Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

mandag 16. mai 2011

Dvalen

Sidan eg kom frå Alfaz del Pi, har eg lege nedgreven. Diagnosane har hatt eit vidt spenn. Frå virusjæklar via kyssesjuke og harepest,  til latskap. Mange har uttala seg. Mykje blod er tappa, og sendt rundt til diverse helseforetak. Mykje svette er vaska ut av sengetøyet kvart døger, og mange kilogram kroppsvekt er gått opp i inkje. Kan masse verkeleg forsvinna til inkje, spør eg. Einstein sa at dette ikkje kunne skje. Han sa at masse kan konverterast til energi, men det har ikkje skjedd hos meg. Massen har minka og energien har vore heilt fråverande. Eg må vera eit fysisk unikum.
Det er mykje lemen på fjellet i år. Fjellgudane veit kor mykje infisert lemenpiss det var i snøen eg smelta på vedomnen i påska. Det gir harepest å få slikt i blandevatnet. "Ein tentativ diagnose vert difor harepest", sa den nybaka turnuslegen. Etter ei studiestund, mens eg satt på venterommet, leste han seg opp på denne merklege sjukdommen som han i utgangspunktet ikkje visste noko om, som han sa. Men yngste sonen min, som i si tid hadde kyssesjuka, held ein knapp den. Mens eldste sonen held det meir sansynleg at eg har vore borti harepus, enn at eg har drive med kyssing. Han trur ikkje pensjonistar finn glede i slikt, og støttar såleis turnuskandidaten.
Eg går difor på ein hestekur mot harepest. Ein 10 dagars kur som er slutt den dagen St. Olav i Trondheim har blodprøven ferdig analysert, og kan seia noko om eg har hatt slik pest eller ikkje. Rar rekkefølgje det der.
Men okke som er. Kuren er halvgått, og nå går det "meget bedre". Dvalen er over. Eg frisknar til. Men kva eg frisknar til frå, veit jo ingen.

1 kommentar:

  1. Tvilar på det med hare- og kyssepest. Men heimvende sydenturistar dreg med seg mykje løye ... Spurde ikkje dokteren om det?

    SvarSlett