Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

fredag 7. november 2025

Når livet krev lakksko

​Då var den dagen her. Ein sånn dag som er sett av til å ta farvel. Har vore i Haugesund i dag, i gravferda til svogeren min.

​Ein kjenner det med ein gong ein tek på seg den svarte dressen. Det er alvor. Brylkremen er på plass, slipset strammar akkurat passeleg, og joggesko er bytta ut med svarte, blanke lakksko. Tradisjonar skal haldast ved like på ein dag som denne.

​I kyrkja var stemninga fin, men fatta. Som det skal vere. Eg fekk plass heilt framme. Greitt nok det, ein ser presten, og ein høyrer orda. Presten gjer jobben sin.

​Så var det salmane. Eg song med, så godt eg kunne. Og veit du kvifor? Jo, sjølvsagt for salmen si skuld, men og for å få løyst opp stemmebanda. Dei har vore i dvale. Eg har ikkje brukt stemma mi skikkeleg på fleire dagar. Har berre tusla rundt og småprata litt med kaffitraktaren om morgonen, og han svarar jo ikkje akkurat med høg røyst. Så eg var hes som ein kråke. Då gjer det godt å synge litt.

​Etterpå bar det ut. Eg gjekk bak kista og fekk bere ein krans. Det er vel det minste ein kan gjere. Eit siste følgje.

​Det slår ein jo, der ein går og tråkkar i desse fordømte lakkskoa som slett ikkje er laga for å gå med. Det er krevjande. Men der går ein, og tankane kjem: Han døydde. Eg lever vidare. Så enkelt, og så ufatteleg stort.

​Og no? No sit eg her. Livet går jo vidare, bokstaveleg tala. Eg er på reisefot heim att. Buss og båt. Akkurat no har eg ein ufrivillig pause på Leirvik. Klokka er 21.30. Ein time og tjue minutt venting.

​Kva gjer ein kar då? Jau, ein finn seg ein krok på Bakeriet Frugård og bestiller seg ei øl.

​Så no sit eg her med ein halvliter. Det er meir enn berre å slå i hel ventetida. Det blir eit slags stille, lite gravøl for meg sjølv. Medan eg ventar på båten, går tankane attende til svogeren min. Til det vi hadde i lag, alt det vi snakka om, og alt som no ikkje blir. Ein roleg skål, heilt aleine.

​Blogginnlegget er ferdig, og ølet er snart tomt. Eg har på sett og vis gravlagd ventetida òg.

​No ventar snøggbåten. Det skal bli godt å kome seg heim.

1 kommentar: