Svigerinna mi og hennar mann inviterte på dobbel 60-års feiring i helga. Den direkte årsaka til dette var påfølgjande hendingar på Haugalandet hausten 1951. Dei var fødde i året etter at folk ikkje lenger blei ein og seksti. Nå skulle dei bli sekstiein år. Den nye tellemåten som kom til verda, hadde nok ein trongare fødsel enn det svigerinna mi og mannen hennar hadde. Dei to har endra seg meir på åra som er gått. Tellemåten forblei den same hos store delar av folket, iallfall hos dei på vår alder.
Den "nye" tellemåten vart ikkje eit tema i bursdagen. I slike 60-årsdagar ønskjer ein vanlegvis ikkje å tenkja så langt framover at sekstiein og sekstito kjem fram i samtalen. Slikt er følsame greier. Sjølv slit eg oftare enn før med å finna dei rette orda til dei som rundar år. I gamle dagar sa eg gratulerer med dagen til mine jamnaldringar. Den gongen var det for dei fleste ei stor måloppnåing å få lagt nye år til alderen sin. Nye dører åpna seg anten det nå var kinodører, bildører eller poldører. Seinare gjekk eg over til å seia til lukke med dagen, i den tru at det skulle vera meir skånsomt og ikkje fokusera så mykje på at middagshøgda var passert. Nå for tida er eg rådvill. Stundom seier eg til folk som nærmar seg min alder: Velkommen i krigen.
Den franske filosofen og matematikaren, Blaise Pascal, sa at: "I ein krok i hjarta ditt er du alltid 20 år". Pascal vert rekna som grunnleggaren av sannsynrekninga, og sansynlegvis hadde han rett i denne filosofiske betraktninga også.
Men det er klart det røyner på. Når barnebarna sit på fanget mitt og spør om å få kjenna på dei rare foldene eg har i ansiktet, eller når dei kjem med jamnaldrande 4 åringar for at også dei skal få "sjå" bestefaren, krympar Pascals krok i hjarta mitt.
Kva tid starta forfallet? tenkjer eg då. Men eg skyv tankane raskt frå meg. Og Pascalkroken svulmar opp att.
Men eg er jo realistisk: Ein skal ikkje tulla bort tida. Det svenske ordtaket :" Gjer ikkje i morgon det du kan utsetja til i overmorgon", er ingen god leveregel lenger. Mottoet bør heller vera slik Astrid Nøklebye Heiberg sa: "Det er nå". Det ligg ei stor glede i å tenkja slik at er det noko eg vil, så gjer eg det nå. Som gamle Kong Olav sa til skipskapteinen sin på kongeskipet då han hevda at de alle hadde god tid på ein av seilasane: "Jeg er en gammel mann. Jeg har derfor ikke god tid".
Difor kjære jamnaldringar: Nå gjeld det å gassa på.