Pinsen er over. Det er familietreffet også. Dei to dagane då det aula med familiefolk i alle rom, gourmemat på alle bord, latter i alle struper og yr glede i alle sinn , er nå forbi. Det gjekk så fort, men slik er det jo med tida når energien er stor og aktiviteten er høg.
Nå sit dei gamle aleine igjen. Mest som om dei må setta seg ned og venta på sjela si. Venta på at ho skal nå att kroppen etter denne helga. Det tek tid å tenkja gjennom alt som skjedde. Tenkja på alle refleksjonane i sola på terrassen, ungane på plenen, turen på stranda der dei yngste bada. Picnicken i sjøkanten med grill, jordbær og Saracco. Middagen i heimen for heile gjengen. Tre rettar med tusen desertar som eg har ete på resten av veka. Makalaust. Idag måtte eg langt til fjells for å forbrenna kaloriane. Særleg dei etter multekremen og karamellpuddingen. Eg måtte og finna høvlege rom å gøyma minnene i, nokre i hovudet andre i hjarta.
Kjekt når dei kjem, og kjekt når dei går, hugsar eg svigermor sa. Det er desse kontrastane som er så bra for mennesket. Sjølv må eg få pusla aleine ei tid, før noko i meg etterspør sosialisering igjen. Må liksom fordøya den sosiale dosen eg har inntatt, før eg blir svolten på ny.
Så nå er kvardagen attende. Den dagen det er flest av i året. Den er og god. Men slike høgdepunkt som eg opplevde i pinsen, vil eg ha fleire av. Dei fyller meg med energi og glede.
Eit ikkje ukjend fenomen på den 50. påskedagen. Men apostlande begynte jo også å tala på andre tungemål den dagen. Det gjorde ikkje eg. Eg holdt fast på min avslipne Haugesundsdialekt både før, under og etter høgtida.
Vitjingar sidan 25.06.2010
Søk i denne bloggen
torsdag 27. mai 2010
fredag 21. mai 2010
Makalaus glede
I 1974 budde me i høgblokk i Hesjaholtet ytst i Fyllingsdalen. Me var kasta ut frå Fageråsen 4b, der me hadde budd sidan 1969, berre avbrote av eit år i Nederland. Huseigaren i Fageråsen ville at sonen hans skulle bu i ”vårt” husvære frå då av. Me måtte på husjagt. Annonsene i BT førde oss til leilegheit i Hesjaholtet, eit intermesso i livet vårt som gav opphav til både forbanningar, frustrasjonar og makalaus glede.
- Forbanningar, mellom anna avdi eigaren selde bustaden vår til ein hallik. Han ville kasta oss på gata før den førehandsbetalte leigekontrakten gjekk ut. Geskjeften til halliken ekspanderte. Han trengte difor meir armslag. Men eg klarte ved å vera så arrogant og avvisande som berre få har sett meg, å skrema han bort.
- Frustrasjonar, mellom anna avdi sønene fant på allslags fantestreker der ute i bushen. Dette toppa seg då eg møtte brannbilane ved Kanadaskogen ein sein ettermiddag då eg kom sliten heim frå forskinga mi. Å få vita at eldste sonen og ein kamerat hadde tent på i skogen, var i overkant i høve til å bevare sjelefred og nattesvevn.
- Makalaus glede, avdi det begynte å spratla i magen til kona igjen. Der hadde det vore stillstand i seks og eit halvt år. Då kona slapp katta ut av sekken, vart eg perpleks men og frydefull. Om det blir ei jente vil eg ho skal kallast Ellinor, meinte eg. Eg var ein ihuga Evert Taube fan, og syntes han sang så flott om si Ellinor. Me får venta med det til me ser kva det blir, sa kona. Den gongen var ultralyd ikkje eit alternativ.
Men sjølv om ho kom uventa, så kom ho ikkje brått. Det blei kuring og luring nokre dagar, for å få henne til verda. Eg som måtte sjå etter dei to andre krabatane, fekk ikkje høve til å bidra i det. Eg hadde på ein måte gjort mitt. Men då eg den 23. mai stilte utanfor Kvinneklinikken saman med ein seks- og ein sjuåring (dei fekk ikkje koma inn der då), og Svanhild viste seg i vindauget med eit jentebarn i armane, kjende eg ei tåre som trilla ut frå ytste augekroken, ned over høgre kjaken og enda inn under skjortekragen.
Eg hadde fått ei dotter. Og eg fekk kalla henne Ellinor. Ho vart årsak til mange gledestårer opp gjennom åra. Men aldri så våte og aldri så varme, som denne fyrste gongen.
tirsdag 18. mai 2010
Familietreff
Nokre har slektstemne. Me har familietreff. Det blir liksom mindre pretensiøst og ambisiøst på den måten. I år er det tredje gangen. Me kan difor kalla det ein årleg tradisjon. Barnebarn, barn og svigerbarn kjem hit - til oss. Eigentleg er ideen unnfanga av Roar, og applaudert både av oss og av dei andre. Sist i mai plar det vera, og vara i tre dagar. Då er pensjonistbustaden ominnreia for å husa små og store i mange rom. Mat og drykk er kjøpt inn anten i form av koldtbord, heimalaga 3 retters middag, eller 7 retters middag laga på Askøy og transportert hit i ein Volkswagen Golf.
Alle plar komma, med unnatak av to ungdommar frå Stange. Me er difor oftast 15 rundt bordet om kvelden. Før bordsete har me vore på utflukt. Anten til stranda eller til elva. Vatn er gøy for dei små, men vått for dei store. Så hender det at sola skin på oss. Då blir det hageliv og bassengbading, før me sett oss til bords. Dei vaksne for seg. Barna på sitt eige bord. Då er alle friast, og har det kjekt. Nett som på restaurant, seier dei. Me drøsar, syng og ler. Det er som det rungar mellom skråtaka i stova. Me knyter venskapsbanda strammare, og deler minne. Me skapar situasjonar som gir oss nye minne for kommande år. Iallfall for dei som framleis har kortidsminne intakt. Me andre skriv dagbok, og knipsar dokumenterande foto med "date and time" innstilt på "on".
I år skjer det 22. mai. Gislefossen har ikkje bestemt seg for kva vær det skal bli ennå. Men kjenner eg han rett, fiksar han det. Han er jo mest som hyttenabo å rekna, der oppe på Hovden.
Kjekt skal det bli, uansett vær og føreforhold.
søndag 16. mai 2010
Nå har eg berre salutten
Kommunesalutten om morgonen 17. mai, er ein fredfull og humane måte å bli vekka på. Ikkje avdi dei lokale heimevernsfolka sparar på kruttet. Men det at klokka er så mykje som 07.00 og at bråket er tidsavgrensa, gjer det greitt nok . Slik har eg det nå, i pensjonistlivet mitt.
I mitt 33-årige lektorliv var det annleis. Russen kom. Dei kom innom når dei skulle heim å leggja seg etter 16. mai festen. Då var klokka mellom 04 og 05. Kommunesalutten er for ingenting å rekna. Her gav ingen opp, før læraren var på føtene og resten av familien gjekk rundt i huset og svor.
Mange opplegg gjekk av stabelen rundt husnovene. Alt frå det pyntlege blæseorkester, til oppspikring av 20 meter lange banner på hagegjerde, og bassengbading både med og utan klær. Kom deg opp og få slutt på dette, var kona sine instruksar. Ungane grein og katten kvein. Naboane banna til meg i toget seinare på dagen.
Nå er den tida over. Ingen bryr seg om meg tidleg 17. mai morgon. Litt vemodigt å bli overlatt slik til seg sjølv. Som om gamle menn med hengemagar ikkje og treng merksemd.
Så nå let eg pyjamasen ligga ustroken i skåpet. Eg treng han ikkje klar på krakken ved sengeenden. Og eg sovnar utan desse nervøse 16. mai rykkingane i kroppen. Og eg søv til salutten går. Tre ganger tre for nasjonaldagen.
Tøffe tider
I 1966 budde eg på Hatleberg Studenthybelhus i Bergen. Der flytta kona og eg inn etter mitt første studieår på UiB. Hatleberg var nytt i 1964, og me syntes det var ein flott stad å bu. To rom kvart på 10 kvadratmeter, og med bad. Kjøken delte me med to andre ektepar pluss ein hybelbuar.
Den 16. mai fekk kona, av ikkje ukjende grunnar, fødselsveer. Prosedyrane for å koma seg i tide til Kvinneklinikken på Haukeland, var noko me hadde øvd på dei første maivekene det året. Ho hadde simulert veer, eg hadde teke tida mellom dei. Når ho simulerte veer med 5 minuttars mellomrom, var det for meg å prøva å gå kontrollert ned til telefonkiosken i kjellaren på A-blokka, putta kronestykke på automaten, og ringa drosjesentralen i Bergen som eg forlengst hadde nummert på. Det hadde eg skrive både inni handa og på ein papirlapp. Når dei tok han på sentralen, var det å henga gaffelen på apparatet igjen. Dette var jo berre ei øving. Eg gjekk så 4 etasjar opp att, og låste meg inn i felleskorridoren til vår avdeling. Kan det nå, sa eg etter tredje forsøk.
Klokka var 20 den 16. mai 1966. Noko skjedde. Simulerer du, spør eg. Nei ikkje nå. Eg spring, seier eg. Nei roa deg. Eg tok av meg armbandsuret, og sette meg på kne på golvet ved sida av henne. Blir liksom meit fokus på tida når eg held uret i handa, framfor å ha det på armen. Klokka 22 var eg stiv i knea. No går eg og ringjer, seier eg. Men ennå ein halvtime skulle det gå. Då la eg på sprang ned i kjellaren. Telefonen ringde på drosjesentralen, den ringde og ringde til nokon sa hallo, men så kom eit samanhengande pipesignal i hornet. Kva var nå dette? Må eg improvisera, tenkte eg. Roleg, roleg, tenkte eg og. Men eg skalv slik på handa at det var eit strev å få nytt kronestykke inn i automaten. Det same skjedde. Siste kronestykke låg kleba inni venstrehanda mi. Ved tredje oppringing, fekk eg kontakt. Vi kommer om en stund, sa tøsen i telefonen. Kom straks, sa eg.
Eg tok 4 trappetrinn i steget på veg opp igjen. Hadde gløymt nøkkelen til felleskorridoren, og måtte ringa på. To ektepar og ein hybelbuar kom ut med store auge. Dermed var alle engasjert.
Drosjen kom, Svanhild blei avlevert på Kvinneklinikken, og eg vart forvist derifrå. Dette var ikkje far sin arena i 1966. Eg gjekk bortom Studenthuset Alrek som låg like ved klinikken. Kjende fleire medstudentar som budde der, og som alt hadde tjuvstarta på 17. maifeiringa.
Ut på dagen (13.30) 17. mai fekk eg og grunn til å ta ein skål. Ikkje for dagen, men for sonen. Kjetil var fødd.
Sidan den gongen har eg ofte teke ein skål på det klokkeslettet den 17. mai.
Sidan den gongen har eg ofte teke ein skål på det klokkeslettet den 17. mai.
fredag 14. mai 2010
Huset til far min
Far min var utdanna gartnar. Han gjekk gartnarlinja på Tomb Jordbrukskule, og livnærte seg som gartnar i krigsåra og fram mot slutten av 1940 talet. Han hadde drivhus med svær sjeferhund i framrommet. Det held tyskarane frå å stjela seg ein godbit nattestid, meinte han.
Tomat, agurk og ikkje minst blomar var hans brennande interesse. Eg hugsar ennå den tida då eg stabba rundt han i drivhuset om vinteren. Då var det godt å vera i drivhusa hans, der den vassborne varmen heldt temperaturen på rundt 20 grader. Far min fyrte med kol den gongen. I fyrhuset, der kol-bingen var, fekk eg ikkje lov å leika. Eg blei svart på ein annan måte der, enn når eg grov i molda og i den varme hestemøkka som blei brukt inne i drivhuset.
Tomat, agurk og ikkje minst blomar var hans brennande interesse. Eg hugsar ennå den tida då eg stabba rundt han i drivhuset om vinteren. Då var det godt å vera i drivhusa hans, der den vassborne varmen heldt temperaturen på rundt 20 grader. Far min fyrte med kol den gongen. I fyrhuset, der kol-bingen var, fekk eg ikkje lov å leika. Eg blei svart på ein annan måte der, enn når eg grov i molda og i den varme hestemøkka som blei brukt inne i drivhuset.
Far min elska gartnarlivet og drivhusmiljøet. Det gjorde eg og. Eg trur han skjøna det, for då eg fekk eigen hage på Husnes, kjøpte han eit drivhus til meg. Eg har det ennå. Eg fekk det i 1980, og i alle desse 30 åra har eg dyrka tomat og agurk. Stundevis og paprika, honningmelon, druer og auberginer. Om ettervinteren og våren nyttar eg det til oppaling av blomeplanter. Når eg putlar i drivhuset, kjenner eg hopehavet med forfedrane mine, både med far min og far hans. Å dyrka og odla planter, er noko anna enn å få elevar til å modnast og til å veksa. Framgang (men og stagnasjon) er lettare å måla i drivhuset. Haustinga gir og større gleder ved middagsbordet, enn lærargjerninga kunne gi der.
I går planta eg tomat og agurk i drivhusjorda. Eg henta plantene frå vekstrommet i garasjen, der eg sådde frøa i slutten av mars. Der har dei stått i kunstig lys og god varme. Blitt alt for høge og litt spinkle, men dei tek seg nok innatt. Det er jo denne nattefrosten, som har fått meg til å dryga utsettinga. Men nå kunne det ikkje venta lenger. Dei stod og blei såre i toppen, fordi dei stanga oppi vekstlysrøyra. I drivhuset får dei det bra. Presumtivt godt med frekvensriktig lys og god solvarme om dagen, og nesten like god elvarme frå Kvinnherad Energi om natta. Heimedyrka tomat og agurk. Ingen handelsvare kan konkurrera med det, ja bortsett frå på pris då. For rik på pengar blir eg ikkje av dette. Det blei ikkje far min heller. Men han trivdes. Og han sette spor etter seg, som eg trør i ennå.
torsdag 13. mai 2010
Holet i hagen
I 1987 grov eg ei oval grop i plenen med yttermål 4x8m, minerte ned til 1,5 m djupne og skaut gråsteinfjellet vekk. Så kjøpte eg utstyr frå Danmark som eg kledde botnen og veggene i holet med, fylte på med drøye trettitusen liter vatn og vips så hadde eg symjebasseng i hagen.
Gamle Lensmann Berge i Rosendal hadde knappast høyrd om slik uvettig bruk av pengar i Kvinnherad kommune før. Han visste ikkje si arme råd når han blei spurd om krav til tryggleik for slike hageinnretningar. "Du får høyra med direktøren på aluminiumsverket", sa han. "Såvidt eg veit driv han også og badar seg i hagen sin".
Så det blei til at eg måtte finna utav det sjølv, og konstruera mine eigne løysingar. Sjølv gjort er velgjort. Ingen har drukna der ennå, anten badinga har føregått i dagslys eller i seine nattetimar. Oppteljinga før og etter badinga har aldri vist svinn.
I går avdekka eg bassenget igjen etter den 23. vinterdvalen. Dette er eit av høgdepunkta i året. Då stiller barnebarna opp og er nyfikne på kor mange meitemarkar, vevkjerringar og grader det er i vatnet denne gongen. "Kan me få bada litt", spør dei. Men etter eindel jobbing med håvar og slangar, ombestemmer dei seg på det. "Er det pluss eller minusgrader", undrar dei. Me måler 9 grader. Ni grader er jammen kaldt. Det må minst vera minusgrader, meiner dei.
Og kaldt er det. Utan at eg har statistikk på det, minnes eg ikkje å ha lese av så låg temperatur i bassenget den 12. mai før. Det blir gode tider for Kvinnherad Energi nå når eg skal heva vasstemperaturen frå 9 til 25 grader. Eg trur eg drøyer nokre dagar før eg trykker på varmepumpebryteren. Med framleis stabil nattefrost, blir dette for drøyt.
Gamle Lensmann Berge i Rosendal hadde knappast høyrd om slik uvettig bruk av pengar i Kvinnherad kommune før. Han visste ikkje si arme råd når han blei spurd om krav til tryggleik for slike hageinnretningar. "Du får høyra med direktøren på aluminiumsverket", sa han. "Såvidt eg veit driv han også og badar seg i hagen sin".
Så det blei til at eg måtte finna utav det sjølv, og konstruera mine eigne løysingar. Sjølv gjort er velgjort. Ingen har drukna der ennå, anten badinga har føregått i dagslys eller i seine nattetimar. Oppteljinga før og etter badinga har aldri vist svinn.
I går avdekka eg bassenget igjen etter den 23. vinterdvalen. Dette er eit av høgdepunkta i året. Då stiller barnebarna opp og er nyfikne på kor mange meitemarkar, vevkjerringar og grader det er i vatnet denne gongen. "Kan me få bada litt", spør dei. Men etter eindel jobbing med håvar og slangar, ombestemmer dei seg på det. "Er det pluss eller minusgrader", undrar dei. Me måler 9 grader. Ni grader er jammen kaldt. Det må minst vera minusgrader, meiner dei.
Og kaldt er det. Utan at eg har statistikk på det, minnes eg ikkje å ha lese av så låg temperatur i bassenget den 12. mai før. Det blir gode tider for Kvinnherad Energi nå når eg skal heva vasstemperaturen frå 9 til 25 grader. Eg trur eg drøyer nokre dagar før eg trykker på varmepumpebryteren. Med framleis stabil nattefrost, blir dette for drøyt.
mandag 3. mai 2010
Syster mi
Før i tida var det berre eldre, for ikkje å seia gamle folk, som blei 70 år.
Nå til dags blir kven som helst det. Folk som framleis er kvikke i hovudet, lett på foten og like rappkjefta som alltid, går rundt og blir 70 år. Det har liksom gått inflasjon i dette å fylla mange år, lenge før ein begynnar å skranta. Mens ein ennå er ung i både eigne og andre sine auge.
Opplevinga av alder har endra seg opp gjennom tidene. NOVA (Norsk institutt for forskning om oppvekst , velferd og aldring) har undersøkt saka og gjennom interjuv funne at:
I 1970 oppplevde ein at folk var: ”eldre” da man var 70 år og ”gammal” då ein var 73 år
I 2002 var dette endra til at ein var: ”eldre” da man var 65 år og ”gammal” då ein var nær 80 år.
Men folk sjølv som er opp i åra, synes nesten utan unnatak at deira subjektive alder, er langt under den verkelege alderen.
”Er han ein gammal mann?”, spurde kona meg ein dag eg refererte eit møte med ein person ho ikkje kjende. ”Nei”, sa eg. ”Relativ ung, han er vel på min alder”.
Studier syner at ein kan føla seg ung, men bli sett på som gammal av andre. Aldersidentiteten vår får me både frå indre kjensler av korleis me meistrar kvardagen, men og frå måten ein blir møtt av andre på. Det er liksom speilet me brukar for å sjå oss sjølve.
Å møta folk att etter mange år, er ofte styrkjande for eigen aldersoppleving. Klassejubileum er ein klassisk situasjon i så måte.
”Gu så gamle dei er blitt”, er fellestanken alle sit med i sitt hovud.
Men så finns der unnatak.
”Du har ikkje endra deg ein millimeter”, kan ein seia til, og stundom meina om, andre. Folk liker å høyra slikt i vår kultur. Norge er kanskje eit av dei mest ungdomsorienterte samfunna i verda - diverre.
Eg har ei syster. Ho har passert 70 år nå. Eg skal avstad å feira henne i ei forseinka samkome på fredag. Ho er ein førkrigsmodell, som fekk voggesøvnen øydelagt av marsjerande tyskarar i jernskodd fottøy. Såleis vart ho tidleg van med å væra på alerten. Ho er ei årvåken og snill jente med eit nyfikent sinn. Ho er den som sit med oversyn og kunnskap om det meste som har med slekt og vener å gjera , og er i så måte familien sin komunikasjonssentral. Og ho har det i hovudet. Internett hjelper ho seg ikkje med – ikkje ennå.
Eg ser fram til å møta henne på fredag. Seia gratulerer med vel overstått, og at ho ikkje har endra seg ein tøddel sidan sist. Ho er ei oppegåande, gjestfri og flott kvinne.
søndag 2. mai 2010
Fugleskrik og barnekvitter
Pensjonistar kan dra seg om morgonen. Stundom er det og mogleg å sova frampå. I alle år har dette vore ei sesongvariabel affære hos meg, med vinterhalvåret som høgsesong. For i mitt austvendte sovekammer gjekk alltid talet på nattlege slumretimar ned, etter som talet på returnerte trekkfuglar auka. Når sola steig over fjellkammen og fuglane kjempa om den beste reirplassen i skogen på friområdet like aust for hagen, stod eg opp. Klokka kunne vera kva ho ville. Det var skrika frå svaler, stær, erler, gjess og gjøk eller kva det nå er ornitologane kallar desse urokråkene, som fekk meg opp.
Men så kom kommunen. Barnehagen trengte meir uteområde. Dei leigde inn gartnaren frå Valen, som med motorsaga si gjorde kort prosess. Han kappa ned botanikken på friområdet, og tynna også flekkevis i bær- og urtehagen min. Gamle fuglereir datt i bakken, og fugleplaga vart såleis effektivt avslutta.
No har eg fått attende barnekvitteret om morgonen. Desse herlege friske krabatane som berre er innstilte på å leva livet frå morgengry til langt ut i middagskvila.
Nett slik eg hugsar det frå 1970 talet.
Nett slik eg hugsar det frå 1970 talet.
Abonner på:
Innlegg (Atom)