Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

fredag 10. april 2026

Blått lys og raud ro

Sola dreg seg ned bak Stordfjella og let det kneppa i metallbeslaga på altanen. Det er lyden av material som må utvida seg, som må ha alburom i varmen. Eller kanskje dei trekk seg saman. Eg veit ikkje. Sjølv sit eg heilt stille. Ytterkleda ligg som ein fargelaus haug på golvet; dei trengst ikkje no. Infra raude stråler frå Mills omnen og frå sola over Stord fekk opp temperaturen. Eg reiser meg frå kosekroken, og ser korleis krøllene i saueskinnet eg sat på sakte lyfter seg att når tyngda mi forsvinn. Eg tek fram børsten. For kvart tak reiser ulla seg, mjuk og rein, men hendene mine hugsar noko langt grovare. Dei hugsar taket i mosegrodde steinar og lungene som brann då eg kasta meg etter ein flokk som hadde sett seg i hovudet at fjellet var deira, ikkje mitt. Blodsmaken i munnen var ein fast fylgjesvein i bakkane på 50-talet, når desse ullfirkantane trossa alt som heitte fornuft og sprang kvar sin veg. Men så, når skuggane vart lange og den siste bjølla endeleg klang mot sauefjøset – den tunge, varme freden som seig i kroppen då alle ulldottane var i hus til kvelden. Det er den same roa eg børstar fram no. Sjølv om sauen er dau, sit handlaget i meg. Eg veit kva dei treng. Ute i skumringa skiftar Opsangervatnet ham. Det djupe blå sig inn over speglflata. Er det eit lite vink frå ein skapar, eller er det berre lyspartiklar som vert brotne og kasta rundt i atmosfæren før mørket tek over? Når eg fyller eit glas frå kjøkenkranen, er vatnet jo berre klårt og gjennomsiktig, heilt utan trolldom. Då er det noko anna med glaset på altanbordet. Der er det ingen tvil. Det lyser raudt mot meg i solnedganen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar