Observasjon og tolking

fredag 29. oktober 2010

Bursdagsveka

Veke 44 er den store bursdagsveka i familien min. Tre personar frå tre ulike husstandar og generasjonar, får ny alder. Nokre vil feira det, andre vil helst ikkje bli minna om slikt lenger. Årsaka til det er fødeåret. Å væra født i 2001, i 1967 og i 1943 gir tre vidt ulike opplevingar. Ikkje berre det at alderen er ulik, men rammevilkåra som blei gitt dei nyfødde var så forskjellige.
Eg har nyssa litt i Statistisk sentralbyrå sine statistikkar og funne eindel fakta som vel har vore med å påverka korleis oppveksten til desse tre folka blei.
I nokre blogginnlegg framover vil eg fordjupa meg i nokre av dataene. Det eg iallfall ser utan nærare analyse, er som Bob Dylan seier at: " .. the times they are a-changin' "
Gunnar kl. 10:49

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

‹
›
Startsiden
Vis nettversjon

Om meg

Bildet mitt
Gunnar
Norway
Utdanna ved Universitetet i Bergen. Hovedfag i kjernefysikk 1968. Jobba med akseleratorteknologi i Norge, USA og Nederland. Arbeidd i vidaregåande skule med undervisning og administrasjon. Har 2 voksne barn som lever nå og 9 barnebarn. Har mista 2 søner og ektefelle.
Vis hele profilen min
Drevet av Blogger.