Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

søndag 18. januar 2026

Kjære Vene

Eg stod bak i køen på Rema i går og kjende på dette merkelege utolmodet som kjem med alderen. Dette suget i magen over at alt skal gå så fort, at tida liksom renn mellom
fingrane på oss medan vi står og ventar på at verda skal rulla vidare. Framme ved kassa stod ein eldre mann. Han stod med fingrane djupt nedi ein plastpose med småmynt og nokre krøllete, gamle kvitteringar. Han prøvde å sortera, prøvde å finna fram til noko som kunne likna på betaling, men fingrane ville ikkje lystra takten til kassaapparatet. Det såg ut som om han akkurat då hadde mista tråden i kva rekkjefølgje verda gjekk i. Bak meg tromma ein rastlaus skosole mot flisene. Sukkene i køen vart tunge, og eg såg korleis hendene til mannen begynte å skjelva. Eg kjende det godt att. Det blikket. Den lamslåtte panikken som oppstår når logikken stoppar opp og du føler at heile verda sit med fasiten og berre ventar på at du skal feila. Då bøygde ho seg fram, den vesle kvinna som stod rett bak han. Ho prøvde ikkje å gjera det for han, men ho la ei hand lett på arma hans og sa det heilt lågt: «Kjære vene. Treng du hjelp?» Det var ikkje berre orda. Det var noko med måten ho sa det på, ein varme som strauk han over kinnet utan å røre han. Det låg ein naturleg tryggleik i måten ho stod der på, ei ekte kjensle av at ho faktisk såg mannen bak skjelvinga. Heilt enkelt. Heilt stille. Han pusta ut, og den lune roa hennar smitta over på han. Skjelvinga gav seg litt, og med eit lite smil hjelpte ho han å sortera myntane. Han fekk vera herre over eiga betaling, berre med litt støtte i ryggen. Eg vart ståande att og tenkte på kor lett det er å la seg rive med av jaget. Men ser vi oss om, finst det heldigvis motkrefter. Vi ser det her heime i dei små bygdene, der folk framleis set av tid til den gode praten langs vegen, eller i dei store byane der frivillige opnar dørene for framande som har mista fotfestet. Vi ser det i konsept som «nabohjelp» og opne møteplassar der det ikkje er kva du presterer, men at du er tilstades, som tel. Og lyfter vi blikket endå meir, ser vi at dette er eit universelt språk. Det handlar om den same, djupe kjensla: Å sjå eit anna menneske der dei er, utan å krevja at dei skal vera noko anna. For «kjære vene» skal jo ikkje gjera nokon stakkarsleg. Det er eit lite rom for å få att pusten. Det er å seia at «vi ser at dette er vrient akkurat no, men vi har tid». Men det krev at vi meiner det. At hjartet er med i tonefallet. Eg gjekk heimatt frå butikken nokre tankar rikare. Kjære folk, eg trur vi treng fleire slike ord no. Men mest av alt treng vi det som ligg bak dei. Vi treng ikkje fleire som ropar høgt når nokon mistar tråden. Vi treng berre fleire som ho kvinna i Rema køen. Som veit når det er nok å seia, med heile seg: Kjære vene. Treng du hjelp? Ho vart min laurdagshelt i går.

tirsdag 13. januar 2026

Troll i ord: Når kaoset ikkje berre er teori

Dei seier at lynet ikkje slår ned to gonger på same stad, men dei har tydelegvis ikkje høyrt om David Pincus sin kaosteori eller takpappen på Seniorsenteret. I går bestemte fysikkens lover seg for å gje oss ein real ein midt i fleisen. Takpappen losna. Igjen. Og berre for å strø salt i såret: No på begge bygningane i Sameiget. Akkurat då eg, takstmannen og Tryg hadde fått samla trådane etter herjingane til ho Amy, fann vêrgudane ut at dei skulle ha ein etterfest.
Det vart ikkje akkurat nokon roleg kaffikopp på meg i går. Det vart ikkje kaffi i det heile. Det vart "mellombels sikring" av takpapp med tunge bjelkar og annan last på eit isete tak, midt i ein storm som ville ha blåst parykken av kven som helst. Der stod vi: Fire 80-åringar utan særleg med musklar igjen, uten parykk, men med ein god porsjon dødsforakt. "Hald roen," tenkte eg, medan eg såg bjelkar dingla fem etasjar over bakken i ein slags makaber luftakrobatikk medan vi skubba og drog for å få dei opp på taket. Vi sleit med handamakt for å halda huset på plass. Men du veit: Vi som bygde hus på 70-talet, vi ringjer ikkje etter verken polakkar eller kranbil før blodet flyt. Vi gjer det sjølv. Tanken på å leiga inn folk før vi har prøvd alt anna, sit djupt. Den hyggelege takstmannen var med oss per telefon, som ein slags mental heiagjeng frå den tørre og trygge verda. "Dokke må skriva timar for eigen innsats," sa han i røyret, sikkert litt imponert over kva seniorar i Kvinnherad kan få seg til å gjera. "Å?" svarte eg. Vi var vel berre glade for at vi ikkje vart ein del av skadeomfanget sjølve. Vi berga taket. Så langt. Og mirakuløst nok gjekk inga menneskeliv tapt – sjølv om hjartet mitt truleg var oppe i halsen og snudde eit par gonger der oppe. Natta som følgde vart av det korte slaget. Eg sov vel berre litt mellom krampetaka. Eg følte vinden prøvde å nappa dyna av meg gjennom veggane, men eg pinnhaldt. Eg vann den striden.

lørdag 10. januar 2026

Er livet berre kaos? Ja, og takk og lov for det!

Eg har kasta meg over nokre tankar frå ein kar som heiter Dr. David Pincus. Han er ein professor og psykolog frå California som har brukt karrieren på å studere noko så rart som kaosteori i menneskeliv. Han er ein jordnær type som meiner at verda ikkje er bygd opp av firkanta boksar, men av levande system der alt heng saman. Kva er eigentleg denne sommarfugleffekten? Du har kanskje høyrt om sommarfuglen som flaksar med vengene i Brasil og lagar tornado i Texas. Det høyrdest kanskje sprøtt ut, men i kvardagen min gir det faktisk god mening. Sommarfugleffekten handlar om at dei minste småtinga kan få enorme konsekvensar. I eit system der alt heng saman, finst det ikkje noko som er «ubetydeleg». Tenk på kva eit lite smil til ein framand på gata kan gjera, eller korleis ein kort telefon kan endra heile veka for ein som sit åleine. Ein liten kveik frå deg har ringverknader du aldri får sjå slutten på. Det sunne rotet Pincus seier noko trøystefullt: Det er faktisk eit sunnheitsteikn når ikkje alt er på stell! Han har funne ut at friske system – enten det er hjarterytmen eller humøret mitt – ikkje skal vera heilt jamne. Viss alt er føreseieleg og flatt, er det eit teikn på at noko har gått i baklås. Det er som med vêret her på Vestlandet: Det skiftar heile tida, og det er nettopp det som gjer at naturen held seg frisk og grøn. Finn mønsteret i kvardagsstriden Pincus snakkar òg om «fraktalar» – mønster som gjentar seg. Han meiner at måten ein gjer dei små tinga på, seier alt om korleis ein taklar dei store utfordringane. Som styreleiar får ein gjerne røyndomsjekken rett i fanget: • Vasslekkasjen kvelden før nyttårsafta: Når telefonen ringjer og det lek vatn i ein kjellar akkurat når gjestene er komne. Der og då blir kaosteorien veldig praktisk. Går ein rett i kjellaren og svartmålar alt, eller vert styringa teken med det same tålmodet som når ei dør som har gått i baklås skal lirkast opp? • Når folk sit fast i heisen: Ingenting testar eit system som når heisen brått står mellom to etasjar. Det er ein situasjon prega av stress og uvisse. Ein kan ikkje trylle heisen i gang att med ein gong, men måten situasjonen vert handtert på, påverkar alt. Pincus ville sagt at måten ein kommuniserer og held roa på i ein slik låst situasjon, speglar evna til å navigere i livet elles. Det vesle mønsteret av tryggleik som vert synt fram, forplantar seg til dei som sit i heisen og gjer kaoset deira litt mindre skremmande. Slutt på å vera ein reservedel Eg er ikkje ei ferdig-reparert maskin som berre skal sitja her og vente på at garantien går ut. Eg er ein del av eit levande mangfald av naboar, vener og barnebarn. Dr. Pincus minner meg om at det er det «rotete» mangfaldet som gir dei beste vekstvilkåra – ikkje eit liv som er vaska og stroke og heilt utan motstand. For viss måten ein handterer ein uventa vasslekkasje eller ein heisstans på kan fortelje noko om eiga motstandskraft, kva slags kraft sit vi då ikkje inne med? Er det ikkje ei fantastisk tanke at ditt neste vesle «vengeslag» kan vera akkurat det som skapar ein storm av glede i livet til eit anna menneske? Tankevekjande på ein laurdagskveld

onsdag 7. januar 2026

Kvifor berre gå når ein kan sjå

Veggpryd i svingane på Seniorsenteret

Tankar frå ei trapp når sola har snudd

Tunge støvlesolar mot hard betong. Det er lyden av ein kropp som er langt komen i livet, men som nektar å la seg diktere av tyngdekrafta. Første etasje. Her, rett over rekkene med postkassar, heng det første
sporet etter levde liv. Det er ein kantsydd bord i gult og blått, forma som skarpe tindar. Dette er gåver frå folk som har villa at minna deira skal få nytt lys. Eg stansar litt og lèt blikket kvile på mønsteret. Det er noko vakkert i korleis kunstnaren som bur i andre etasje har teke desse brukte tekstilane og gitt dei ein ny misjon; som ei lita krone over kvardagen vår. Beina mine er framleis kalde, men hovudet har byrja å sortere. Andre etasje. Her bur ho, arkitekten bak dette galleriet.
Utanfor døra hennar er tindane vorte doble – raudt mot kvitt og gult. Her fell tankane til ro. Eg tenker på eit brev eg skal skrive til ein gammal ven, eit slikt brev som krev varme og nøyaktigheit, akkurat som desse omarbeidde tekstilane. Orda skal vere like faste i kanten som handverket eg har framfor meg. Beina er varme no, og viljen tek over for melankolien. Tredje etasje. Midtvegs.
Mønsteret endrar karakter igjen, mørkare no, med korset som motiv i dei kvite felta. Her fell planane for veka på plass. Alt må berre setjast opp rett, så viser vegen seg sjølv. Eg kjenner svetten pipla under skjortekragen, og blikket søker døra til heisen. Ho står der, blank og freistande. Ein sølvfarga veg utan motstand. Stundom, når giddaløysa legg seg som ei våt ullkåpe over skuldrane, trykker eg på knappen. Eg lèt meg søkke ned i den mjuke ristinga og ser mitt eige slitne andlet i spegelen. Det er eit nederlag som smakar av luksus. Men ikkje i dag. Fjerde etasje. Her er det tungt. Eg må støtte meg til gelenderet.
På veggen heng fire åttekanta stjerner, omarbeidd frå stoff som folk har hatt kjært. Det er ein etasje for dei lange tankane, dei som handlar om at tida akselererer medan stega vert kortare. Men eg skubbar tungsinnet bak meg. Det er framleis eg som fører loggen. Eg ser på den vesle, einslege ruta som heng til høgre for dei andre – ein påminnar om at vi alle treng vår eigen plass i det store mønsteret. Femte etasje. 76 trinn.
Eg står framfor tre kantsydde roser. Dei er raude og kraftige, henta ut av ein samanheng og sett inn i min. Eg er oppe. Eg er heime. Pulsen hamrar i tinningane, men blikket er stødig. Eg skal bruke dette nye året på å vera styreleiar i mitt eige liv. Eg skal setje opp rekneskapen slik at summen av små sigrar – som kvar etasje eg legg bak meg til trass for motstanden – alltid går i pluss. Saklista er ferdigtenkt. Eg kan leite fram klubba.