Eg står i gangen min og stappar joggesko og håndkle ner i bagen. Utanfrå kjem lyden av kyrkjeklokker drivande. Det er søndag. Klangen dreg hovudet mitt rett tilbake til barndommen. Då kom klokkeklangen rett nok frå radioen i stova, men den var akkurat like heilag for det.
Så snart radioklokkene kima, lakka det mot høgmesse, og alvoret la seg som eit teppe over huset. Eg kan enno minnast korleis den stive kragen på søndagsskjorta gnog mot barnehalsen. Bestefar var emissær, så her måtte me trø varsamt. Far kunne til nød forsvinna ut for å stella i fjosen. Kyrne brydde seg trass alt lite om helgedagen, men nåde den som fann fram strikkepinnane. Eg hugsar korleis eg satt innesperra ved middagsbordet og kjende rykkingane i fotballmuskelen og/eller "slå ball" muskelen mens eg lengta ut til graset der kameratane alt var igang med å velge lag.
Eg ristar barndomstida sine kjensler ut av hovudet, og dreg igjen glidelåsen på sportsbagen. Eg skal på treningsstudio. På sjølve kviledagen. Eg smiler litt av meg sjølv medan eg traskar i veg, men kjenner likevel at skuldrene umerkeleg kryp eit hakk oppover. Er dette eigentleg heilt stovereint?
Utanfor glasdøra til Feelgood-senteret skjer det som må skje: Bråstopp. Låsen blinkar avvisande raudt, og døra rikkar seg ikkje same kor mykje eg dreg. Eg kastar eit raskt blikk opp mot himmelen. Så det var altså her Vårherre skulle setje ned foten.
Brått glir ein skugge forbi på innsida av glaset. St. Peter? I så fall har han bytt kjønn sidan sist. Men kven veit, etter Pride-markeringa i går er vel takhøgda kanskje utvida der oppe òg. Døra glir opp, og ei kvinne ser mildt på meg.
– Du må legge låsebrikka inntil den rette følaren, seier den moderne portvakta.
Eg slepp inn i heilagdomen. Heilt åleine. St. Peter forsvinn som ei ånd i ein fillehaug.
I tre kvarter let eg tyngdekrafta og mekanikken styre. Det er berre meg og den taktfaste, metalliske lyden av maskiner som bryt sundagsfreden. Eg dreg, pressar og lar fysikkens lover kverne på kroppen til eg pustar som ein prest etter nattverdsvinen. Svetten spring fram i dråpar på panna, samlar seg til små bekkar, og fargar t-skjorta mørk i store, klamme halvmånar under armane. Kvar muskelfiber spenner seg i rein, verdsleg utmatting. Her inne finst ikkje eit einaste fordømmande blikk. Ingen tordentale om synd og skam. Berre den djupe, trygge brumminga frå ventilasjonsanlegget som mildt velsignar ein einsam og drypande mosjonist.
Då eg endeleg kjem ut i friluft att, er all klang fordufta. Det ringes visst ikkje for syndarar. Eg traskar heimover med blikket i asfalten og tungt, bøygd hovud. Ikkje tyngd av all verdas skam og arvesynd. Det er nok berre ein nakkemuskel som har fått køyrd seg.
Godt jobbet Gunnar. Da er du form til fjelltur og svømming på Kreta👌
SvarSlettMangt kan skje - på Kreta
SlettEg sit og flirer medan eg les.Sjølv om det ikkje var emisserar i slekta, visste me å oppføre oss på sundag.
SlettHerlig! Kviledagen stod sterkt i min oppvekst òg, og særleg når me var saman med bestefar og bestemor. Men heldigvis kan me kvila på litt fleire måtar i dag!
SvarSlettKjenner att stemninga på sundags føremiddag, ja! Middagsgrytene stod på komfyren, og radioen 'hjala' på med gudstenesta - rikeleg høgt, for Besten og Besto i 'gamlastovo' sko høyra ALT! Og me gutungane tusla no rundt på kjøkenet, i vande for noko 'lovleg' å finna på, på ein sundag. Det vart vel helst til at me gjekk i vegen for ho mor i matlaginga, og ho, som var litt opptrekt av den høgtalande radioen, og ikkje fullt så interessert i gudstenesta som Besto, visste å gi beskjed om me var i vegen, ja... Men så fann me på noko som umogeleg kunne kallast 'arbeid', og dermed lovleg på sundagen - finna/få ei tom trådsnelle og litt såpevatn, og så blåsa såpebobler! Det vart me sjeldan lei av, og ikkje 'synda' me med det heller, så det berga ein god del 'tråkige' sundagsføremiddagar for ivrige og urolege smågutar, ja!
SvarSlettSåpebobler på søndagen, det er jo ei geni løysing. Ikkje arbeid, ikkje uro, berre rein, heilag fysikk i skjønn forening med kviledagen. Bestefar ville nok ha nikka godkjennande til det 😀
SlettEg hugsar godt lyden frå radioen kvar sundags føremiddag mellom elleve og tolv, der salmesongen til orgel fylte stova med høgtid og der presten si røyst la fram dei faste innslaga i gudstenesta, og så preika i midten. Slik var det å veksa opp i ein heim der den kristne trua var noko sjølvsagt.
SvarSlett