Vitjingar sidan 25.06.2010
Søk i denne bloggen
søndag 12. april 2026
Kunsten å eta tørrfisk aleine
Fingrane famla i det kvite rimet heilt nedst i fryseboksen før dei lukka seg om noko hardt og knudrete. Eg lyfta han opp i lyset. Ein liten bit til ein svolten mann. Vi stod der og følte på kvarandre; to vêrbitne karar med tørr hud og mange år på baken. Kven av oss som var mest uttørka, fekk bli ei sak mellom meg og speilet, men det var han som hamna i skåla for utvatning.
Eit døgn seinare gav han etter. Den treharde motstanden var bytt ut med noko mjukt og ettergjevande med oppblåst volum. Det var i alle fall han som endra seg mest.
I kasserollen tjukna kålstuingen, medan baconet i panna sende små, varme spritar av feitt mot kjøkkenflisene. Brått skar ein skingrande tone gjennom rommet. Komfyrvakta var ikkje nådig; han tolte ikkje den feite, tunge steikeosen som steig i spiralform den strake vegen mot taket.
Midt i spetakkelet song dørklokka. Då eg glytta på døra, velta ein frisk søraustleg vind inn i gangen, men han kom ikkje lenger enn til dørstokken. Der møtte han veggen. Den fortetta dunsten av kokt tørrfisk og baconfett stod som ein usynleg mur heilt ut til terskelen.
Dei spontane gjestene bråstoppa. Auga deira smalna i osen, og nasen krølla seg på ein måte som ikkje lét seg misforstå. Eg stod der med sleiva i handa, midt i mi eiga salige boble av damp og svult. Dei kasta eit blikk på grytene, så på kvarandre, før dei mest snubla i eigne bein for å nå altandøra. Med eit synkront drag over brystet reiv dei opp glasdøra og kasta seg ut i den friske altanlufta, som om dei akkurat hadde sloppe ut frå eit røykfylt maskinrom.
Eg vart ståande att i osen. Berre meg og ein middag. Dekka på til ein.
To raude poteter fekk selskap av ein kvit, fløyelsmjuk haug med kålstuing. Eg lyfta fisken varsamt opp; han var ikkje lenger ein pinne, men eit stykke natur som var vakt til live. Ein raus porsjon med sprøtt, salt bacon på toppen var krona på verket.
Eg nappa ut eit gjenstridig bein og såg korleis kniven glei gjennom det kvite kjøtet. Det flaka seg i reine, blanke skiver under gaffelen. I det tennene møtte den første biten, hadde eg gløymt både pipinga frå komfyrvakta og praten frå altanen. Tennene mine gliste av glede, og verda utanfor døra var brått svært langt borte.
Å, mm...
fredag 10. april 2026
Blått lys og raud ro
Sola dreg seg ned bak Stordfjella og let det kneppa i metallbeslaga på altanen. Det er lyden av material som må utvida seg, som må ha alburom i varmen. Eller kanskje dei trekk seg saman. Eg veit ikkje.
Sjølv sit eg heilt stille. Ytterkleda ligg som ein fargelaus haug på golvet; dei trengst ikkje no. Infra raude stråler frå Mills omnen og frå sola over Stord fekk opp temperaturen.
Eg reiser meg frå kosekroken, og ser korleis krøllene i saueskinnet eg sat på sakte lyfter seg att når tyngda mi forsvinn. Eg tek fram børsten. For kvart tak reiser ulla seg, mjuk og rein, men hendene mine hugsar noko langt grovare. Dei hugsar taket i mosegrodde steinar og lungene som brann då eg kasta meg etter ein flokk som hadde sett seg i hovudet at fjellet var deira, ikkje mitt. Blodsmaken i munnen var ein fast fylgjesvein i bakkane på 50-talet, når desse ullfirkantane trossa alt som heitte fornuft og sprang kvar sin veg.
Men så, når skuggane vart lange og den siste bjølla endeleg klang mot sauefjøset – den tunge, varme freden som seig i kroppen då alle ulldottane var i hus til kvelden. Det er den same roa eg børstar fram no. Sjølv om sauen er dau, sit handlaget i meg. Eg veit kva dei treng.
Ute i skumringa skiftar Opsangervatnet ham. Det djupe blå sig inn over speglflata. Er det eit lite vink frå ein skapar, eller er det berre lyspartiklar som vert brotne og kasta rundt i atmosfæren før mørket tek over? Når eg fyller eit glas frå kjøkenkranen, er vatnet jo berre klårt og gjennomsiktig, heilt utan trolldom.
Då er det noko anna med glaset på altanbordet. Der er det ingen tvil. Det lyser raudt mot meg i solnedganen.
lørdag 4. april 2026
Påske, blåtonar og eit ubedt uvêr i kjømda
Det er lenge sidan eg var med og fylte hytta i Vinjefjella til randa av ungar og storfamilie. Slik skulle det heller ikkje vera i år. Likevel kjenst det godt å vite at tømmerveggane framleis er i familien, og at hytterommet mitt no husar yngre kroppar. På telefonen tikka det inn bilete som viste at tradisjonane blir haldne ved lag, og at påskevêret er akkurat like lunefullt som før. Også sonen min på Kreta melder om at den greske sola glimrar med sitt fråvær; grå skyer stengjer for alt som minner om badeliv. Flokken har spreidd vengene og floge ut, nøyaktig slik det er meint å vera.
I Heiamyro hos meg flaut dagane i sin eigen trygge, rolege rytme. Det klirra jamt i asjettar; døra gjekk stadig opp for vener som stakk innom på lunsj og føremiddagskaffi. Kaffimaskina fekk knapt trekkje pusten før ho måtte til pers og trylle fram ein ny cappuccino. Men dei aller finaste stundene låg i dei heilt uforstyrra mellomromma. To kaffikoppar som fanga det første morgonlyset. Ein varm fot som fann min under bordet medan gjestene lo av ei historie. Eit kjapt, samforstått blikk over kanten av glaset – den lune, nesten umerkelege kjensla av å dele det heile med nokon, noko som gjer at veggane heime kjenst akkurat passe tette.
Utanfor dørstokken fann me kontrastane. Ein kveld slo seige gitarriff mot brystkassa inne på Kulturhuset; blåtonane kraup under huda og fekk foten til å vippe i bluestakt i eit lunt og tettpakka rom. Ein heilt annan klang rørte ved oss under kyrkjekonserten i Husneskyrkja, der songen fylte rommet heilt opp under taket og sende frysningar nedover korsryggen.
Me fekk brukt kroppen også denne påsken. Støvlane fann trufast tak i grus og mold langs den gamle postvegen, i ei taktfast vandring heilt til fjorden opna seg ved Utåker og lungene vart fylte av skarp, vårkald luft. Eit anna stykke grovt handverk fann me då lukta av ferskt, tjørebreidd tømmer reiv herleg i nasen ved stavkyrkja til Lothepus. Fingrane glei over dei djupe utskjeringane, medan nakken måtte bøyast langt bakover for å sjå treverket som reiser seg stolt mot skyene.
Så mørkna horisonten. Stormen Dave kom ikkje snikande – han melde sin åtkomst med Gislefoss først i Dagsrevyen. Det var som om meteorologen og stormen hadde inngått ein allianse for å jage fjellfolket heim i ein fart. Vinden kom til å ule som eit rasande udyr rundt hushjørna, og vegane kom til å likne Sodoma og Gomorra, varsla Yr.no. Stressa hyttefolk heiv sekkar og ski inn i bagasjeromma og lét raude baklys forsvinne inn i kvite kolonnekøar fortare enn snøggt.
Sjølv sit eg trygt i Seniorsenteret. Den innglassa altanen knakar rett nok under presset og set beint fram sjøbein for å halde seg ståande mot vindkasta. Innanfor rutene legg den djupe, raude gløden frå dei infrarøde Mills-omnane seg over golvet, og planen var eigentleg å late Dave herje heilt frå seg ute i mørkret. Men Gislefoss på skjermen, med rynka panne og eit kart bada i farevarsel av alle valørar, gjorde jobben sin litt vel grundig. Dommedagsprofetiene skremde rett og slett vekk det fine besøket mitt. Før eg heilt skjønte kva som skjedde, vart bagasjen boren ut, bilen starta, og avreisa framskunda lenge før det som kjekt var. Påsketida for to vart skoren vekk i eit jafs.
No sit eg att åleine i stova. Vinden pustar enno roleg – skal han snart dra seg til, mon tru? Førebels står huset støtt. Med kaffikoppen innan rekkjevidd sit eg fordjupa i snekring og finpussing av orda og minna frå dagane som gjekk. Eg lèt inntrykka falle på plass medan eg kjenner på ei lun takksemd for alt påsken romma, trass i det brå oppbrotet. Og det raraste av alt er at når eg kikkar på kalenderen, så er det framleis fleire dagar att av høgtida.
søndag 15. mars 2026
Når skyene berre er skyer
Eg spelte Joni Mitchell på Spotify i stad. Den gamle songen byrja som han alltid gjer: Rows and flows of angel hair…
Eg hugsar framleis korleis det var å vere ung og høyre dei linjene. Alt var større den gongen. Voldsamare. Skyene var ikkje berre skyer; dei var teikn, symbol, varslar om noko som låg bak det synlege. Verda var gjennomsyra av meining, om ein berre klarte å tolke henne rett.
Vi fór gjennom livet som hormonelle spydspissar. Egoet peika ut retninga, som eit dårleg kalibrert kompass. Vi ville finne noko – sanninga, kanskje – eller i det minste setje spor etter oss i landskapet. Ropa høgt. Vise att.
No sit eg her og har runda godt forbi dei åtti.
Kne og hofter sukkar når eg reiser meg frå kjøkkenstolen.Blodtrykket fell om eg er brå. Når eg ser ut glaset, ser eg skyene for det dei er: vassdamp som kondenserer i kjøligare luftlag. Mest sannsynleg kjem dei til å sleppe mange millimeter regn før kvelden er omme.
Ingen englehår.
Ingen skjulte bodskapar frå universet.
Og det er eigentleg heilt i orden.
Det finst ei ro i dette som eg ikkje kjende før. Ei ro som ikkje kjem av store visjonar eller luftige draumar om å vere ein hovudperson i eit kosmisk drama. Ho kjem heller frå det enkle faktum at verda er slik ho er, og at eg etter kvart har fått sjå litt av korleis ho verkar.
Eg har sett ting med eigne auge. Målt dei, kjent dei i hendene. Eg har hatt sår som ein gong var opne, og som no har grodd til stille arr. Erfaringa legg seg lag på lag, som sediment på havbotnen.
Tyngdekrafta verkar, og dei elektromagnetiske bølgjene skkvulpar rundt oss.
Kaffien blir kald om han står for lenge.
Dagane kjem og går, nesten upåverka av kva vi måtte meine om saka.
Av og til møter eg gamle kjende som ristar litt på hovudet. Kanskje synest dei eg har vorte for nøktern. At noko gjekk tapt då eg slutta å leite etter det overnaturlege.
Men dei ser ikkje heilt kva som har kome i staden.
For det ligg ei stille glede i å akseptere røyndomen slik han faktisk er. Ein treng ikkje trylleformular når ein har naturlovene. Det er eigentleg meir enn nok å få vere ein ørliten, men fullt ut verkeleg, del av eit ufatteleg stort og samanhengande system.
I songen syng Joni at ho eigentleg ikkje kjenner livet i det heile.
Og når ein tenkjer etter: kven gjer vel det?
Universet er altfor stort til at vi nokon gong kjem til å forstå det fullt ut. Men det gjer mindre no enn det ein gong gjorde. Uvissa treng ikkje lenger fyllast med illusjonar.
Det held å vere her.
Eg trur eg set over litt meir kaffi. Regnet har byrja så smått mot ruta. Tyngdekrafta held framleis alt på plass.
Det får halde for denne kvelden.
søndag 1. mars 2026
Guten med kniven
Året var 1970. Verda var delt i to, og kommunismen var det store spøkelset som fekk vaksne folk til å sjå under senga før dei la seg om kvelden. USA hadde teke på seg den store uniforma som heile klodens politimann, og rota rundt borte i sumpane i Vietnam, Kambodsja og Laos, fast bestemde på å redde verda frå seg sjølv.
Sjølv sat eg på den tida rimeleg trygt i Bloomington i Indiana. Eg budde i eit av desse enorme studentkompleksa der eit par tusen andre ungdommar var mine næraste naboar. Om dagane stod eg i syklotron-laboratoriet og prøvde å jage tunge atomkjernar opp i fart. Det minte meg i grunnen litt om å jage kyrne heime på garden då eg var smågut, sjølv om reiskapane no var litt annleis og kyrne var bytta ut med usynlege partiklar. Eg skulle hente kunnskap som skulle delast med folka heime ved Univ i Bergen.
Men av og til trengte eg å treffe vanlege folk. Av og til trengte hovudet noko anna innput enn nukleære teoriar. Eg fann ein mørk liten bar like utanfor campusområdet, henta meg ein Budweiser i baren og sokk djupt ned i skaisofaen i hjørnet.
Det var der eg trefte han. Ein av desse gutane Richard Nixon tydelegvis berre hadde gløymt att då festen for han i Vietnam var over.
Han kom haltande inn med eit tungt drag i den eine foten. Den venstre armen hang inntil kroppen på ein måte som fortalde at han hadde fått kjenne krigen på altfor nært hald. Men det var augo som verkeleg viste at han aldri hadde kome heilt heim. Dei flakka rundt, fulle av skuggar frå ein asiatisk sump han framleis vassa i. Han stilte seg ved sidan av meg og kravde at eg kjøpte ei øl til han. Det låg ikkje noko trugsmål i stemma, berre ein botnlaus desperasjon etter å klamre seg til noko vanleg. Han måtte drukna desse demonane han bar på.
Då han byrja å fortelje historia si til heile baren, (noko han visst gjorde kvar kveld) med heile den rastlause kroppen sin, såg eg den store kniven i beltet hans. Å jo, eg blei redd, men kjende samstundes ei djup sorg for denne guten som nok var ein del år yngre enn eg med mine 27. Eg smaug meg stilt ut døra, for eg hadde inga trøyst å gi. Den slitne baren var blitt ei siste hamn for desse øydelagde ungdommane som nasjonen først sende i krigen, for deretter å snu ryggen til då dei kom heim.
Når eg fylgjer med på korleis verda rullar vidare i dag, kjem den same gufne kjensla smygande. Kva har me eigentleg skjønt av historia? Me sit her att med Trump ved roret, og sirkuset snurrar så fort at ein lyt halde seg godt fast i sofakanten når Dagsrevyen startar.
Men reglane er endra brutalt. Makthavarane treng ikkje lenger sende arbeidarklassens søner ut i gjørma for å døy. I dag er krigen blitt rein, nesten ryddig for dei som sit med makta. Verdas politimann gjer no jobben frå eit kontor med skjermar og styrespaker. Det er robotar, droner og ballistiske missil som tek seg av grovarbeidet, tusenvis av kilometer unna.
Eg tenkjer på den pågåande konflikten der USA og Israel står mot Iran. Det er ei høgteknologisk oppvising i makt der dei som trykkjer på knappen slepp å sjå fienden i kvitauget. Avstanden mellom avgjerdene i maktkorridorane og lidinga på bakken har aldri vore større.
"America First" – dette idiotiske og egoistiske utsagnet (kjem nesten opp mot Gro sitt “Det er typisk norsk å vera god”). Retorikken er på linje med den under den kalde krigen. Den same, rå maktdynamikken vakar like under overflata. Rolla som brautande politimann har berre fått ei ny, fjernstyrt form. Døden kjem nesten lydlaust frå himmelen, men ofra på bakken er like ekte.
Kven er det som sit att med demonane i hovudet i dag? I Bloomington såg eg kva sumpen gjorde med ein ung gut som overlevde. I dag slepp kanskje soldatane å vasse i blod, men kva gjer det med eit menneske å drepe via ein dataskjerm? Og endå viktigare: Kven høyrer skrika frå dei som står att under regnet av missil, medan makthavarane våre tørkar hendene og gjer seg klare til å trykkje på neste knapp?
Trump seier jo at han har Gud på si side. Khamenei støttar seg til Muhammed. Eg trur dei begge har sove frykteleg tungt i timen.
Når makthavarar gøymer seg bak fagre ord og religion for å forsvare det aller mest brutale i oss, kjenner eg at all tru forsvinn. Sanninga er vel at ein står att heilt utan tillit til noko av det dei serverer oss. Kven kan ein eigentleg stola på i dag? Ikkje på systemet, ikkje på dei kyniske leiarane og i alle fall ikkje på at makta vil oss vel. Tilliten er i grunnen blåst vekk, like lydlaust som ei drone over nattehimmelen. Kanskje det beste me kan håpa på nå, er det galgenhumoristiske om at verda står til påske.
tirsdag 24. februar 2026
Historia om ein plastbit
Det er sjelden eg har bruk for ein kulepenn nå om dagen. Men i dag måtte eg ha
ein, og nevane fann vegen ned i den gamle lærarveska. Heilt nede i botnen, under
gløymde bindersar og støv frå hundrevis av krittbitar, stanga fingrane borti
noko hardt. Ein kulepenn. Han er raud.
Eg klikkar på toppen med ein lyd som framleis sit i ryggmergen. Klikk-klakk.
Med eitt er eg tilbake ved arbeidsbordet i dei seine kveldstimane, bøygd over
tjukke bunkar med fysikkprøvar. Einstein lærte oss at tida er relativ, men for
ein elev som ventar på resultatet av ein prøve om termofysikk, er tida uendeleg
lang og merknadene i margen absolutt. Eg smiler litt når eg ser på den raude
spissen. Eg brukte jo timevis på å skrive velmeinte, pedagogiske råd i margen.
Eg forklarte med djupt alvor korleis dei kunne ha løyst energibevaringa
smidigare. Men la oss vere ærlege: Den skjøre ungdommen såg knapt på dei kloke
orda mine. Auga deira var som laserstrålar, dei søkte og fann raskt den store,
raude sirkelen som eg hadde skrive karakteren inni. Eit tal frå 0 til 6, stundom
med ein + eller - bak. Resten oppfatta dei berre som pynt. Mens eg framleis står
der med lærartaska i eine handa og raudpennen i andre, hugsar eg den dagen
katastrofen ramma. Raudpennen var tom. I rein desperasjon greip eg ein grøn penn
og retta resten av bunken med den. Eg tenkte det var friskt og fint, men du
skulle sett andleta då eg delte ut att prøvane! Elevane sat der og skula på dei
grøne karakterane som om eg hadde retta dei i søvne. Det var ei kjenneleg
vonbrot i rommet. Det var som om ein karakter i grønt ikkje talde, som om
tyngdelova ikkje var gyldig med mindre ho var understreka med raudt. Eg trur dei
kjende det som om eg hadde sluntra unna lærargjerninga mi. Etterpå fekk pennen
kvile trygt i jakkelomma når eg køyrde mot Torghuset. Der fekk han rissa ned
kvardagsformlane som rimelegvis er viktigare enn E=mc^2 når ein er ferdig på
jobb: mjølk, grovbrød og kaffi. Det er rart korleis ein liten plastbit kan
romme så mykje historie. Ein gamal fysikklærar kan framleis smila over at verda
går vidare, og at det ordna seg med både fysikken og ungdommen til slutt, raudt
eller grønt.
lørdag 21. februar 2026
Historia om vinterferien
Eg sit her med kaffikoppen og ser ut på den bare asfalten. Denne mørke, trygge stripa som lovar ein tur til fots utan knall og fall. Det får tankane til å vandra. Me snakkar så mykje om vinterferien som om han alltid har vore her, men vegen fram til dagens friveke har vore lang.
Når eg lukkar augo, ser eg ikkje ei hytte med innlagt straum. Eg ser ein Folkevognbuss. Som barn hadde me ikkje eigen stad på fjellet, men me hadde foreldre som tok seg tida. Eg hugsar enno korleis det var når familien stuva seg saman for dagsturar til Seljestad eller Olalia. Det var noko med den tette atmosfæren i bilen, praten som gjekk, og vissheita om at me var på veg mot noko i lag. Det var ikkje luksusen som talde, men det samhaldet som oppstod når me alle sat der og venta på at dei kvite viddene skulle dukka opp bak neste sving.
Seinare endra bileta seg. Dagsturane vart avløyste av eiga hytte i Bykleheiane. Der oppe, i det mektige fjellandskapet, vart snøen meir enn berre noko kvitt som fall frå himmelen – han vart ein kultur. Vinterferien vart tida då me verkeleg landa. Eg ser føre meg dei djupe spora i snøen, den kalde fjellufta som reiv i nasen, og korleis me lærte oss å leva med og i naturen. Det er desse åra som verkeleg sementerte kva ein vinterferie skal vera.
Men tida er ein umerkeleg tjuv. Plutseleg ein dag er det ikkje lenger eg som brøyter veg i nysnøen. Eg tenkjer på skia som står inst i utebua, dei som ein gong bar meg trygt over skavlar og fenner, og kjenner eit lite stikk i brystet. Det er noko sårt over å innsjå at fjelltoppane no høyrer til dei neste generasjonane, og at mine eigne spor i Bykleheiane for lengst er snødd att.
Likevel ligg det ei merkeleg lettelse i dette. Eg slepp å kniva med tyngdekrafta og lura på om beina ber meg over neste skavl. Eg slepp den iskalde vinden som bit i kjakane når mjølkesyra brenn i låra. Det er ei eiga signing i å kunna velja den bare asfalten og vita at eg har gjort mitt på viddene.
Det er rart å tenkja på at alt dette, både våre turar og naboen sine, starta med naud. Under krigen vart skulane stengde fordi vedskura var tomme. Dei kalla det «brenselferie». Det handla om å spara på dei dyrebare kubbane. Sidan kom legane på bana; dei ville ha bleike bybarn ut i sol og fjelluft for å styrkja helsa før våren.
No sit eg her som 82-åring. Eg treng ikkje lenger brenselferie for å halda varmen, og eg jaktar ikkje lenger på den djupaste snøen i Bykleheiane. Mi vinterferieglede ligg i å vita at me har skapt ein tradisjon av desse friminutta i kvardagen.
Eg tek ein slurk til av kaffien. Ute er det bart, inne er det lunt. Folkevognbussen har parkert for lengst, men minnet om samhaldet han skapte, er den beste brennveden eg har. Den held kaffien varm og hjartet ungt, lenge etter at snøen har smelta.
søndag 18. januar 2026
Kjære Vene
Eg stod bak i køen på Rema i går og kjende på dette merkelege utolmodet som kjem med alderen. Dette suget i magen over at alt skal gå så fort, at tida liksom renn mellom fingrane på oss medan vi står og ventar på at verda skal rulla vidare.
Framme ved kassa stod ein eldre mann. Han stod med fingrane djupt nedi ein plastpose med småmynt og nokre krøllete, gamle kvitteringar. Han prøvde å sortera, prøvde å finna fram til noko som kunne likna på betaling, men fingrane ville ikkje lystra takten til kassaapparatet. Det såg ut som om han akkurat då hadde mista tråden i kva rekkjefølgje verda gjekk i.
Bak meg tromma ein rastlaus skosole mot flisene. Sukkene i køen vart tunge, og eg såg korleis hendene til mannen begynte å skjelva. Eg kjende det godt att. Det blikket. Den lamslåtte panikken som oppstår når logikken stoppar opp og du føler at heile verda sit med fasiten og berre ventar på at du skal feila.
Då bøygde ho seg fram, den vesle kvinna som stod rett bak han. Ho prøvde ikkje å gjera det for han, men ho la ei hand lett på arma hans og sa det heilt lågt:
«Kjære vene. Treng du hjelp?»
Det var ikkje berre orda. Det var noko med måten ho sa det på, ein varme som strauk han over kinnet utan å røre han. Det låg ein naturleg tryggleik i måten ho stod der på, ei ekte kjensle av at ho faktisk såg mannen bak skjelvinga.
Heilt enkelt. Heilt stille. Han pusta ut, og den lune roa hennar smitta over på han. Skjelvinga gav seg litt, og med eit lite smil hjelpte ho han å sortera myntane. Han fekk vera herre over eiga betaling, berre med litt støtte i ryggen.
Eg vart ståande att og tenkte på kor lett det er å la seg rive med av jaget. Men ser vi oss om, finst det heldigvis motkrefter. Vi ser det her heime i dei små bygdene, der folk framleis set av tid til den gode praten langs vegen, eller i dei store byane der frivillige opnar dørene for framande som har mista fotfestet. Vi ser det i konsept som «nabohjelp» og opne møteplassar der det ikkje er kva du presterer, men at du er tilstades, som tel.
Og lyfter vi blikket endå meir, ser vi at dette er eit universelt språk. Det handlar om den same, djupe kjensla: Å sjå eit anna menneske der dei er, utan å krevja at dei skal vera noko anna. For «kjære vene» skal jo ikkje gjera nokon stakkarsleg. Det er eit lite rom for å få att pusten. Det er å seia at «vi ser at dette er vrient akkurat no, men vi har tid». Men det krev at vi meiner det. At hjartet er med i tonefallet.
Eg gjekk heimatt frå butikken nokre tankar rikare. Kjære folk, eg trur vi treng fleire slike ord no. Men mest av alt treng vi det som ligg bak dei. Vi treng ikkje fleire som ropar høgt når nokon mistar tråden. Vi treng berre fleire som ho kvinna i Rema køen.
Som veit når det er nok å seia, med heile seg: Kjære vene. Treng du hjelp?
Ho vart min laurdagshelt i går.
tirsdag 13. januar 2026
Troll i ord: Når kaoset ikkje berre er teori
Dei seier at lynet ikkje slår ned to gonger på same stad, men dei har tydelegvis ikkje høyrt om David Pincus sin kaosteori eller takpappen på Seniorsenteret. I går bestemte fysikkens lover seg for å gje oss ein real ein midt i fleisen. Takpappen losna. Igjen. Og berre for å strø salt i såret: No på begge bygningane i Sameiget.
Akkurat då eg, takstmannen og Tryg hadde fått samla trådane etter herjingane til ho Amy, fann vêrgudane ut at dei skulle ha ein etterfest.
Det vart ikkje akkurat nokon roleg kaffikopp på meg i går. Det vart ikkje kaffi i det heile. Det vart "mellombels sikring" av takpapp med tunge bjelkar og annan last på eit isete tak, midt i ein storm som ville ha blåst parykken av kven som helst. Der stod vi: Fire 80-åringar utan særleg med musklar igjen, uten parykk, men med ein god porsjon dødsforakt.
"Hald roen," tenkte eg, medan eg såg bjelkar dingla fem etasjar over bakken i ein slags makaber luftakrobatikk medan vi skubba og drog for å få dei opp på taket. Vi sleit med handamakt for å halda huset på plass. Men du veit: Vi som bygde hus på 70-talet, vi ringjer ikkje etter verken polakkar eller kranbil før blodet flyt. Vi gjer det sjølv. Tanken på å leiga inn folk før vi har prøvd alt anna, sit djupt.
Den hyggelege takstmannen var med oss per telefon, som ein slags mental heiagjeng frå den tørre og trygge verda. "Dokke må skriva timar for eigen innsats," sa han i røyret, sikkert litt imponert over kva seniorar i Kvinnherad kan få seg til å gjera.
"Å?" svarte eg. Vi var vel berre glade for at vi ikkje vart ein del av skadeomfanget sjølve.
Vi berga taket. Så langt. Og mirakuløst nok gjekk inga menneskeliv tapt – sjølv om hjartet mitt truleg var oppe i halsen og snudde eit par gonger der oppe.
Natta som følgde vart av det korte slaget. Eg sov vel berre litt mellom krampetaka. Eg følte vinden prøvde å nappa dyna av meg gjennom veggane, men eg pinnhaldt. Eg vann den striden.
lørdag 10. januar 2026
Er livet berre kaos? Ja, og takk og lov for det!
Eg har kasta meg over nokre tankar frå ein kar som heiter Dr. David Pincus. Han er ein professor og psykolog frå California som har brukt karrieren på å studere noko så rart som kaosteori i menneskeliv. Han er ein jordnær type som meiner at verda ikkje er bygd opp av firkanta boksar, men av levande system der alt heng saman.
Kva er eigentleg denne sommarfugleffekten?
Du har kanskje høyrt om sommarfuglen som flaksar med vengene i Brasil og lagar tornado i Texas. Det høyrdest kanskje sprøtt ut, men i kvardagen min gir det faktisk god mening. Sommarfugleffekten handlar om at dei minste småtinga kan få enorme konsekvensar. I eit system der alt heng saman, finst det ikkje noko som er «ubetydeleg».
Tenk på kva eit lite smil til ein framand på gata kan gjera, eller korleis ein kort telefon kan endra heile veka for ein som sit åleine. Ein liten kveik frå deg har ringverknader du aldri får sjå slutten på.
Det sunne rotet
Pincus seier noko trøystefullt: Det er faktisk eit sunnheitsteikn når ikkje alt er på stell! Han har funne ut at friske system – enten det er hjarterytmen eller humøret mitt – ikkje skal vera heilt jamne. Viss alt er føreseieleg og flatt, er det eit teikn på at noko har gått i baklås. Det er som med vêret her på Vestlandet: Det skiftar heile tida, og det er nettopp det som gjer at naturen held seg frisk og grøn.
Finn mønsteret i kvardagsstriden
Pincus snakkar òg om «fraktalar» – mønster som gjentar seg. Han meiner at måten ein gjer dei små tinga på, seier alt om korleis ein taklar dei store utfordringane. Som styreleiar får ein gjerne røyndomsjekken rett i fanget:
• Vasslekkasjen kvelden før nyttårsafta: Når telefonen ringjer og det lek vatn i ein kjellar akkurat når gjestene er komne. Der og då blir kaosteorien veldig praktisk. Går ein rett i kjellaren og svartmålar alt, eller vert styringa teken med det same tålmodet som når ei dør som har gått i baklås skal lirkast opp?
• Når folk sit fast i heisen: Ingenting testar eit system som når heisen brått står mellom to etasjar. Det er ein situasjon prega av stress og uvisse. Ein kan ikkje trylle heisen i gang att med ein gong, men måten situasjonen vert handtert på, påverkar alt. Pincus ville sagt at måten ein kommuniserer og held roa på i ein slik låst situasjon, speglar evna til å navigere i livet elles. Det vesle mønsteret av tryggleik som vert synt fram, forplantar seg til dei som sit i heisen og gjer kaoset deira litt mindre skremmande.
Slutt på å vera ein reservedel
Eg er ikkje ei ferdig-reparert maskin som berre skal sitja her og vente på at garantien går ut. Eg er ein del av eit levande mangfald av naboar, vener og barnebarn. Dr. Pincus minner meg om at det er det «rotete» mangfaldet som gir dei beste vekstvilkåra – ikkje eit liv som er vaska og stroke og heilt utan motstand.
For viss måten ein handterer ein uventa vasslekkasje eller ein heisstans på kan fortelje noko om eiga motstandskraft, kva slags kraft sit vi då ikkje inne med? Er det ikkje ei fantastisk tanke at ditt neste vesle «vengeslag» kan vera akkurat det som skapar ein storm av glede i livet til eit anna menneske?
Tankevekjande på ein laurdagskveld
onsdag 7. januar 2026
Tankar frå ei trapp når sola har snudd
Tunge støvlesolar mot hard betong. Det er lyden av ein kropp som er langt komen i livet, men som nektar å la seg diktere av tyngdekrafta.
Første etasje. Her, rett over rekkene med postkassar, heng det første sporet etter levde liv. Det er ein kantsydd bord i gult og blått, forma som skarpe tindar. Dette er gåver frå folk som har villa at minna deira skal få nytt lys. Eg stansar litt og lèt blikket kvile på mønsteret. Det er noko vakkert i korleis kunstnaren som bur i andre etasje har teke desse brukte tekstilane og gitt dei ein ny misjon; som ei lita krone over kvardagen vår. Beina mine er framleis kalde, men hovudet har byrja å sortere.
Andre etasje. Her bur ho, arkitekten bak dette galleriet. Utanfor døra hennar er tindane vorte doble – raudt mot kvitt og gult. Her fell tankane til ro. Eg tenker på eit brev eg skal skrive til ein gammal ven, eit slikt brev som krev varme og nøyaktigheit, akkurat som desse omarbeidde tekstilane. Orda skal vere like faste i kanten som handverket eg har framfor meg. Beina er varme no, og viljen tek over for melankolien.
Tredje etasje. Midtvegs. Mønsteret endrar karakter igjen, mørkare no, med korset som motiv i dei kvite felta. Her fell planane for veka på plass. Alt må berre setjast opp rett, så viser vegen seg sjølv. Eg kjenner svetten pipla under skjortekragen, og blikket søker døra til heisen. Ho står der, blank og freistande. Ein sølvfarga veg utan motstand. Stundom, når giddaløysa legg seg som ei våt ullkåpe over skuldrane, trykker eg på knappen. Eg lèt meg søkke ned i den mjuke ristinga og ser mitt eige slitne andlet i spegelen. Det er eit nederlag som smakar av luksus. Men ikkje i dag.
Fjerde etasje. Her er det tungt. Eg må støtte meg til gelenderet. På veggen heng fire åttekanta stjerner, omarbeidd frå stoff som folk har hatt kjært. Det er ein etasje for dei lange tankane, dei som handlar om at tida akselererer medan stega vert kortare. Men eg skubbar tungsinnet bak meg. Det er framleis eg som fører loggen. Eg ser på den vesle, einslege ruta som heng til høgre for dei andre – ein påminnar om at vi alle treng vår eigen plass i det store mønsteret.
Femte etasje. 76 trinn. Eg står framfor tre kantsydde roser. Dei er raude og kraftige, henta ut av ein samanheng og sett inn i min. Eg er oppe. Eg er heime.
Pulsen hamrar i tinningane, men blikket er stødig. Eg skal bruke dette nye året på å vera styreleiar i mitt eige liv. Eg skal setje opp rekneskapen slik at summen av små sigrar – som kvar etasje eg legg bak meg til trass for motstanden – alltid går i pluss. Saklista er ferdigtenkt. Eg kan leite fram klubba.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)




















