Og særleg godt smakar dei heimeavla. Frøa kom i jorda innandørs tidleg i mars. Plantene blei sett ut i drivhuset i mai og kom med sitt første raude avkom tidleg i juli. I løpet av denne tida har eg forsynt dei med kunstig lys i to til tre månader, og elektrisk oppvarming i vekevis i mai og juni. Eg har gjødsla dei og gitt dei nyinnkjøpt så- og plantejord. Kvinnherad energi og FK-butikken har tydlegvis merka seg dette. Dei går ikkje stilt i dørene med slikt.
Tomatene i Sparbutikken kostar for tida rundt 30 kroner kiloen. Det er for ingenting å rekna mot min kilopris. Den passerer nok 100-lappen.
Men så er dei knakande gode og. Det må dei vel vera. Skal tru om det er difor dei raudnar.
Håpar dei ikkje blir så dyre at du lyt kaste dei fordi du ikkje har råd til så dyr mat ...
SvarSlett