

Å plukke bær handlar vel om å ha eit slags tolmod. Som ektemann er eg som kjent den mest tolmodige av alle husdyr, men det finns altså mange slags tolmod. Å kunna ta det med ro og kontrollera kjenslene når adrenalinet pumpar i hender og hovud, å ha is i magen, skal vera ein positiv eigenskap. Det har i denne samanhengen ikkje noko å gjera korkje med Diplom eller Henning Olsen. Det er meir å våga å stå oppreist når ein helst skulle stikka av. Styrke til å sjå det an. Det er som kjend ikkje den sterkaste som vinn, det er den som aldri gir seg. Nokon kallar det for å vera sta. Det gjer ikkje eg.
På 1970-talet investerte eg i trykkokar. Ein hendig sak når poteter og anna skulle kokast ferdig i ein fei. Når ein hadde det ravelt og tolmodet svikta, var dette eit framifrå hjelpemiddel. Då skulle potetene leggast i kokaren på rist, og lokket med pakning vriast på. Så auka trykket i kjelen, og når dampstråla stod rak og tydleg til værs, blei loddet sett på dampventilen for å auka trykket ennå meir. Men når trykket blei for høgt, letta loddet seg litt og noko av damptrykket unnslapp før loddet glei attende og tetta holet. Eg lærte mykje av dette apparatet. Ikkje realfag, for den historia kunne eg. Men eg vann psykolgisk innsikt i eige sinn. Halde trykket under kontroll, men sleppe ut overtrykket dann og vann. Og då tenkjer eg ikkje på mageknipen.
Til slutt eit tips til deg som les denne bloggen, anten du er ung og urøynd eller gammal og nyfiken: Gå inn på denne linken til Illustrert vitenskap og undersøk ditt eige lynne og din eigen væremåte. http://illvit.no/sjekk-personligheten-din
Godtok du utfallet?
PS: Slik blei min profil:
Mitt resultat etter ei side med svar var: "Forbindelsen nedkoblet av tjeneren". Han fekk nok eit sjokk då han såg kva eg svarte på den første rekkja med spørsmål.
SvarSlettDet tenkjer eg nok at han fekk ja. Du er ikkje kjend for å fara skånsamt fram.
SvarSlettJa dei er tidlegare ripsa på Husnes enn her.. Me har ikkje, men naboen har. Henning Olsen heiter Hennig Olsen, men god is har han, godt å ha i frysen.
SvarSlettTurid