Vitjingar sidan 25.06.2010
Søk i denne bloggen
søndag 15. mars 2026
Når skyene berre er skyer
Eg spelte Joni Mitchell på Spotify i stad. Den gamle songen byrja som han alltid gjer: Rows and flows of angel hair…
Eg hugsar framleis korleis det var å vere ung og høyre dei linjene. Alt var større den gongen. Voldsamare. Skyene var ikkje berre skyer; dei var teikn, symbol, varslar om noko som låg bak det synlege. Verda var gjennomsyra av meining, om ein berre klarte å tolke henne rett.
Vi fór gjennom livet som hormonelle spydspissar. Egoet peika ut retninga, som eit dårleg kalibrert kompass. Vi ville finne noko – sanninga, kanskje – eller i det minste setje spor etter oss i landskapet. Ropa høgt. Vise att.
No sit eg her og har runda godt forbi dei åtti.
Kne og hofter sukkar når eg reiser meg frå kjøkkenstolen.Blodtrykket fell om eg er brå. Når eg ser ut glaset, ser eg skyene for det dei er: vassdamp som kondenserer i kjøligare luftlag. Mest sannsynleg kjem dei til å sleppe mange millimeter regn før kvelden er omme.
Ingen englehår.
Ingen skjulte bodskapar frå universet.
Og det er eigentleg heilt i orden.
Det finst ei ro i dette som eg ikkje kjende før. Ei ro som ikkje kjem av store visjonar eller luftige draumar om å vere ein hovudperson i eit kosmisk drama. Ho kjem heller frå det enkle faktum at verda er slik ho er, og at eg etter kvart har fått sjå litt av korleis ho verkar.
Eg har sett ting med eigne auge. Målt dei, kjent dei i hendene. Eg har hatt sår som ein gong var opne, og som no har grodd til stille arr. Erfaringa legg seg lag på lag, som sediment på havbotnen.
Tyngdekrafta verkar, og dei elektromagnetiske bølgjene skkvulpar rundt oss.
Kaffien blir kald om han står for lenge.
Dagane kjem og går, nesten upåverka av kva vi måtte meine om saka.
Av og til møter eg gamle kjende som ristar litt på hovudet. Kanskje synest dei eg har vorte for nøktern. At noko gjekk tapt då eg slutta å leite etter det overnaturlege.
Men dei ser ikkje heilt kva som har kome i staden.
For det ligg ei stille glede i å akseptere røyndomen slik han faktisk er. Ein treng ikkje trylleformular når ein har naturlovene. Det er eigentleg meir enn nok å få vere ein ørliten, men fullt ut verkeleg, del av eit ufatteleg stort og samanhengande system.
I songen syng Joni at ho eigentleg ikkje kjenner livet i det heile.
Og når ein tenkjer etter: kven gjer vel det?
Universet er altfor stort til at vi nokon gong kjem til å forstå det fullt ut. Men det gjer mindre no enn det ein gong gjorde. Uvissa treng ikkje lenger fyllast med illusjonar.
Det held å vere her.
Eg trur eg set over litt meir kaffi. Regnet har byrja så smått mot ruta. Tyngdekrafta held framleis alt på plass.
Det får halde for denne kvelden.
søndag 1. mars 2026
Guten med kniven
Året var 1970. Verda var delt i to, og kommunismen var det store spøkelset som fekk vaksne folk til å sjå under senga før dei la seg om kvelden. USA hadde teke på seg den store uniforma som heile klodens politimann, og rota rundt borte i sumpane i Vietnam, Kambodsja og Laos, fast bestemde på å redde verda frå seg sjølv.
Sjølv sat eg på den tida rimeleg trygt i Bloomington i Indiana. Eg budde i eit av desse enorme studentkompleksa der eit par tusen andre ungdommar var mine næraste naboar. Om dagane stod eg i syklotron-laboratoriet og prøvde å jage tunge atomkjernar opp i fart. Det minte meg i grunnen litt om å jage kyrne heime på garden då eg var smågut, sjølv om reiskapane no var litt annleis og kyrne var bytta ut med usynlege partiklar. Eg skulle hente kunnskap som skulle delast med folka heime ved Univ i Bergen.
Men av og til trengte eg å treffe vanlege folk. Av og til trengte hovudet noko anna innput enn nukleære teoriar. Eg fann ein mørk liten bar like utanfor campusområdet, henta meg ein Budweiser i baren og sokk djupt ned i skaisofaen i hjørnet.
Det var der eg trefte han. Ein av desse gutane Richard Nixon tydelegvis berre hadde gløymt att då festen for han i Vietnam var over.
Han kom haltande inn med eit tungt drag i den eine foten. Den venstre armen hang inntil kroppen på ein måte som fortalde at han hadde fått kjenne krigen på altfor nært hald. Men det var augo som verkeleg viste at han aldri hadde kome heilt heim. Dei flakka rundt, fulle av skuggar frå ein asiatisk sump han framleis vassa i. Han stilte seg ved sidan av meg og kravde at eg kjøpte ei øl til han. Det låg ikkje noko trugsmål i stemma, berre ein botnlaus desperasjon etter å klamre seg til noko vanleg. Han måtte drukna desse demonane han bar på.
Då han byrja å fortelje historia si til heile baren, (noko han visst gjorde kvar kveld) med heile den rastlause kroppen sin, såg eg den store kniven i beltet hans. Å jo, eg blei redd, men kjende samstundes ei djup sorg for denne guten som nok var ein del år yngre enn eg med mine 27. Eg smaug meg stilt ut døra, for eg hadde inga trøyst å gi. Den slitne baren var blitt ei siste hamn for desse øydelagde ungdommane som nasjonen først sende i krigen, for deretter å snu ryggen til då dei kom heim.
Når eg fylgjer med på korleis verda rullar vidare i dag, kjem den same gufne kjensla smygande. Kva har me eigentleg skjønt av historia? Me sit her att med Trump ved roret, og sirkuset snurrar så fort at ein lyt halde seg godt fast i sofakanten når Dagsrevyen startar.
Men reglane er endra brutalt. Makthavarane treng ikkje lenger sende arbeidarklassens søner ut i gjørma for å døy. I dag er krigen blitt rein, nesten ryddig for dei som sit med makta. Verdas politimann gjer no jobben frå eit kontor med skjermar og styrespaker. Det er robotar, droner og ballistiske missil som tek seg av grovarbeidet, tusenvis av kilometer unna.
Eg tenkjer på den pågåande konflikten der USA og Israel står mot Iran. Det er ei høgteknologisk oppvising i makt der dei som trykkjer på knappen slepp å sjå fienden i kvitauget. Avstanden mellom avgjerdene i maktkorridorane og lidinga på bakken har aldri vore større.
"America First" – dette idiotiske og egoistiske utsagnet (kjem nesten opp mot Gro sitt “Det er typisk norsk å vera god”). Retorikken er på linje med den under den kalde krigen. Den same, rå maktdynamikken vakar like under overflata. Rolla som brautande politimann har berre fått ei ny, fjernstyrt form. Døden kjem nesten lydlaust frå himmelen, men ofra på bakken er like ekte.
Kven er det som sit att med demonane i hovudet i dag? I Bloomington såg eg kva sumpen gjorde med ein ung gut som overlevde. I dag slepp kanskje soldatane å vasse i blod, men kva gjer det med eit menneske å drepe via ein dataskjerm? Og endå viktigare: Kven høyrer skrika frå dei som står att under regnet av missil, medan makthavarane våre tørkar hendene og gjer seg klare til å trykkje på neste knapp?
Trump seier jo at han har Gud på si side. Khamenei støttar seg til Muhammed. Eg trur dei begge har sove frykteleg tungt i timen.
Når makthavarar gøymer seg bak fagre ord og religion for å forsvare det aller mest brutale i oss, kjenner eg at all tru forsvinn. Sanninga er vel at ein står att heilt utan tillit til noko av det dei serverer oss. Kven kan ein eigentleg stola på i dag? Ikkje på systemet, ikkje på dei kyniske leiarane og i alle fall ikkje på at makta vil oss vel. Tilliten er i grunnen blåst vekk, like lydlaust som ei drone over nattehimmelen. Kanskje det beste me kan håpa på nå, er det galgenhumoristiske om at verda står til påske.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)

