet mørket faller på. Det er noko stille og fint over det — ei heil verd som pakkar seg saman, krympar seg ned til det som fekk plass på eit jorde i to dagar, og snart er borte som om det aldri var her.

Så, i eit lite glimt trur eg at eg ser henne.


Gul vest. Hjelm. Ho ber noko tungt og går med raske steg mot ein av lastebilane. Det kan vera ho. Det er noko med måten ho beveger seg på, noko eg kjenner att frå der oppe i lufta, ei slags ro i kroppen sjølv når alt rundt er kaos.

Eg blir glad av det.

Så er ho borte att, inn i mylderet, og eg veit ikkje lenger. Kanskje var det ho. Kanskje var det berre ein av dei mange, ein av alle dei eg ikkje kjenner namna på. Kanskje hallusinerte eg fordi eg ville at ho skulle vera der — ute blant dei andre, med gul vest og hjelm og eit tak å bera i saman med resten.

Eg veit ikkje.

2 kommentarer:

  1. Så fint å lesa! Sirkus var ei årleg, magisk oppleving i min barndom!😊🌺

    SvarSlett
  2. God observasjon fra vinduet ditt🪂

    SvarSlett