Eg har flytta meg i tid og i rom. Eg har krysssa oceanar og fjellkjedar. Eg var i Thailand. Nå er eg i Norge, nærare bestemt på Gardemoen. Ei natteflyging med thaidamer i alle fasongar, men samtlege med eit strålande buisness smil på leppene og orkidear og det som vakrare var, i kjolane. Eg hadde sovepillar i lomma. Eg har vore usikker på verknaden av å miksa alkohol og sovepillar. Det er eg ikkje lenger. Etter besøk hos legar og sjukehus i Thailand, har eg lært at ein skal kosa seg med medisinene, og med alt anna som er godt. Og som ein psykiater i Thailand sa, og han var norsk: Raudvin og sovetabelettar i kombinasjon er kraftig undervurdert.
Difor fekk eg nyta litt frå mange verdenar i natt. Og dei siste 5 timane av reisa sov eg så djupt, at når eg endeleg vakna, tok eg på meg skoa til sidepassasjeren min. Han var ein svensk avhaldsmann. Men med sjarme kan mange konfliktar løysast.
"Det er minus 12 grader på Gardemoen", sa thaikapteinen før me landa. Eg og kona leita fram det me hadde i handbagasjen som kunne førebygga frostskader. Berre Ipaden og ei par medisinvesker blei att.
Landinga var mjuk og tidleg. Lenge før schedule, slik at ventetida på Norwegianflyet blei lang. Sju ventetimar på Gardemoen er noko som kan setja sjølv ein tolmodig mann på prøve.
Eg gjekk til Norwegianskranken. Han ser jo så allreight ut denne Kjos. Jo det er plass på tidlegare fly som du kan rekka, meinte dei. Det kostar 3200kr for to å endra på billetten, sa damene til Kjos. Svarten. Er ikkje dette eit lågprisselskap, ville eg vite. Damene til Kjos skjønar ikkje nynorsk, og særleg ikkje sunnhordlandsk, og særleg ikkje om morgonen.
Kva gjer vi nå, spør mi kjære. Jo nå skal vi spara pengar, seier eg. For kvar time som går frå nå sparer vi 450 kr.
Etter dette gjekk timane minutt for minutt. Men kona såg eg berre stundesvis.Eg såg ho når ho runda hjørnene utav/inn i dutyfree butikkane. 450 kr timen er jo mykje å rutte med for ein pensjonist.
Vi er på reise heim. Når med stig av Sundebåten, har me vore på reisefot i 32 timar. Då er det godt å komma heim.
Vitjingar sidan 25.06.2010
Søk i denne bloggen
tirsdag 26. februar 2013
onsdag 13. februar 2013
Den frittalande massøsa
Heime såg ein fornøyeleg svensk tv-serie i 10 delar, før eg drog hit til Thailand. "28 grader i februari", var den kalla. Serien skildra tre svenske familiar som braut tvert av i kalde fosterlandet, for å starta eit nytt liv her i tropene. Det var særleg ein person der som sjarmerte meg. Ein av hans store lidenskapar var å gå på massasje-salongar. Der fekk han olje massasje både med og utan noko ekstra, som dei sa der. Dette såg så freistande ut, at eg også ville løyva meg denne luksusen.
Salongar er over alt i byen, og tilboda på kvar salong er overveldande. Etter ein del research, landa eg på B.B. Massage Salon. "Men ikkje be om Thaimassasje", sa folk til meg. Dei bryt ribbebeina dine. Dette kunne eigaren av instituttet B.B. sanna. "Oil massage best for you", sa ho. "Ok", sa eg, "and no ekstra". Ho såg indignert på meg. "We no do extra", sa ho.
Sidan har eg vore hos B.B. fast. Eg og mi kjære, vert salva og knødd side om side bak diskrete forheng med aircondition og vifter. Det flyt kokosolje, lavendelolje og andre livgivande væsker over kroppen min i ein heil time. Samstundes vert eg knadd og massert nesten over det heile slik Thaifolket har drive med like sidan lækjaren til Buddha utvikla denne kunsten. Stundom høyrer eg surklande lydar, som minner meg om ei kyr som dreg foten or ei myr. Andre ganger vert eg klaska og endå til daska.
Massøsa mi har utdanning frå eit tempel i Bangkok. Ho veit kva ho gjer. Men ho er frittalande. Idet ho masserer mageorganet mitt idag, tillet ho seg å seie: "You eat to much food, papa". Eg støkk til, mens skratten ikkje let vente på seg frå nabobenken, der ho eg trudde var mi kjære, kosar seg over utsagnet til B. B. Det einaste eg finn på å seie er noko om at det er ølet deira som er så fett. "Drink much Chang, but not too much", seier eg.
Men eg er såra. Likar ikkje å bli omtala på denne måten. Det finns mange massasje salongar i Hua Hin. Eg vurderer å finna meg ein ny plass. Ein plass der dei ser på eurpeiske menn med pondus på ein respektabel måte. Der dette er eit teikn på velhavenhet. Eg må driva meir research omkring saka.

mandag 11. februar 2013
Konge-elva.
Chao Phraya er den store elva som renn gjennom Bangkok. Den er Thailands viktigaste elv. To elver som kjem frå Laos og Burma renn saman og dannar denne konge-elva, som til slutt renn ut i Thailand gulfen.
Dette er livsnerva i hovudstaden, der gods og folk rek opp og ned. Det finns all slags båttrafikk frå dei raskaste langhale båtane, til dei lengste og seigaste lekterane.
Eg og mi kjære tinga oss middagscruise på ei stasleg skute som i 50 år har segla på denne elva med turistar. Før det frakta ho ris til hovudstaden. Dette var ingen av dei typane som er vist ovanfor. Vår båt, Tahsaneeya Nava, var ein stasleg såkalla Rice Barge, konstruert av solid hand-skoren og polert gyllen teak. Riskokaren, som han ofte vert kalla, blei bygd på den tida då Thailand framleis hadde rikeleg med teaktrær i skogane. Slik er det diverre ikkje lenger. Her kjem vår båt til piren for å henta oss:
Me blei ønskt velkommen ombord av vakkert kledde thaiprinsesser som skvetta oss med rosevatn og gav oss fletta jasminkransar. På eit stasleg dekka bord for to, stod det navnet Gunnar på ein lapp. I Thailand var det berre ein Mr Gunnar den kvelden. Alle andre ombord bar thailandske nanm, ja unnateke Mrs Gunnar då sjølvsagt Cruiset og middagen kunne starta.
Spanjolane har noko dei kallar tapas. I Thailand heiter det noko anna, og det overgår dei spanske rettane i omfang, mengde, styrke og innpakking, syns eg. Her var traditional thaifood i kjøtt , fisk og skaldyr. Kvar rett blei oss forklart: Kor retten kom frå i landet, kor spicy var han eller ikkje var han osb. Me blei servert og servert: forrettar, hovudrettar, desertar, drinkar, kvitvin, raudvin og dessertvin. Ved Mr. Gunnar sitt bord, som var like bak kapteinen, vart det mykje nyting denne kvelden. Maten glei ned på ein framifrå måte, og thaiprinsessene spela og dansa. Grand Palace, Wat Arun, Wat Prakeaw og alt det andre glei forbi på elvebreddane. Eit fantastisk skue som vi fekk i solnedgangen idet vår tur starta kl 18.
Kor lenge han varte, er meir uvisst. Iallefall er cruiset ennå ikkje slutt inne i hovudet mitt. Der vil opplevinga vara lenge.
søndag 10. februar 2013
Betre enn sitt rykte
Minibussane i Thailand har dårleg rykte. Bror min seier eg skal halda meg vekke frå desse sjølvmords-bussane. Dei er innvolverte i mange av trafikkulukkene ein har på vegane her. Men når det går bra, og det gjer det jo ofte, er dette ein hurtig og svært rimleg reisemåte. Iallfall mellom Hua Hin og Bangkok. To og ein halv time på desse 200 km, der vanleg taxi brukar 3 timar. 70 kr ein veg for meg og mi kjære, der vanleg taxi skal ha opp mot 700 kr. Minibussen eg sit i nett nå, går på gass, er ny med kjempeakselerasjon, aircondition og sikkerhetsbelter. Desse beltene har ingen brukt før meg. Eg må slita av stripsen dei er bunta i hop med, før eg kan spenna han på. Sjåføren skular på meg, og lurer på kva eg driv på med. Han flirer når han skjønar det. Slalomkøyring i 4 ulike køyrebanar, og køyring ute på vegskulder, er et "must" om ein vil komma seg fram inne i Bangkok. Trafikken er tettare enn kloakrøyret blir når eg puttar papiret i skåla i staden for i bøtta ved sida av.
Etter at styresmaktene gjekk inn med skattelette for alle førstegongs bilkjøparar, har bilparken, særleg i Bangkok, eskalert voldsomt. Den ektefellen som ikkje har bil, kjøper nå familiebil nr 2, og unge folk har og fått råd til bil, les eg. Slik har ein gitt ris til eigen bak. Det er mest på linje med det ein gjorde på Søbævik. Pøsa på med bilar utan å gjera noko med vegen. Den største skildnaden er vel at me ikkje har desse sjølvmordsbussane i Sæbøvik. Korkje Skyss eller Totland kan konkurrera med det. Farten er for liten og prisen for høg.
Minibussen hadde ikkje Wifi. Så at denne bloggen er publisert, tyder på at eg kom meg vel frå. Dei var betre enn sitt rykte desse bussane. Iallfall i dag
onsdag 6. februar 2013
Morgontrimmen
Natta var hard. I gata utanfor Norway Garden er det hundane som rår. Eigentleg både dag og natt. Eg har gjort meg til ven med dei nå. Dei har skjøna at eg ikkje er ute etter matfatet deira, og eg trur dei likar lukta mi. Det er deira område. Desse tre bikkjene styrer over kvartalet.
Om natta, når turistane har gått til sengs og temperaturen går ned mot 24 grader, våknar bikkjene. Krigarar frå skogen rundt omkring kjem rekande inn mot gata vår. Dei vil dela på maten og skvetta frå seg x-kromosom. Mange krigar baserer seg på slike ønskje, i mange slags verdenar. Det vert bråk av slikt. Ein stakkars turist vaknar i senga si og forbannar denne dyriske åtferda.
Klokka 7 står eg like godt opp. Trekk på meg ei kortbukse, fyller vatnflaska, triv bambusstaven og listar meg ut døra. Eg skal morgentrimma aleine.
Bikkjene slikkar såra sine, mens dei sit og småglefsar oppetter gata der eg går. Eg viser dei staven min, og hjelper ikkje det, bøyer eg meg ned i gata som for å ta opp ein stein. Då stikk dei og gøymer seg bak rhododendron i vegkanten. Eit virksomt knep det der. Eg lærde det av thaifolket.
Eg er på veg opp til den lokale Kaldestadåsen, som eg kallar åsen som reiser seg i nord. Rask gange fører meg dit på ein halv time. Men i motsetnad til heime, er vegdekke laga av støypte element. Ein går ikkje og trakkar på overgrodde stiar her. Då treff ein det som er verre enn brunsniglar. Slangane finns av mange ulike slag. Ikkje alle er giftige, og ikkje alle er kvelarslangar. Men eg kan for lite om dette til å våga meg ut i terrenget. Dei slangane eg ser, er oftast ihjel køyrde, og ligg i vegkanten.
Nedanfor Kaldestadåsen på Husnes driv nokre vener av meg med høns. Nedanfor turmålet mitt her er Jakkrit hønsebonden. Eg vinkar til han med bambusstaven min og helsar på hanefar og dei 20 hønene som går og nippar i vegkanten. Kan eg kjøpa egg av han skal tru? Så tenkjer eg på om venene mine heime hadde likt å sjå framandfolk komma rekande på døra for å kjøpa egg. Eg går vidare, utan egg.
Det er bratt idag. Mange er før meg i løypa, og mange som var bak meg, er nå framføre meg. Det dryp frå skolten og frå brystorgana. Eg drikk. Kaldt vatn, både i kjeften og over hovudet. "Drekker du vann idag?", seier bergenseren. Han eig eit hus på vegen opp, og driv ein liten kafe med eit par bord i hagen sin. Eg har vore hos han før. Då drakk eg chang, det beste thaiølet etter min smak. Når blæra var full, fekk eg låna doen hans inne i huset. "Ja eg trimmar", seier eg. "Ja, det er mangt ein kan finna på langs veiene", seier han. "Er ikkje du på ferie mann?", seier han og.
På toppen er apane. Pestdyra, som noko kallar dei. Apane har sexorgie i dag også. "Eg har høyrd at dei driv med det der berre som tidtrøytte", seier eg. "Ja, slikt er det vel med dei fleste", seier ein annan turgåar. Jo - men i denne varmen!
Etter å ha sett meg mett på apane, går eg til utsiktspunktet. Hua Hin ligg langt der nede, så langt auge kan rekke frå nord til sør. Eit vakkert skue, så tidleg om morgonen. For langt vekke til å sjå detaljane. Søppelet i vegkantane og slummen lang jernbanelinja syns ikkje frå her. Berre golfbanen, byen og havet.
Eg småjoggar heimatt. Thaiane er på veg til arbeid og skule. To vaksne og to born på eit mopedsete. Eit vanleg syn. Berre kledd i shorts og utan hjelm. Dei lokale folka får gjera som dei vil i trafikken. Politiet ser dei ikkje. Dei har for få baht til å betala bot. "Dee kraup", ropar dei til meg, og smiler. "Kraup, kraup", seier eg.
Eg er i smilet sitt land. Der sola kvar morgon stig opp frå havet i aust, og der dei innfødde har eit smil som synes å stiga opp frå sjela deira heile døgeret.

tirsdag 5. februar 2013
Tre kalendrar - tre nyttårsfestar.
Den thailandske månekalenderen:
For dei såkalla therewada buddhistane, det vil seia dei som bur i Thailand, Laos, Cambodia and Burma er det nyttårsfeiring i midten av april. Det er i den "varme årstida", som er ei av dei tre årstidene her i dette tropiske landet. Nyttårsfesten går over 3 døger, og vert kalla Songkran-festivalen. Då spring folk rundt med vatnpistolar, bøtter og spann. Det er om å gjera å veta ut dei andre mest mogleg. Kalenderen deira viser at år 2556 startar ved den komande Songkran-festen. Dei ligg altså 543 år før oss i løypa. Det er 2556 år sidan Buddha sin dødsdag, trur dei.
Den gregorianske kalenderen:
I følgje pave Gregor den XIII sin kalender, den eg har på kjøken-veggen i Haugavegen, er det 2013 år sidan Jesus vart fødd. Buddhistane her i landet nyttar også denne kalenderen. Det er nok for at det skal bli greiare for oss turistar å skjøna at sjølv om me reiser halve kloden rundt, og sjølv om me må stilla på klokka etter reisa, så skal me ikkje stilla ho 543 år fram. Dei siste åra har 1. januar såleis vore offisiell fridag også her. Men kva 2013 står for, vil ikkje thaiane snakka så mykje om. Det har ikkje noko å gjera med deira heilage tru.
Den kinesiske månekalenderen:
I Thailand kryr det med kineserar. Ikkje i same grad som i Kina sjølvsagt, men dei har opp gjennom åra strøymd på frå nord for å søkja grønare gras på denne sida av gjerdet. For å overleva. Og i Thailand har denne minoriteten ikkje blitt forfulgt, slik som i mange andre land. Kinesarane her er godt integrerte. Dei lærde seg raskt thaimålet, respekterte buddhismen og formerte seg greitt både med eigne og nye landsmenn, vert eg fortald. Ein stor og uoversiktleg minoritet med kinesiske gener i større eller mindre grad, ligg rundt mellom 10 - 20 % les eg. Og kineserane har med seg sin eigen kalender. Wan trut chin kallar thaifolket den kinesiske nyttårsdagen. Den kjem på den andre (stundom tredje) nymånedagen etter vintersolverv, og skal i tillegg vera mellom 21. januar og 19. februar. I år kjem denne kinesiske nyttårsdagen den 10. februar. Då startar slangen sitt år i denne 60-talsykliske kalenderen.
Den beste plassen å oppleva den kinesiske nyttårsfeiringa i Thailand, er i China Town i Bangkok. Også her i Hua Hin har ein begynt å pynta seg til festen i slutten av veka, noko eg tok bilete av på handlesenteret idag. Likevel reiser eg og mi kjære på ein weekendtur inn til Bangkok fredag til sundag.
Då skal me feste. Kinafeste, med 7 andre millionar minst.

Abonner på:
Innlegg (Atom)