Vitjingar sidan 25.06.2010
Søk i denne bloggen
søndag 3. april 2016
Ein vekkar
Etter eg kom frå Vietnam for ein månad siden, har eg lese boka "De blindes paradis" av den kvinnelege, vietnamesiske forfattaren Duong Thu Huong. Ho er fødd i 1947, og som 20 åring forlot ho studenttilvære,og gjekk frivillig inn i krigen mot amerikanarane. Ho var nesten 7 år av krigen i jungelen og i tunnellane ved den mest bombardert regionen i Binh Tri Thiên. Ho vart ein av tre overlevande av dei ialt førti frivillige i hennar gruppe. Ho var og med i 1979 i den korte kinesisk-vietnamesiske krigen. Duong Thu Huong var ein sann kommunist.
Men i perioden etter Vietnam si gjenforening i 1975, blei Dương stadig meir frittalande og kritisk til den undertrykkande atmosfæra som den kommunistiske regjeringa skapte. Ein dag fann ho seg sjølv sitjande på fortauet i Saigon og tenkte: Kva er det vi har gjort? Kva er det vi har påtvunge folket her i sør. Dei hadde fridom, kva har dei nå? Ho begynte å snakka mot den kommunistiske regjeringa.
Boka "De blindes paradis" utkom i Vietnam i 1988, og blei ein bestselgar. I 1989 blei boka forboden, Duong vart ekskludert frå kommunistpartiet og fengsla. Idag bur ho i Hanoi. Boka blei som første vietnamesiske bok oversett til engelsk, og i 2003 utkom ho på norsk på Pax forlag.
Boka er ei dramatisk familiehistorie og ei forteljing om endringar i det vietnamesiske samfunnet over ein periode på førti år. I kjølvantnet av jordreformene på 50-talet blei gamle føydalstrukturar brotne opp, men slo raskt tilbake i ny form. I sentrum av forteljinga står tre kvinner. Den unge kvinna Hang er på 80-tallet arbeidar ved ein russisk tekstilfabrikk. I slummen i Hanoi bur mora Que, der ho overlever som gateselgjar. I landsbyen bur tanta Tam, som ikkje kan gløyme fortida, på godt og vondt. Oppe i det politiske systemet er mora sin bror Chinh, ein mann som har mykje på samvetet. Dette er ei skarp politisk roman og ei forteljing om menneske og landskap, lydar og lukter.
For meg som var ein overbevist motstander av amerikanarane si krigføring i Vietnam, blei dette ein tankevekkar. Eg har ikkje reflektert så mykje omkring Vietnam sin lagnad etter krigen, anna enn undra meg noko over det store talet på båtflyktningar frå dette landet. Nå skjønar eg noko meir av kva dei flykta frå.
Ei leseverdig bok frå ein verdsdel eg ikkje kjente til noko litteratur frå tidlegare.
Abonner på:
Innlegg (Atom)