Vitjingar sidan 25.06.2010
Søk i denne bloggen
torsdag 26. april 2012
No lauvast det i li
"Er det gjessene som sperrar for utsikta?" spør eg. Kona ser spørjande på meg. Ho har det blikket som stundom vert teke fram når det er vanskeleg for henne å vita om det er demens, humor eller trakassering eg driv med. "Grågåsa er forlengst passert," seier ho. "Det er bjørka som slår med vengene nå, lauvet er framme." "Kva er det du vil sjå på andre sida av vatnet då?" undrast eg.
Kommunikasjonen gjekk i stå. Eg må skjerpe meg. Eg prøver å ta opp tråden att. "Vonar sikta vert betre når me reiser til USA om 2 veker," seier eg.
Skal tru om det lauvast på Capitol Hill i Washington, og om gjessene gassar seg i Central Park i New York. Skal tru om duene har skite på Benjamin Franklin i Philadelphia og om det blomstrar på MIT i Boston.
Me får sjå. Men at det lauvast på Husnes nett nå, er tydleg. Difor er det så vanskeleg å sjå åsen på andre sida av vatnet. Kona slit og med det.
lørdag 21. april 2012
Når vårsol i bakkane blenkjer
Først når eg gjekk heimatt, skjøna eg at helsesystera hadde hatt vindauga ut mot verda på kontoret sitt. Ho hadde sett teikna. Ho hadde sett skjora som streva med dei alt for lange kvistene til reirbygginga. Ho hadde sett dei gravide kattane som vagga omkring på plenen utanfor, og dei gravide ungjentene som vagga omkring i venteromskorridorane. Ho hadde sett trekkfuglane sin retur frå syden, tilliks med pensjonistane som også nå var attende til "si heimlege strand" fordi det blenkte av vårsol i bakkane rundt helsesenteret. Nå kjem dei dit for å få påfyll i medisindåsen sin, og for å sjekka kor mykje leveren har krympa etter eit tøylelaust nytingsopphald der sola skin inn i dei mørkaste kroppskrokane, også om vinteren.
Eg gjekk heim og reiv av bordkledninga på søre husveggen. Nå fekk den norske vårsola sleppa inn i dei mørke avkrokane på huset mitt. Råma fekk turka opp og sagrusk mellom spikerslaga bak dei morkne borda fekk blåsa bort i vårbrisen. Og huset likte det som skjedde. Særleg då eg spikra på plass nye kledningsbord, vart det mykje positiv tilbakemelding. Nå kan eg ringa barnebarnet og be han koma med beisekosten. Han ventar på ein vårprat med farfar.
mandag 9. april 2012
Berekraftige barnebarn
"Kor kjem pumpevatnet frå, morfar," spør dei. Eg klør meg i storehjernen og lurer på korleis dette kan forklarast for ein gjeng med eit alderspenn frå 5 til 12 år. Eg kjem raskt fram til at her må forklaringa nivådifferensierast. Omgrepet grunnvatn vert lagt til nivå 2, mens boreteknologi hamnar på nivå 1.
"Om me pumpar opp grunnvatnet, vert det vel tomrom under jorda slik at heile bakken kan falla ned?" vil nokon veta. "Jo om me ikkje forvaltar ressursane på ein berekraftig måte, så kan det skje," seier eg. "Har det skjedd nokon stad, morfar?". "Ja, det har skjedd i Mexico," meiner eg og kjenner meg ørlite langt utpå nå. "Kva tyder berekraftig?" vil dei veta. "Det tyder at me ikkje må bruka meir av grunnvatnet enn at tilsiget klarer å balansera uttaket vårt."
"Har det blitt tomt i borehullet ditt her morfar?" spør dei. "Ja ei påske skjedde det." "Oi, då kunne jo heile påskefjellet falle saman," meiner dei. "Er det difor du smeltar snø morfar, for ikkje å bruka opp grunnvatnet.?
Eg synes det er på tide å avslutta denne praten omkring vassforbruket, men dei gir seg ikkje. "Vatn er dyrt," meiner dei. "På bensinsjasjonen kostar det 25 kr for ei halvliter vassflaske. Det vert 50 kr literen det. Eg har sikkert bore 100 liter til hytta. Dette kan bli dyrt for deg morfar." "Vel, du får notera, så tek me lønsforhandlingane når me kjem til låglandet att." seier eg og tenkjer at streik må eg iallefall prøve å avverge. For vasstilgangen var unektleg komfortabel med desse berekraftige barnebarna.
I dag regnar det ute, og inne strøymer vatnet klart og reint ut frå både dusj og kjøkenkran. Herleg vatn, som slett ikkje endrar grunnvasspegelen. Eg let det strøyme i lange tider og strie straumar frå dusjen over heile meg. Om det er reint når det treff meg i hovudet, så er det langt frå drikkande når det renn ut gjennom sluken i dusjkabinettet. Ei veke fjellsvette set sine spor. Men eg let vatnet renne med godt samvit. Så lenge det regnar ute er eg trygg på at forbruket mitt er berekraftig. Og så er det bortimot gratis då, iallfall i høve til påskevatnet.
torsdag 5. april 2012
Sol og sjølvstende
Kona står ved vindauga. "Det snøar ute," seier ho. "Så flott," seier me andre. "Då vert det styresnø." Kona likar det berre sånn passeleg. Ho ønskjer ikkje himmelen dekka til idag. Ho vil ikkje at solkremen på framsida av hovudet skal vera påsmurd til fånytte. Ho nyttar faktor 10, men insisterer på at eg skal dobla faktoren. Eg meiner det er heilt unødvendig. Eg har jo vekegammalt skjegg på kinn og kjake
Det pistralege skjegget som eg har duger ikkje til det heller, meiner ho. Så det vert å grisa seg til med solkrem, også idag. Men det er greitt nok. Kampen om solstrålane er ikkje kva den eingong var. Før i tida kunne ein sola seg, ikkje berre i strålene frå sola og dei refleksane som snøen gav, men også i glansen frå utsegn som kom etter påske. "Gu så brune du er," sa folk. Og eg fekk høve til å leggja ut om knallblå himmel og skiturar over uendelege fjellvidder. "Jo det var bra," sa eg. Nå for tida er eg brun på heilårsbasis. Eg fangar meg sol på meir global og kontinuerlig basis. Eg er ein globetrottande pensjonist. "Gu så brun du er," sa folk i mi tidlege AFP-tid. "Har du vore i syden," spurde dei gjerne. Nå spør ikkje folk kvarandre om slikt lenger. Å reise verda rundt i aust og vest er blitt allemannsaktivitet, iallfall blandt dei norske pensjonistane. "Alle " gjer det. Så nå må eg reisa meir for eiga enn for andre si nyfike. Likevel er det noko spesielt med dei solstrålene som kan fangast i 1000 m høgde. Dei er kvassare, og skjer seg raskare inn til sjeledjupet. Dei mildnar hugen, og dosen med blodtrykksenkande medisin kan reduserast. "Nå kjem sola," seier kona brått. Ok. Eg finn fram den digitale UV-målaren min, stiller inn hudtypen til min sort, seier kva solfaktor eg grisar meg til med, og vips så har eg info om kor mange timar eg kan sitta i sola. Fantastisk. Nå er eg ikkje avhengig av kva andre synsar om min "bliven og væren" korkje ute eller inne. Å vera sjølvstendig, og vita kva ein driv med, det er viktig i livet. Særleg i sola. Særleg i påska.mandag 2. april 2012
Påskehuler
Hadde eg framleis vore lærar,ville eg vore godt inni påskeferien nå. Den gongen var det om å gjera å koma seg avgårde til hytta på påskefjellet tidlegast råd. Det var om å gjera at kona, som ikkje var lærar, også klarde å forhandla seg fri frå jobben tidleg. For henne var det ein hard kamp mot alle dei andre som også på død og liv skulle tidleg avgarde.
Etter eg lot meg pensjonera, har eg holdt fast på det med å koma meg tidleg avgarde. I år er ikkje noko unnatak i så måte. Jacob, Emilie, kona og eg pakka skia på biltaket palmelaurdag, og surfa med snøscooter dei 2 kilometerane inn i fjellet frå bilvegen. Eg på scooteren, bagasjen i tilhengaren og dei to barnebarna hengande etter i eit langt tau. Føret var knivskarpt så dei to små hausta mykje lovord for skidugleiken sin frå bivonande telemarkingar. "Å klara dette utan fall heile vegen, er det sjeldan at til og med vaksne klarar på slikt føre," vart det sagt. Og eg veit godt kva dei snakkar om. Ikkje så få gonger har eg sjølv hengt bak i tauet og tryna i fonna både ein og fleire gonger på same turen. "Køyr varsamt," har eg sagt til scooterkøyraren. "Hugs eg er oppvaksen i fjæresteinane på Vestlandet, så skidugleiken er deretter." Då har den scooterkøyrande telemarkingen gassa ennå meir på.
I år er det kaldt i fjellet. Natta enda på -12 grader og dagane ligg rundt -5. Det har gjort snøen hard som betong og skiklisteret mitt til å høva dårleg med kuldegradene. Mitt påskeklister er for temperaturar som ligg fleire hakk over dette.
Men om ikkje skiføret er det beste, så eignar snøen seg framifrå som byggemateriale. Øks og sag er reiskapen som gjeld i år. Med dette utstyret vart kuber og parallellepipeder nensomt skore ut av snøen, og gilde byggverk reist. Igloar, kallar eskimoane det. Me kallar det påskehuler.
Så sjølv om påska ennå er ung, har me vore produktive. Om skaren held seg, og om saga framleis bit, kjem dette til å enda med ein heil påskelandsby. Og det utan byggeløyve frå Vinje kommune. Forøvrog svært i stil med resten av byggeaktiviteten heromkring.