Bilete til høgre er frå februar 2000. Det året vart bilen, som me har hatt til nå, kjøpt. Han var på det tidspunktet, tilliks med mykje anna som eg avbilda på den tida, ein energibunt. Rask i motbakkar, stødig på glatta, og hadde god tenning på alle pluggar. I 11 år gav han meg alt. Han sleit trelast opp bakkane frå Haukeligrend til Stokketjønn, førte meg trygt gjennom skandinaviske hovudstadar, var stødig i kolonnekøyring i allslags ver, og gav meg lys og varme i mørke vinternetter. Nå var han trøtt. Han ville at yngre krefter skulle overta. Men det var med tungt hjarta eg høyrde på sukka hans, og tilslutt lot meg overtyde om at han var mogen for utskifting.
I går 18. mai, troppa eg opp hos forhandlaren. Eg peika på kva bil eg ville kjøpa, signerte og betalte. I dag står han i garasjen. Slikt må ein berre få raskt unna. Den nye er i slekt med den gamle, og har same etternamnet. Han er barnebarnet så og seia. Her er alt automatisk og han driv seg avgarde, stundom med 2 og stundom med 4 hjul. Han går framover, bakover, oppover og nedover utan nemneverdig støy og møye. Bakkestartane tek han sjølv, og eg kan kvila klutsjefoten som aldri har likt klutsjinga sidan den lumbale prolaps i 2006.
Det har berre vore 4 bilar hittil i livet mitt. Den første kjøpte eg i Nederland i 1972. Rundt rekna har eg hatt bilane mine i 10 år. Den femte kjøpte eg i går på Husnes. Ein SX4 automatikk. Om eg skal ha den i 10 år også, må eg vel installera autopilot i han. Eller skaffa meg privatsjåfør. Den som lever, kan sjå.