Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

lørdag 26. juli 2025

Stunder som varer lenger enn besøket

Dei er vaksne no, barnebarna mine. Tida har gjort det ho alltid gjer – rusla vidare, litt for fort, medan eg stod att og lurte på kor det blei av dei små hendene som klatra opp i fanget mitt. No har dei førarkort og eigne bilar. Og det kjennest både rart og vakkert. Men det finaste er kanskje at dei framleis kjem. På besøk. Til meg.
Denne gongen sat vi fleire rundt bordet. Av mine 9 barnebarn var det dei 3 yngste som kom denne gangen. Chili con carne i tallerkenane, eg hadde kokt etter beste evne – og dei åt med god appetitt og akkurat passe mykje skryt. Nok til at eg trudde på det. Eller ville tru på det. Eg skrudde opp høyreapparatet – eg ville ikkje gå glipp av noko. Praten, latteren, tempoet i stemmene deira. Ungt, ope, fullt av framtid. Seinare, då dei andre hadde reist, var det berre Kristina og eg att. Vi spelte Ubongo. Eg tapte – sjølvsagt. Det gjer eg nesten alltid, og det har eg blitt ganske god til. Ho lo, men heldigvis saman med meg, ikkje av meg. Eg kunne jo ha håpa at ho let meg vinne, slik eg gjorde med henne då ho var lita. Men nei. Det har ho tydelegvis gløymt. Eller så tenkjer ho kanskje at eg har godt av å tapa litt. Det kan jo henda – eg er jo ein moden mann, godt rusta for nederlag. Trur eg. Ho køyrde meg ut på tur òg. Bak rattet – trygg og roleg, medan eg sat ved sida og kjende meg ivareteken. Det var noko i den stille omsorga, den ubestemte kjensla av å vera viktig, som gjorde sterkt inntrykk. Så reiste ho òg. Eg stod att i døra, slik eg alltid gjer. Vinka, kjende det stikke litt i brystet – det gode stikket, det som tyder at ein har noko å sakna. Eg sette meg ned att. Tok ein kopp kaffi. Og tenkte: Eg er rik. Rik på kjensler, på minne, på ungdommeleg energi som får stå og dirra litt i lufta sjølv etter at dei er borte. Det er godt å vera bestefar.

2 kommentarer:

  1. Idag ,søndag morgen dukka onkel Gunnar sin blogg opp på fb. Lenge siden eg har lese noko fra han tenkte eg så alt ble lest . Ein bedre start på dagen kan ein ikkje få. Håpa du legg ut flere etterkvart.

    SvarSlett