Søndag morgon.
Eg står og steikar det daglege egget mitt. Det er oftast egg med steikte tomatar og kaviar tilmin frukost. Når eg har besøk, fleskar eg til med bacon.
Klokka på mikrobølgjeomnen viser ikkje det same som på mobilen. Eg et frukosten og irriterer meg heile tida over den klokka.
Så tek eg meg saman. Ryddar av frukostbordet og skrur klokka tilbake ein time. Det er vintertid.
Det kjennest rart. Litt som å få ein time av livet tilbake. Tenk om vi hadde skrudd klokka eit år tilbake. Tenk deg å vakne i dag tidleg, sjå på mobilen, og det står26. oktober... i fjor.
Panikk. Eg stormar ut på badet, glor meg i spegelen. Og håpar det beste.
Men det er jo berre éin time. Og sjølv den timen er jo berre noko vi har funne på.
Vi skrur på klokkene bakover. Som om universet bryr seg om eit klikk og to på mikroen min.
Det heile er litt komisk. Vi prøver å kontrollere noko vi aldri kan fange.
Tida er ein sosial konstruksjon – eit system me har laga for å halde orden på dagane våre. Vi deler tida inn i minutt og alarmar, som om ho er noko vi kan eige.
Men tida er ikkje der ute. Ho er inni oss.
Tida flyg når vi stressar. Ho forsvinn når vi er forelska.
Og når vi verkeleg er til stades, kan ho nesten stoppe opp.
Kvar haust seier folk: «Deilig, ein time ekstra søvn.»
Sjølvsagt får vi ikkje noko ekstra. Vi berre låner ein time frå våren. Det er som å flytte ein stein frå éi lomme til den andre.
Kanskje poenget ikkje er at klokka går seint, men at vi bør gjere det.
At vi stoppar opp og kjenner at vi er her.
Det er i kvardagen magien ligg.Når eg set meg ned med ettermiddagskaffien og pinne-isen frå Royal... Då sluttar eg å sjå på klokka, og byrjar å sjå på isen. Eg ser korleis den vesle dråpen av vanilje slit seg laus og er på
nippet til å treffe fingrane mine. Ein evigheit går med til å bestemme om eg skal fange den med tunga eller la den falle. Det er i slike val tida bur. Kanskje er det ikkje timar vi lever i, men i talet på små kvardagsøyeblikk.
Så ja, vi kan skru klokka.
Men det er viktigare å skru oss sjølve på plass.



AMEN!!!
SvarSlettDei som gjev gode råd mot demensplaga, meiner at me skal leggje inn ein del brot med rutinane våre for å skjerpe hjernen. Til dømes å pusse tennene med hi handa stundom. Eller byte brok oftare. I det perspektivet håpar eg at denne klokkefiklinga to gonger i året er eit tiltak mot uverdig senilitet. Men mobilen og pc'en samarbeider ikkje. Dei trur at eg allereie er alvorleg dement og stiller tida utan å spørje meg.
SvarSlettHaha
SvarSlettJa. Akkurat i det ein skal til å gjere ein skikkeleg innsats for hjernebarken med litt god, gamaldags klokkefikling, så kjem teknologien og stel heile hjernetrimmen!
Eg er glad eg har mikroen...
Klokka i bilen har ikkje endra seg av seg sjølv, så no har vi ei utfordring!
SvarSlettDå blir ho rett igjen av seg sjølv den 29. mars 2026 🤣
Slett