Vitjingar sidan 25.06.2010
Søk i denne bloggen
søndag 31. januar 2016
Buddhistane later seg ikkje om søndagen
tirsdag 26. januar 2016
Redda av dei låge temperaturane
fredag 22. januar 2016
Å ha skeia i rett hand
tirsdag 19. januar 2016
Ein fuktig kveld i Thailand
søndag 17. januar 2016
Det regnar sjeldan når himmelen er blå
Me ler av yr.no her i Hua Hin. Nå meldes det regn for 2 dag på rad. Men her skin sola, og eg salvar meg inn med solkremen som aldri før. Trur ikkje Det norske meteorologiske instituttet har greie på været sør for Skagerrak og aust for Kjølen. Iallfall ikkje her.
Skal det regne i Thailand må det skje ved under, ved trolldom eller kanskje ved meir eller mindre vitskaplige metodar. HM Kongen her har lenge vore aktiv innan forskningsfeltet: regnlaging. I mai 2005 skreiv Klassekampen dette om den saka:
"Ellers finnes det selvfølgelig mange mer uvitenskapelige bevis på at regnlaging virker. Blant annet fra Thailand, der kongen har vært en pioner. Han har studert dette temaet siden femtitallet, og har til og med tatt flere patenter på sin spesielle metode, der skyer både oppe og nede sprøytes i en sandwich-strategi. I år, med en tørke som har rammet over ni millioner mennesker, har Thailand foretatt over 575 regnsåingstokter med fly fra ni ulike flyplasser. Og de påstår det har hjulpet, men slikt er selvfølgelig vanskelig å bevise, fordi regnet kanskje kunne kommet av naturlige grunner".
Nå er kongen gammal. Men ein tøff kar som ikkje gir opp korkje livet eller regnet. I juli 2015 skreiv Thainytt. no følgjande:
"I Thailand er det nå igjen satt inn fly for å skape kunstig regn. Et hovedmål er å øke vannreservene i damanlegg for å kunne forsyne jordbruksland og husholdninger.
Dette er gjort tidligere, etter initiativ fra HM Kongen, og det er han som nå også står bak to flyenheter, plassert i henholdsvis Chiang Mai og Nakhon Sawan."
Rengfokuset mitt idag tyder ikkje at eg lengtar etter regn. Det er for tidleg på reisa mi til å komma med slikt. Skal eg fukta meg nå, skjer det i Siambukta eller på Chang-kneipa. Så til så lenge vonar eg at HM Kongen ikkje lukkast med trollskapen sin.
PS. I dag vandra eg mellom dei spredande plenvatnarane. Greitt nok det...
torsdag 14. januar 2016
Lyset er lyst i Thailand. Men mørket er svart.
Eg har reist til lyset. Kvart på sju om morgonen skin sola meg i auge gjennom den glasstripa eg ikkje drog gardina over kvelden før. Denne strima med lys, som får meg til å sprette or senga og nokre gonger legge ut på morgentur. Men nokre andre gonger får lyseglipa meg til å leite fram nokre av dei saftigaste eidar eg kan. Det er uråd å få sova frampå i dette landet.
Men når sant skal seiast, er morgonen den beste tida på døgeret. Då er temperaturen rundt 24 grader og thaijentene er på sitt vakreste, der dei sit nyvasket og nystrigla på scooteren sin på veg til jobb. Det inspirerer meg til å yte ekstra på morgenturen, og til å trene på hurtig gange med stilig kroppshaldning. Tenkjer eg.
Når klokka går mot midt på dagen, blir det lysare. Det blir også mykje varmare. Gjerne fleire grader over 30. Då går eg ikkje tur i utide. Berre om eg manglar noko livsviktig, tek eg beina fatt til butikken. Tuktuk folka ler av meg. Dei vil ha meg i baksetet. Eg vil ikkje det, sjølv om eg veit at det er det eg burde ville. Men eg føyer ikkje folk som ler av meg - diverre.
Sola går ned kvart over seks nå om dagen. Etter det er det godt å sitte ute. På terrassen med eit tjukt lag myggolje og ein Mont Claire i glaset. Denne raudvinen som er blitt så populær i Thailand. Laga av druekonsentrat importert frå Sør Afrika, gjæra, tappa og lagra i Bangkok. Ein snedig måte å unngå dei svært høge importavgiftene på vin. Og ein grei nok drikkbar vin. Elles er jo Thailand ølets land. Mykje godt øl til å leske seg på i varmen finn ein her. Min favoritt er blitt Chang. Den kan eg sitje på fortauskanten om kvelden å nyte, saman med synet av slitne Thaijenter som køyrer på mopedane sine heim frå jobben. I allfall nokre av Thaijentene gjer det. Nokre andre Thaijenter startar arbeidsøkta si då. Om kvelden. For dei er det kjærleik frå første bath.
Slik er det her i Thailand. Sola ho skin over både dei rettferdige og dei urettferdige. Sjølv om dei urettferdige sjeldan er oppe før sola har gått ned i Thailand. Og då er det mørkt, nett som overalt i verda.
søndag 10. januar 2016
Når klokka løper løpsk
Det er lørdag midt på dagen når eg viser fram boarding kortet mitt i innsjekkingen på Oslo Airport. Dei andre som står i køen ved gate 51, skal og til Thailand. Til saman fyller me ein heil Dreamliner, som Bjørn Kjos endeleg har fått skikk på. DY 7201 er flighten, og den skal til Bangkok.
I Oslo snør det når me går ombord. Snøplogane er større, fleire og hissigare enn eg nokon gong har sett dei på Haukelifjell. Dei jagar snøen, og lagar eit ragnarok som eg aldri ville køyrd i kolonne etter med min SX4. Men Dreamlineren heva seg høgt over dette snøråket, og steig mot himmelen som skulle det vera sjølve engelen Gabriel.
Me sette kursen mot aust, flaug vekk frå dagen og inn i natta. Ingen klokker er gyldige lenger. Me kan gløyme både tid og rom for ei stund. Å stille klokka rett etter kor flyet er til ei kvar tid, gav eg opp i 2013. Då flaug eg same vegen med Thai Airwais på nyttårsafta. Eg meinte det kunne vera kjekt å vite når rakettene skulle skytast opp. Eg bomma på den kontinuerlige klokkestillinga . Eg såg ingen rakettar korkje over Turkmenistan, Afghanistan eller Pakistan.
Denne gongen gjorde eg kort prosess. Idet me passerte Kabul, skrudde eg klokka 6 timar fram. Altså til Bangkok tid. Så lot eg det stå til.
"Nå er det kvelden " sa han i sidesetet. " Nei det er svarte natta " meinte eg. Tid er noko relative greier, iallfall når klokka løper løpsk...
fredag 8. januar 2016
Ei neglebitt veke
2016 er ei veke gammal idag. Det har vore ei iskald veke. Eg ante uro då nyttårsgjestene måtte skrape is frå bilglass, då dei forlot oss på 2 nyttårsdag. Men verre skulle det bli utover i veka. Og det ser ikkje ut som om det vil endra seg med det første. Iallfall om ein festar lit til Gislefoss, det være seg junior eller senior.
Eg la bort fjellturar, sommerdekk og T-skjorter. Ingen glede i å utsette den gamle kroppen for ekstreme klimatiske tilstandar. Det har blitt ei veke i sofakroken med bøker, filmar og rester av julegodt. Ei framifrå veke, eigentleg. Men ei veke som bryt med alle tradisjonar hos meg og hos mange. Slike nyttårsforsett er det få som set seg. Men eg hevar meg over den smertelege samvitskjensla, som seier eg er lat og gjer alt feil. Eg reknar med å få tilgjeving frå frisklivskoordinatoren i kommunen, dersom eg snakkar med ordføraren først. Han fiksar det meste på tvers av alle kommunale byråkratar, om ein skal tru lokalavisa.
Idag har eg pakka kofferten og sit på eit hotellrom ved Bergen Airport. I morgon migrerer eg til varme strok for nokre månader. Då skal eg ta fram T-skjorta igjen...