Vitjingar sidan 25.06.2010

Søk i denne bloggen

lørdag 6. desember 2025

Når minnet har halveringstid

hits

Som cand.real. med fysikk hovudfag, er eg opplært til å tru på bevaringslover. Energi kan ikkje oppstå eller forsvinna, han går berre over i nye former. Tyngdekrafta tek ikkje ferie. Eit atomnummer er det same på tysdag som på fredag.

I mange år jobba eg i team på tvers av landegrenser med å bygge akseleratorar for tunge atomkjernar.
Då var kravet den absolutte presisjon. Visst dukka det opp uventa fenomen, og visst måtte vi forkaste gamle teoriar når naturen viste oss noko nytt. Men det var alltid logisk. Det var fysikk. Viss noko gjekk gale, var det oftast ein teknisk feil – ikkje fordi maskina hadde "gløymt" kva ho skulle gjera, eller fordi ho hadde hatt ei dårleg natt.

Det var ei ryddig verd. Så vart eg pensjonist.

No lever eg midt i ein gjeng der skruane kanskje sit litt lausare enn før. Eg omgås flotte folk, vi er antikvariske skattar heile gjengen. Vi løyser verdsproblem over kaffikoppen og er skjønt samde om det meste. Men eg har oppdaga at informasjon blant oss over ein viss alder har ei forunderleg evne til å oppføre seg som ustabile isotopar: Han kan ha ekstremt kort halveringstid.

Det er fascinerande å observera. Ein avtale inngått klokka tolv, kan vere totalt fordampa klokka fire. Ikkje av vond vilje, men fordi naturen er rigga slik. Orden har ein lei tendens til å gli over i kaos heilt av seg sjølv.

Før ville eg blitt frustrert. Eg ville leita etter feilkjelda i systemet. Men så hugsar eg dei tretti åra eg stod i klasserommet.

Å undervise ungdom var å stå midt i ein orkan av energi. Det heldt meg ung, men det tvinga meg også til å sjå verda utan filter. Du kan ikkje bløffe ein 18-åring. Prøvde eg meg på ein halvvegs logikk, vart eg avslørt nådelaust. Der var det orden i kaoset: X var ukjend, men vi fann han til slutt. Fasiten fanst. Det var ein oase av logikk, og eg elska å sjå lyset gå opp i auga deira når brikkene stundom fall på plass. Mange saug til seg kunnskap, hjernane deira var ferske harddiskar klare for lagring.

No ser eg at livet har ein annan progresjon. Det er ikkje alltid så lett å finna den X-en lenger. Kanskje er det fordi harddisken vår rett og slett er full.

Men kanskje er det ikkje "feil" at vi gløymer heller. Kanskje er det berre naturen som fortel oss at vi skal
slappe av litt med detaljane. Som forskar måtte eg av og til bytte briller for å forstå nye fenomen. No har eg teke på meg aldersbrillene.

Gjennom dei ser eg at presisjon ikkje lenger er det viktigaste. Når minnet sviktar, må hjartet ta over. Vi må møte kvarandre med ei rausare hypotese: Det er ikkje så farleg om vi hugsar feil, så lenge vi vil kvarandre vel.

Mange er blitt mindre firkanta. Livet har slipt oss til, gjort oss rundare i kanten. Kanskje bommar vi litt på årstala og detaljane no, men du verda så mykje betre vi er blitt på å tole at ting er litt skeive.

Vi gløymer kanskje kva vi sa i går, men vi hugsar varmen frå eit smil. Den kjensla sit i kroppen mykje lenger enn alle verdsproblema vi løyste over kaffikoppen. Og det er kanskje den viktigaste naturlova av dei alle.