Huset får klara seg sjølv. Slik tenkte eg før i tida når eg reiste på ferie med heile familien, og naboane også var bortreist. Slik er det ikkje nå.
Nå er det hjelp å få frå teknologien på mest alle område. I dag har eg aktivert mange av robotane mine. Dei skal førebu fråværet mitt, og styra og stella mens eg er vekke. Dei er apps-ane i heimen. Dei som gjer at alt er på strekk, også når eg returnerer.
Bassenget vert reinhalde av min kjekke sugande ven. Eg kallar han Sugfus.
Stovegolvet skin i kapp med sola etter at den sugande Roomba-en har rusla rundt.
Tomatplantene lir inga naud når bartenderen deira stadig skjenker på meir drikke.
Slik er det og med alle hageplantene som står i dei tusen urnene rundt omkring. For høvet er dei samla i flokk, nett som å sjå innsjekkingskøen hjå Ryanair.
Og så til slutt, for at ingen skal oppdaga at vi er bortreist, tenner automatikken utelyset dann og vann.
Dette siste skulle jo aldri vore publisert. Men sidan det blei det, får eg likevel gi ei åtvaring: Sjølvskot er lagt ut, og alt anna er sprøyta med Duplosan, Roundup og Basudin. Så hald deg vekke frå jordbæra!
Vitjingar sidan 25.06.2010
Søk i denne bloggen
torsdag 23. juni 2011
onsdag 22. juni 2011
Koffertval
Eg har lagerrom i kjellar og på loft. Begge plasser er det koffertar som dominerer. Dei finns i alle kvalitetar, storleikar og fargar. Og mange har klart å oppnå høg alder. Særleg dei eg har pensjonert, men ikkje hatt hjarta til å kvitta meg med. Det skal mental styrke til for å skilja seg av med ein koffert som trufast har fulgt meg på kryss og tvers i verda.
Å henta fram ein koffert frå desse arsenala, er ei utfordring både for meg og for kofferten. Ofte ligg den eg ønskjer å bruka, heilt på botnen i halvmørket. Å få dei fram i lyset krev sterke armar og solide handtak. Eg må ta i like sterkt som stuarane på flyplassen plar gjera. Dei riv og slit i både handtak og bagasjelappar, sjølv om det ligg ein haug med andre sine koffertar oppå min.
I dag har eg valgt meg ut ein til Spaniaturen som er like rundt nova. Det blei ein i kraftig nylon som er vevd i bikube-form, med klassisk, tidløst, men stilreint design. Den har uttrekkbart trolley håndtak i aluminium, og store, lett rullande og robuste hjul.Den har innvendige kompressjonsstroppar som held innhaldet på plass under transporten. Og glidelåsen er låsbar med kodelås.
Nå er kofferten pakka og vege. Eg gav meg ved 19 kg. Det er kva kona og eg skal klara oss med i 14 dagar på Viena 1 i San Rafael (som ein kan klikka seg inn på der). Der har me råderetten over heile eigedomen, og der blir me saman med alle 17 våre i 2 veker. Ei historisk hending.
Eg reknar med at kofferten overlever flyturen, men om han klarer resten av opphaldet er uvisst. Det kan bli mange vågale forbikøyringar i innspurten.

fredag 17. juni 2011
Virtuelt hopehav.
Lågprisselskapa så som Ryanair, Norwegian, KLM og sikkert fleire, tek seg ekstra betalt for alt mogleg nå om dagen. Skal ein til dømes vera trygg på å få sitteplass ved sida av den ein reiser saman med, må det reserverast sete og betalast ekstra for det. Hos Ryanair må ein betala for såkalla Priority Boarding noko som gir deg rett til å stå i Priority Q ved ombordstigning. Men seteplassnummmer får ein ikkje i det heile der i gården. Eg og kona har opplevd å sitja langt frå kvarandre under lange flyreiser. Då kan reisa bli ekstra lang.
Nå har Kjos lagt forholda til rette for ei grei løysing på dette problemet. Ein kan kjøpa seg tilgang til trådlaust Internett ombord i flya hans, noko som gir fantastiske muligheiter for nærleik til sin kjære under flyreiser.
Aftenposten refererer følgjande soge:
"Flyselskapet Norwegian tilbyr trådløst Internett om bord på sine flyvninger, og kabinsjef Bård Erik Flatin var til stede da et par av passasjerene benyttet seg av Skype under serveringen om bord.
For en tid tilbake fløy jeg tur til de sydligere deler av Europa hvorpå jeg stod med vår serveringsvogn et sted i fremre del av kabinen og serverte en hyggelig kvinnelig passasjer. Mens hun tilsynelatende jobbet på sin laptop med tilhørende øreplugger i, bestilte hun noe mat og drikke av meg. Som seg hør og bør avslutter jeg med: «Var det det hele? Ønsker du noe mer?» Passasjeren svarer «Vent, litt så skal jeg høre!», hun snur seg mot laptopen sin og sier: «Skal du ha noe, Gunnar?». Hun nikker bekreftende på hodet og snur seg mot meg igjen og sier, «To øl og chips til mannen min på 14F, er du snill».
Herr og fru passasjer så tydeligvis ingen vits i å forhåndsbestille sete når de kunne sitte virtuelt sammen ved hjelp av Skype."

torsdag 16. juni 2011
Hos frisøren
Eg har klipt håret idag. Det gjer eg oftast hos Tango på Husnes Storsenter. Når eg entrar desse lokala, opplever eg å vera på ein arena, der eg aldeles ikkje kjenner meg vel. Ei av kvinnene som arbeider der er herrefrisør, alle dei andre er opptekne av kvinner. Slik er det blandt kundane og. Dette er ikkje ein stad der mange menn ferdast. Eigentleg rart at det er slik. I eit samfunn som Husnes er det ikkje flust med stader der menn og kvinner kan møtast. Sjekkestader meiner eg då.
På ein frisør-/beautysalong ligg tilhøva svært godt tilrette for litt sjekk og flørt. Her kan ein både direkte og gjennom eit utal av speglar, inngåande få observera og vurdera kroppane til det andre. Iallfall den delen av kroppen som stikk over frisørkappen. Ein får studert korleis kvinnene ser ut med både vått og tørt hår. Med og utan hårfarge, med og utan krøllklemmer og ikkje minst det ferdige produktet. Eg må vedgå at kvinna ikkje synes like atraktiv i alle desse tilstandane.
Og så er det alle dei gode samtalane ein kan overhøyra og eventuelt ta del i på salongen. For oss menn tek diverre klippinga berre eit kvarter, i motsetnad til kvinnene som sit der i timesvis. Dei kan verkeleg gå inn i grundige og uttømande konversasjonar. Eg får likevel høyra meir nytt på eit kvarter der, enn eg får med meg i løpet av fleire veker andre stader.
Det er dyrt å klippa seg på Husnes. 340 kroner for å bli saksa litt på toppen, er mykje. For å få mest mogleg att for pengane, har eg byrja bed om ekstratjenester, så som klipping av augebryn, nasehår og hår i øyregangane. Det er jo på slike stader veksten er på sitt beste i min aldar. Eg prøver å strekkje desse ekstratenestene lengst mogleg, utan at det til nå har påvirka prisen. Eg undrast på kor grensene går her.
Ein gong for nokre års sidan reiste eg til Bergen og klipte meg hos ein innvandrarfrisør. Som senior tilbaud Tide båtreise til byen for kr 100 kvar veg, og innvandraren skulle ha 100 kr for jobben. Det vart rimlegare for meg enn å klippa seg her på Husnes. I tillegg fekk eg klassisk fiolinmusikk av innvandraren sin bror under heile klippetida. Og når eg var ferdigklipt fekk eg sjå bilete av dei nyfødde tvillingane som frisøren var blitt bestefar til. Det vart ei skikkeleg kosestund, som eg godt kunne tenkt meg å repetera.
Men det blei ikkje meir av det. Eg turde ikkje utsetja meg for slikt, fordi når eg kom attende til Tangosalongen på Husnes, sperra frisøren min augene opp og utbraut "Men Sandvik, har du vore trulaus"?
Dette var nok knask for alle papilottutstyrde fruentimmer på salongen. Eg såg tørkehetter som vart bøygd til sides og blikk som vandra kvilelause rundt i salangen. I Tangotakt. Frisøren såg straks endringa i hårsveisen min, og skjøna at eg hadde vore hos andre. Dei nyheitshungrande kundene visste at trulaus i nynorskland tyder utru. Dei skjøna såleis også på sitt vis at eg hadde vore hos andre.

tirsdag 14. juni 2011
Med friske auge
Eg sit på ferjekaien på Skjærsholmane. Ein utriveleg stad der søppelbilar, trailarar med spesialtransport og tyske bubilar, står i oppstillingsfilene og ventar på avgang til Kvinnherad. Eg småfrys, mens Vårherre spyler bilen min. Det varmar.
Augelegen har granska augeskaden. Ingen indre skader, og eit optimistisk estimat er at folk kan sjå meg i kvitauget att om 12 dagar. Godt nytt for meg.
At besøket kosta meg rundt 800 kroner samla sett, kan eg leva med.
Nå ser eg på framtida med "friske" auge.

Published with Blogger-droid v1.7.1
Nesten lobotomert.
Eg sitte på ferja til Stord. Det er dårleg ver, og bølgjene skyller over ferjeporten og kjem i sprøytar innover bilen. Eg likar lite at nyebilen skal vaskast i sjøvatn.
Men eg likar ennå mindre denne ekstraturen til augelegen. Etter nærast å ha blitt lobotomert på fredag, reiser eg over Klosterfjorden med eit auge som er blodraudt der det kvite skal vera. Slik ville ikkje augelegen min at eg skulle ha det, sa han i telefonen. Auga mitt har nok å stri med frå før.
Dette einaste brukbare av dei to, har nok av dimme flekker rundt omkring. Vindauga mitt mot verda gir fragmenterte bilete.
Slik vert det når ein kolliderer med alt mogleg i kvardagen. Denne gongen var det antennestanga på reiseradioen som kilte seg inn i augeropa.
Eg må visst begynna å bruka sjørøvarlappar. På begge augo. Eller skylappar.

onsdag 8. juni 2011
Maskulin husvask
Eg er oppvaksen på 50-talet. På landet der bondesamfunnet med sitt arbeidsfellesskap var med å forma tenkemåten og fordommane mine. For dettte arbeidsfelleskapet var eit felleskap der ikkje alt arbeid var like høgt rangert. "Kvar må gjera det dei er best til", blei eitslags mannsjåvinistisk omkvede. Per definisjon var ikkje menn gode på innearbeid. Dei mangla både reinsemdgenet og meistra ikkje fillevridinga. Det var mor som deltok i arbeidsfellesskapet - ute. Inne styra ho aleine. Laga felles måltid, baka brød og boller, vaska kler og vaska hus.
Då eg vart gift, sneik etterkvart radikalfeministane seg inn på banen, og øydela denne gode arbeidsdelinga med sine likestillingsideal. Kvinnene som oftare enn før gjekk i løna arbeid, tvang fram eit paradigmeskifte på dette feltet, og dreiv mennene frå skanse til skanse. Eller frå bilvask til husvask for å konkretisera. Eg, oppvaksen i eit mannsdominert bondesamfunn på 50-talet, har aldri heilt internalisert desse nye normene.
Men nå er det slik at det finns mange slag husvask. Også slikt slag som menn kan utføra utan å missa kjønnsidentiteten sin. Inne i huset dreier det seg om avanserte reingjeringsjobbar som krev til dømes bruk av høgtrykks dampvaskar, eller å setja igang robotstøvsugaran. Utomhus ferdast ein i tryggare farvatn, så der er husvask for menn heilt greitt. Ein kan nytta høgtrykkspylar eller sprøyta kjemikalier oppetter veggane. Då må ein og stå i stige, og sjeldan får ein meir merksemd enn då.
I morgon tek eg til på den jobben. Eg set opp stigen, fyller kraftvask i hagesprøyta mi, og lar det stå til. Så har eg ein avtale med Vår Herre om at nedspylinga av skit og renseveske, tek han seg av.
Denne jobben trur eg kan gjennomførast på ein maskulin måte som tek vare på våre beste tradisjonar frå oppveksten min.

mandag 6. juni 2011
Køkultur og valutahandel
Finansforbundet har varsla plassoppseing for 15000 tilsette i 129 banker frå i morgon av. Slikt gir travle dagar for norske journalistar. Nå lar dei E. coli-bakteriene få leva sitt eige liv for nokre timar, mens dei hausar opp omkring problemstillinga: Korleis overleva under ei bankstreik med tom pung. Når ikkje debet- og kredittkorta virkar lenger, når kjøle- og fryseskapa er tomme, når naboen bankar på døra og ber om å få låne eit stykke brød, kva gjer du då? spør dei. Deler du dine siste smular med eit medmenneske eller spring du i banken idag og skaffar det kontanter, slik at du kan handla ny mat under ei eventuell streik og? Stilt framføre slike etiske dilemma, må det takast kvalifiserte valg. Eg skjøna etter fintenkinga i natt, at dagen måtte nyttast til køståing. Og slik blei det.
Å stå i kø i moderne tider, gir ikkje dei same utfordringane som før. Iallfall ikkje om ein skal inn i ein bank eller eit apotek, eit post- eller eit passkontor. Då touchar ein skjermen og vips sprett det ut ein kølapp med kønummer, dato, klokkeslett, kor mange som er framføre deg i køen og ei hyggeleg velkomsthelsing. Det var situasjonen for meg idag.
Eg er autodidakt innanfor køkunsten. Dei empiriske erfaringane livet gav meg i kinokøen på Håndverkeren i Haugesund på 1950-talet, kvalifiserer for ei heilt anna menneskleg åtferd enn den som høver seg i dagens køar.

- Sniking er heilt utelukka. Dette å koma seg nokre plassar lengre fram utan å verta hukka korkje av kinovakta eller av medkøarar, var eit kunststykke. Og det gav eit enormt egoløft. Men skrekk og gru om ein vart hukka.
- Å pirka på jentene, anten nappa dei i krøllene eller dunka dei i ryggen, vert heller ikkje akseptert lenger. Ikkje skjønar eg korleis det motsette kjønn kjem saman lenger når desse fine arenaene for slikt er borte.
Idag måtte eg stå roleg å sjå vekselvis frå kølappen min til den lysande nummertavla som skifta tal så seint at eg trudde streiken alt var igang. Men til slutt vart det min tur. Og eg fekk pengesetlar av både innanlands og utanlandsk valør, som eg ikkje har sett sidan korta kom i pengeboka. "Å er det slik dei ser ut nå", sa eg. "Ja, ver snill og kvitter her", sa den potesielle streikaren og skauv eit elektronisk brett mot meg. Eg greip ein av pennane som flaut rundt på skrivebordet hennar, og signerte. "Nei og nei", ropa ho. "Kva då", ville eg vita. "Ikkje med den pennen, nå får eg ein forbaska rensejobb å gjera", meinte ho.
Så lærte eg noko, også idag. Det er ikkje berre å tru at ein penn er ein penn. Eg må visst gå oftare i banken, for å hugsa dette.
onsdag 1. juni 2011
Straumsparing
I mai månad plar eg bruka mykje straum. Det har fleire årsakar, men fyring i drivhuset og oppvarming av bassengvatnet dreg vel flest kWh. I tillegg har eg ofte starta terrassesesongen, der dei infraraude varmarane putra og går, for å halda varme i gamle skrottar ut i maikveldane.
Den første dagen i månaden skal Kvinnherad energi ha forbrukstala mine. Det er difor alltid med bevrande hjarta eg den dagen går til sikringskapet, les av og noterer alle tal framføre komma som eg finn på wattmeteret der. Eg loggar meg på pc-en, tastar inn tala og får straks forbruk og avrekning på skjermen.
I dag var energiselskapet i godlune. Månadsforbruket mitt såg slik ut:
Mai månad i år ligg rundt 50% av forbruket i fjoråret. Eg måtte tenkja meg om då eg såg det. Kva er det med mai i år? Det har jo vore så svina kaldt mest heile månaden.
Så rann det i meg. Bassenget ligg jo framleis uoppvarma og i drivhuset har tomatene og agurkene måtta nøya seg med dei varmemengdene som huset har fanga frå sola. Det er ikkje mykje. Agurkene gav seg hin dagen. Dei ville ikkje vera med på det eksperimentet lenger.
I tillegg har eg jo og vore lite i heimen. Nåre ein reiser i hytt og ver, sparer ein straum.
Det er viktig å spara på straumen. Nå skal jo og Tyskland stenga ned sine atomkraftverk, og då kan det bli gufse her.
Mine 4 enkle råd for straumsparing er difor:

- Reis mest mogleg vekk frå heimen
- La agurkene daua i drivhuset, og kjøp heller inn spanske
- Om du har basseng, la heller meitemakkane og piggsvina glede seg der i det kalde vatnet
- Kle deg i superundertøy, bobleklær, øyrklaffhua og goretex hanskar i mai kvelden, når du nyt ein avkjøla raudvin på terrassen.
Dette er grundig utprøva verkemiddel, som viser seg å ha effekt. Det skulle grafen ovanfor syne med all tydlegheit. Alle andre tiltak synes eg er nytteslause.
Abonner på:
Innlegg (Atom)