Vitjingar sidan 25.06.2010
Søk i denne bloggen
tirsdag 13. januar 2026
Troll i ord: Når kaoset ikkje berre er teori
lørdag 10. januar 2026
Er livet berre kaos? Ja, og takk og lov for det!
onsdag 7. januar 2026
Tankar frå ei trapp når sola har snudd
lørdag 6. desember 2025
Når minnet har halveringstid
Som cand.real. med fysikk hovudfag, er eg opplært til å tru på bevaringslover. Energi kan ikkje oppstå eller forsvinna, han går berre over i nye former. Tyngdekrafta tek ikkje ferie. Eit atomnummer er det same på tysdag som på fredag.
I mange år jobba eg i team på tvers av landegrenser med å bygge akseleratorar for tunge atomkjernar.Då var kravet den absolutte presisjon. Visst dukka det opp uventa fenomen, og visst måtte vi forkaste gamle teoriar når naturen viste oss noko nytt. Men det var alltid logisk. Det var fysikk. Viss noko gjekk gale, var det oftast ein teknisk feil – ikkje fordi maskina hadde "gløymt" kva ho skulle gjera, eller fordi ho hadde hatt ei dårleg natt.
Det var ei ryddig verd. Så vart eg pensjonist.
No lever eg midt i ein gjeng der skruane kanskje sit litt lausare enn før. Eg omgås flotte folk, vi er antikvariske skattar heile gjengen. Vi løyser verdsproblem over kaffikoppen og er skjønt samde om det meste. Men eg har oppdaga at informasjon blant oss over ein viss alder har ei forunderleg evne til å oppføre seg som ustabile isotopar: Han kan ha ekstremt kort halveringstid.
Det er fascinerande å observera. Ein avtale inngått klokka tolv, kan vere totalt fordampa klokka fire. Ikkje av vond vilje, men fordi naturen er rigga slik. Orden har ein lei tendens til å gli over i kaos heilt av seg sjølv.
Før ville eg blitt frustrert. Eg ville leita etter feilkjelda i systemet. Men så hugsar eg dei tretti åra eg stod i klasserommet.
Å undervise ungdom var å stå midt i ein orkan av energi. Det heldt meg ung, men det tvinga meg også til å sjå verda utan filter. Du kan ikkje bløffe ein 18-åring. Prøvde eg meg på ein halvvegs logikk, vart eg avslørt nådelaust. Der var det orden i kaoset: X var ukjend, men vi fann han til slutt. Fasiten fanst. Det var ein oase av logikk, og eg elska å sjå lyset gå opp i auga deira når brikkene stundom fall på plass. Mange saug til seg kunnskap, hjernane deira var ferske harddiskar klare for lagring.
No ser eg at livet har ein annan progresjon. Det er ikkje alltid så lett å finna den X-en lenger. Kanskje er det fordi harddisken vår rett og slett er full.
Men kanskje er det ikkje "feil" at vi gløymer heller. Kanskje er det berre naturen som fortel oss at vi skalslappe av litt med detaljane. Som forskar måtte eg av og til bytte briller for å forstå nye fenomen. No har eg teke på meg aldersbrillene.
Gjennom dei ser eg at presisjon ikkje lenger er det viktigaste. Når minnet sviktar, må hjartet ta over. Vi må møte kvarandre med ei rausare hypotese: Det er ikkje så farleg om vi hugsar feil, så lenge vi vil kvarandre vel.
Mange er blitt mindre firkanta. Livet har slipt oss til, gjort oss rundare i kanten. Kanskje bommar vi litt på årstala og detaljane no, men du verda så mykje betre vi er blitt på å tole at ting er litt skeive.
Vi gløymer kanskje kva vi sa i går, men vi hugsar varmen frå eit smil. Den kjensla sit i kroppen mykje lenger enn alle verdsproblema vi løyste over kaffikoppen. Og det er kanskje den viktigaste naturlova av dei alle.
torsdag 13. november 2025
Altan-revolusjonen
Historia om min nye, glasserte altan starta ikkje som ein interiørdraum. Den starta i midten av august. Ein slik dag der Vestlandet bestemmer seg for å levere heile nedbørsstatistikken på éin ettermiddag.
Eg hugsar eg stod der, i opninga til altandøra, og kjende regnet. Ikkje som eit lett yr, men som ein våt knyttneve. Vinden tok tak i dråpane og kasta dei heilt inn i fleisen på meg. Inne i stova. Då var det nok.
Ein kan ikkje ha det slik. Skal ein ha altan på desse kantar av landet, må ein tydelegvis ha vegger. Og tak. Og helst eit eige økosystem.
Eg resonnerte meg fram til ein klinkande klår implikasjon: Skal denne uteplassen nokon gong brukast til anna enn tørk av søkkvåte hagemøblar, må det glas til.
Som sagt, så gjort. Etter at ein del tusenlappar hadde skifta eigar, er dagen her. Nå skjer det.
Og kva er vel betre enn å sjå på at andre jobbar? Eg har rigga meg til i godstolen. Ute på tunet står ein svær kranbil. Det er alvor. Det er fagfolk. Dei ser ut som dei har gjort dette før, og det er jo betryggande.Han eine karen tek seg ein røyk. Og det er her eg ser mitt snitt.
Eg har vore lærar. Eg veit at gulrot fungerer uendeleg mykje betre enn pisk. Så eg hentar ein stol og eit oskebeger, og set det diskré ut på altanen (den delen dei ikkje jobbar på enno).
Driv eg og korrumperer? Tja. Eg likar å kalle det strategisk tilrettelegging for auka arbeidsinnsats.
Ein litenbonus. Eit signal om at "her vert de sett pris på". Eg håpar jo at denne vesle gesten sikrar at akkurat min altan blir den tettaste og finaste dei har montert i heile år.Sjølv sit eg altså her som kvalitetskontrollør. Eg evaluerer undervegs. Prøver å bruke den gode, gamle 1 til 6-skalaen.
Begge karane er forresten bergensarar. Store i kjeften, men raske i snuen. Det er høg temperatur på diskusjonane dei imellom, men arbeidet går unna. Dei er effektive, det skal dei ha.
Karakteren så langt er pil opp for god bruk av vater.
Dette blir bra. Snart kan stormen berre ule så mykje han vil. Då skal eg sitje her ute. Tørr. Med ein kaffikopp. Og glise.
fredag 7. november 2025
Når livet krev lakksko
Då var den dagen her. Ein sånn dag som er sett av til å ta farvel. Har vore i Haugesund i dag, i gravferda til svogeren min.
Ein kjenner det med ein gong ein tek på seg den svarte dressen. Det er alvor. Brylkremen er på plass, slipset strammar akkurat passeleg, og joggesko er bytta ut med svarte, blanke lakksko. Tradisjonar skal haldast ved like på ein dag som denne.
I kyrkja var stemninga fin, men fatta. Som det skal vere. Eg fekk plass heilt framme. Greitt nok det, ein ser presten, og ein høyrer orda. Presten gjer jobben sin.
Så var det salmane. Eg song med, så godt eg kunne. Og veit du kvifor? Jo, sjølvsagt for salmen si skuld, men og for å få løyst opp stemmebanda. Dei har vore i dvale. Eg har ikkje brukt stemma mi skikkeleg på fleire dagar. Har berre tusla rundt og småprata litt med kaffitraktaren om morgonen, og han svarar jo ikkje akkurat med høg røyst. Så eg var hes som ein kråke. Då gjer det godt å synge litt.
Etterpå bar det ut. Eg gjekk bak kista og fekk bere ein krans. Det er vel det minste ein kan gjere. Eit siste følgje.
Det slår ein jo, der ein går og tråkkar i desse fordømte lakkskoa som slett ikkje er laga for å gå med. Det er krevjande. Men der går ein, og tankane kjem: Han døydde. Eg lever vidare. Så enkelt, og så ufatteleg stort.
Og no? No sit eg her. Livet går jo vidare, bokstaveleg tala. Eg er på reisefot heim att. Buss og båt. Akkurat no har eg ein ufrivillig pause på Leirvik. Klokka er 21.30. Ein time og tjue minutt venting.
Kva gjer ein kar då? Jau, ein finn seg ein krok på Bakeriet Frugård og bestiller seg ei øl.
Så no sit eg her med ein halvliter. Det er meir enn berre å slå i hel ventetida. Det blir eit slags stille, lite gravøl for meg sjølv. Medan eg ventar på båten, går tankane attende til svogeren min. Til det vi hadde i lag, alt det vi snakka om, og alt som no ikkje blir. Ein roleg skål, heilt aleine.
Blogginnlegget er ferdig, og ølet er snart tomt. Eg har på sett og vis gravlagd ventetida òg.
No ventar snøggbåten. Det skal bli godt å kome seg heim.















