torsdag 23. oktober 2025

Ei heilt vanleg – uvanleg – veke som styreleiar

Det finst veker som går stille forbi, og så finst det veker som denne. Den typen veke der kaffikoppen aldri rekk å bli tom, og der telefonen ringer så ofte at eg til slutt tek den med eit lite sukk – og seier:
«Ja hallo, det er styreleiaren med kaffikoppen!»

For denne veka har det vore liv i Sameiget. Takstmenn på taket, forsikringsdamer på tråden, like blide som
solstrålar, sjølv om det bles og regnar, og arbeidsfolk som vil ha tilgang til dei mest uventa stadene.

Kommunen har vore innom også – med planar og samarbeid om beredskap. Dei har både skjema og pågangsmot. Og midt i alt fekk me spora opp heimesjukepleien, som i kampen mot eit uvêr som best kan skildrast som vassrett, i farten hadde klart å setje att nøklane i sjølve inngangsdøra. Ein ny, og kanskje litt vel offentleg, variant av «ein trygg stad».

Folk frys, andre er for varme, og eg har etter kvart forstått at det er mykje ein styreleiar skal halde styr på – frå røyr og reglar til relasjonar og reklamasjonar.

Men det er også noko fint i alt dette. Sameiget lever. Folk bryr seg. Og midt i støyen, latteren og alle «har du eit minutt?»-samtalane, ligg eit fellesskap som faktisk fungerer – på sitt heilt eigne vis.

Så ja, det har vore ei heftig veke. Men eg har trass alt framleis både det kvite håret og fleirfarga håpet i behold. Og det er kanskje det viktigaste i eit sameige – ja, etter nøklane, sjølvsagt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar