Eg pustar sakte ut og lar skuldrene senka seg. Pustar med magen roleg inn og rolegare ut. Det er rart, og ganske fint, korleis kroppen finn rytmen sin. Vagusnerva. Denne fantastiske, biologiske bremsepedalen me alle ber på – gjer nøyaktig det ho skal. Ho sug til seg roen og sender beskjed til hjertet om å slå i ein jamn og riktig takt. Det kjennest som ei velkjend likning der alt endeleg går opp. Det er rett og slett ingenting å stressa med.
Eg set frå meg koppen og reiser meg for å henta nettbrettet. Det knakar kanskje ørlite grann i ei hofte, men føtene ber meg. Eg vaggar litt avgarde men eg stoler på dei som plantar seg stødig i golvet. Desse beina, som har trampa gjennom livet, i uvær og finvær . Gjennom skog og over fjell, som har farta rundt og halde meg oppe i alle desse åra, dei gjer jobben framleis. Dei veit nøyaktig kvar tyngdepunktet ligg. Det er ein liten, men viktig seier i det, å kjenna at grunnmuren held liksom.
Inne på badet kastar eg eit blikk i speilen. Eg dreg begge hendene gjennom manken. Og joda, det veks! Det er jo rart, at desse cellene trassig held fram med å dela seg og produsera hår kvar einaste dag, sjølv om ein har samla ei god mengd år på baken. Eg må humra litt for meg sjølv. Av det store alvoret me så ofte pakkar oss inn i, av bekymringane for alt som kanskje, muligens kan gå gale, men som nesten aldri gjer det.
Når eg slår opp i den digitale avisa, og overskriftene skrik om ei verd som verkar spinna galen, merkar eg at panikken uteblir. Hovudet fangar opp understraumane, greier å sortera støyen og skjøna kva som er kjernen. Det vil helst gå bra. Hjernen har eit heilt livsverk av eit referansebibliotek å spela på. Det gir ei eiga, djup ro å sjå bølgjene slå, og vita at jorda tross alt held fram med å snurra.
Dette er i grunnen det aller finaste med å bli eldre. Ein sluttar å jaga etter det som ligg rundt neste sving, og startar å dvela ved det som er her og no. Å kjenna takksemd for å vera eit levande, pustande hylster av karbon og stjernestøv. For den rolege kjærleiken i kvardagen, og for å ha ei varm hand frå kjærasten min å halda i når kvelden kjem. Livet er her, akkurat nå, og det er i grunnen fantastisk å få vera med på ferda.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar