
Tida gjekk, og eg egga meg med godt samvit i åravis. Av alle variantane eg serverte, vart likevel speilegget min favoritt. Passeleg steikt med solsida opp. Så med eitt, over natta så og seia, vart egga farlege. Kolesterolbomber som dei var, meinte lækjarane at menneskekroppen ikkje hadde godt av slikt. Eg reduserte difor inntaket med nokre prosent den gongen på slutten av forrige årtusen.
Men nytt årtusen kom og med det nye forskningsresultat.
" Når vi ser på den forskning som har vært gjort omkring egget, konkluderer de aller fleste rapportene med at eggets innhold av stoffet kolesterol betyr svært lite i den totale sammenhengen", kunne ein då lesa i media. Egginntaket mitt vaks igjen. Det gjorde den og for resten av folket. Før påske i 2004 vart det ommfattande eggtørke i landet. Ein kunne lesa følgjande i media:
"Frps folkevalgte Øystein Hedstrøm er seg sitt ansvar bevisst og ville i den muntlige spørretimen onsdag vite hva landbruksminister Lars Sponheim (V) har tenkt å foreta seg i sakens anledning.
– Vi mangler 3,3 millioner egg. Vil landbruksministeren senke tollvernet i den perioden norske produsenter ikke klarer å skaffe nok, spurte Hedstrøm.
Visepresident Inge Lønning (H) været straks en anledning til å vri av seg en vittighet der han tronet over ordskiftet i salen. – Har landbruksministeren et gullegg som svar på dette, spurte han. Salen humret.
– Ja, president, det kunne være fristende å si hver mann sin høne, repliserte Sponheim. Høylytt latter blant folkevalgte, pressefolk og betjenter". Men klart at Sponheim hadde eit poeng. Kven kunne ikkje tenke seg nylagt egg i eggekokaren til frukost.

Men akk, kor lenge var Adam i Paris, som ein seier. Egg frå frittgåande høns er blitt skumle.
"Free-range eggs 'contain five times as much pollution as those from caged birds"., seier forskarane her.
Så nå er eg heilt forvirra. Trur eg gir blaffen i heila greia. Ja ikkje i egga då. For du veit eg og egg...
Eg har lyst å leggje til at forfattaren og eggelskaren også er ein eminent fysikar som kan rekne ut koketida for egg i ei høgd av 1000 moh. der lufttrykk og kokepunkt krev realfagkompetanse av eggkokaren.
SvarSlett