Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

søndag 3. august 2025

På sporet av Winston

Eg pakkar kofferten med pass, mobiltelefon – og ein liten porsjon frekk optimisme. Målet for turen er London, men eg har eigentleg større planarar enn berre å sjå Big Ben. Eg håpar å møta Winston Churchill. Eller, om ikkje han har tid, kanskje sjefen hans.



Henrik den åttande reknar eg ikkje med å treffa. Han er vel allereie oppteken med å bytta koner eller posera for nokre overbetalte malarar. Men eg kunne gjerne invitert han til ei lita pratestund i Drivhuset her heime. Litt té, kanskje – men for Winston må eg sjølvsagt finna fram whiskyen.

Eg har byrja og førebu meg grundig. I tilfelle eg faktisk møter Churchill, har eg øvd meg på å seia «We shall fight on the beaches» utan å høyrest ut som eg har fått ein peanøtt på  i halsen. Eg vurderer også å kjøpa meg ein liten bowlerhatt – men er redd eg berre kjem til å sjå ut som ein bortkomen turist som har gått feil og hamna i eit kostymelag.

Pakkinga går føre seg etter prinsippet «alt kan koma til nytte». Det betyr at kofferten allereie inneheld ein regnfrakk (obligatorisk i London), eit par komfortable sko (for å springa etter dobbeltdekkarbussar), og ei notatblokk – til å skriva ned alt som skjer i tilfelle eg endar opp på pub med Boris Johnson.

Eg har også sett av tid til ein tur i svevebanen over Themsen. Derifrå har eg tenkt å speida etter Winston. Kanskje ser han meg og tek til seg Franklin D. Roosevelt sine ord frå 16. september 1942: “If there is anyone who still wonders why this war is being fought... let him look to Norway.” Eg trur han ville gjort desse orda til sine eigne – berre fordi han ser denne sta nordmannen med bowlerhatt som står der og vinkar.

Og sidan eg først er i London, kunne eg tusla innom Abbey Road og nynna på Beatles sitt Here Comes the Sun, som George Harrison skreiv på våren 1969 i Eric Claptons hage etter ei lang vinter med bandproblem og tidleg vårsol.

Men det er ikkje alt: Der, midt på fortauet, går eg – Gunnar – hand i hand med sjølvaste Vera Lynn, og ropar ut som sjølvaste A-ha: Take on Me. Ho svarar med We`ll meet again mens ho forsvinn bak Brick Wall i Abbey Road.

 Det blir ein tur med både høge ambisjonar og låge odds. Men om eg ikkje møter Churchill, sjefen hans eller Henrik den åttande, så har eg alltid Drivhuset. Der kan eg servera té og visa fram kvinnfolk for Henrik VIII, whisky til Winston – og ein god dose småprat til kven som helst som måtte finna vegen inn. Skulle Winston forvilla seg til mitt nabolag ein dag, trur eg han ville lika seg. Og om ikkje, ja… då får eg berre drikka opp whiskyen sjølv og setja glasa trygt tilbake i skapet. Dei kan venta til neste gong London kjem til meg.hits

2 kommentarer: