Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

søndag 12. juli 2026

​Kunsten å lene seg framover

hits​Har du nokon gong studert ein eittåring som held på å knekkje gå-koden? Det er fysikk i praksis. Å gå er i grunn ikkje noko anna enn å kasta seg kontrollert framover, og håpa at foten rekk å ta imot før tyngdekrafta vinn. Og i starten vinn tyngdekrafta kvar gong. Møtet med stovegolvet er brutalt, det smeller, og tårene kjem trillande. Vi som står rundt løftar dei små opp, men vi pakkar dei ikkje inn i bobleplast. Vi set dei varsamt ned på føtene att.  

​Vi gjer det fordi vi veit at smerta er heilt naudsynt. Kvart einaste fall er eit nytt datapunkt, hard empirisk testing av balanse og friksjon. For kvar gong barneføtene sviktar, justerer vesle hjernen utrekningane sine bittelitt. Den kortvarige smerta er inngangsbilletten til eit liv i rørsle, eit liv der ein kan oppdaga verda på eigne bein.  

​Som barn fell vi for å læra oss å overvinna tyngdekrafta. Som gamle fell vi fordi naturlovene, og sjølve entropien, byrjar å krevje sitt. Og parallellane mellom dei fysiske og dei sjelelege falla er slåande. Det startar ofte i det komiske. Du leitar systematisk etter mobiltelefonen. Under sofaputer, i jakkelommer og inni kjøleskåpet. Så finn du han på salongbordet. Du flirer, og aksepterer med eit varsamt smil at maskineriet byrjar å fuska.  

​Men så må ein innsjå at det ikkje berre er minnet som sviktar, men sjølve optikken. Når verda berre kjem inn gjennom eit halvt auge grunna all slags stær, og høyrsla gjer lydbiletet flatare, er det ikkje lenger noko ein kan pussa vekk. Det er ein kald, biologisk realitet. Då må ein bita tennene saman. Håpa på  at ikkje resten av lyset også takkar for seg. 

Ein må gjere eit val. Ein kan ikkje be til høgare makter om mirakel, for fysikken har ingen overnaturlege snarvegar. Ein må ta tak, rydda unna frykta, og møta realitetane med rak rygg. For sjølv om synsfeltet snevrar seg inn, er det framleis meir enn nok lys att til å la seg blende av alt det vakre som er rundt oss.  

​Og så har vi dei verkeleg brutale falla. Dei som slår lufta heilt ut av oss. Å sitje ved ei seng og sjå på at ein du var glad i, trekkjer pusten for siste gong. Å kjenne at ei hand som alltid har vore varm, gradvis slepper taket og blir kald. Når slike ting skjer, finst det ingen englar eller fiktive plaster som kjem dalande. Det er berre deg, kjensla av eit tomt hjerterom, og den klare realiteten av at noko avsluttande har skjedd. Det er eit sjeleleg fritt fall, rett mot eit beinhard golv.  

​I barndommen fanst det eit magisk plaster for kvar minste skramme, gjerne ledsaga av eit kyss på kneet. Men apoteket har ikkje plaster for dei djupe kutta livet påfører oss. Å klistre flosklar eller overnaturleg håp over botnlaus sorg, er som å setje eit vanleg sårplaster over eit ope beinbrot. Nokre sår må rett og slett få liggje opne. Dei svir, dei verker, og dei krev at vi berre står i det, fullt og heilt. Såra lyt svi fram til den, fantastiske biologien vår gjer jobben sin. Celler deler seg, og sakte gror det. Tilbake står arret. Det er ikkje ein feil eller ein svakheit, men eit knallhardt, empirisk bevis på at du tok støyten og nekta å bli liggjande. Det er hud og sjel som har vorte sterkare akkurat der det ein gong brast. Og med den styrken kjem også evna til å kjenne glede att.  

​Det er nettopp nå, med arra synlege, at vi kan bli noko  avgjerande for medmenneska våre. Den som sjølv har kjent det iskalde golvet mot kinnet, veit korleis det kjennest når andre fell. Vi treng ikkje kome med lettvinte råd. Når ein ven mistar fotfestet, kan vi i staden vera eit stødig, varmt anker i rommet. Ikkje fordi vi kan oppheva tyngdekrafta for dei, men fordi vi sjølv har falle, reist oss att, og veit at livet framleis er verdt å leva. Den lunaste omsorga kjem frå dei som sjølv har sett mørkret i augo, stålsett seg, og likevel valt å omfamne dagane som kjem.  

​For kor mange ganger kan vi klara å reise oss? Eg trur svaret er at vi reiser oss så lenge maskineriet overhovudet lèt seg rikke. Vi lyt tørke vekk blodet, ta inn verda med den delen av synet som fungerer. For ho er sannelig flott framleis denne verda, og det  er godt å kunna ta eit nytt, trassig steg framover.  

​Eg sit i sofaen og hugsar eittåringen som stod og ruga borte ved sofabordet. Handbaken hans var rundt bordkanten. Han slapp taket. Eit lite sekund av perfekt, dirrande fridom. Så gjer tyngdekrafta det ho alltid gjer.  

​Smellet mot parketten er hardt og udiskutabelt. Eit kort sekund er rommet fylt av ei djupt trekkjande innpusting. Underleppa hans skjelv. Han ser over golvet, rett på meg.  

Eg lagar ingen trøystande lydar om at det ikkje gjorde vondt, for vi veit begge to at det smalt skikkeleg. I staden møter eg blikket hans med det auget eg har til rådvelde, og nikkar berre sakte. Eit tenkt, lydlaust forlik mellom ein som akkurat har byrja å kjempe mot tyngdekrafta, og ein som har slåst mot henne i over åtti år.  

​Han snufsar éin gong. Så tar han tak i sofakanten, drar det eine kneet opp under seg, og gnikkar seg litt på låret. Han festar blikket på ei raud leike på den andre sida av rommet, klar for eit nytt forsøk.  

​Så lener han seg framover. Ut av balanse, inn i rørsla. Ut i livet.  


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar